Tilbake til "Klag på 1-2-3"

Utsatt innsyn fordi innsyn vil skade samfunnsmessige eller private interesser

Kravet om innsyn er avslått etter § 5 (2): «Organet kan fastsetje at det i ei bestemt sak først skal vere innsyn frå eit seinare tidspunkt i saksførebuinga enn det som følgjer av §§ 3 og 4, såframt det er grunn til å tru at dei dokumenta som ligg føre, gir eit direkte misvisande bilete av saka, og at innsyn derfor kan skade klare samfunnsmessige eller private interesser.»

Dvs. innsyn er utsatt fordi innsyn vil gi så misvisende bilde av saken at det vil skade klare samfunnsmessige eller private interesser.

For det første stiller vi spørsmål ved hvilke interesser som kan bli skadelidende i dette tilfellet. Vi har problemer ved å se på hvilken måte innsyn kan skade enten samfunnsmessige eller private interesser. Vi viser i denne forbindelse til Ot.prp. 102 (2004-2005) som legger til grunn at terskelen for å utsette innsyn er høy:

«Eit av dei grunnleggjande omsyna bak offentlegprinsippet er nettopp at det skal bli mogleg for ålmenta å påverke avgjerdsprosessar i forvaltninga. Generelle reglar om utsett innsyn vil svekkje dette omsynet.

I visse spesielle tilfelle kan det likevel vere grunn til å utsetje innsynstidspunktet til eit dokument har komme fram til ein som det særleg vedkjem, eller til ei bestemd hending da dokumentet skal offentleggjerast, har funne stad. Eksempel på dette er utkast til eller endelege granskingsrapportar e.l. som blir oversende til den dei gjeld, eller til andre som saka vedkjem i særleg grad, eller dokument som avslører innhaldet i saker som skal offentleggjerast på eit bestemt tidspunkt, f.eks. bidrag til innsamlingsaksjonar o.l. Departementet foreslår ein ny regel om utsett innsyn med sikte på slike situasjonar.»

Vi viser også til Justisdepartementets rettleiar til offentleglova, der det bla. står:

«Vilkåra for å utsetje innsynstidpunktet etter denne føresegna er svært strenge. Den tilsvarande føresegna i offentlegheitslova 1970 § 4 vart lite brukt.
To vilkår må begge vere oppfylde for at tidpunktet for innsyn skal kunne utsetjast etter fyrste ledd. For det fyrste må det vere grunn til å tru at dokumenta som ligg føre på tidspunktet det er aktuelt å bruke føresegna, gir eit direkte misvisande bilete av saka. Det er dokumenta i seg sjølv som må gi eit misvisande bilete. At det er grunn til å tru at pressa eller andre, uavhengig av innhaldet i dokumenta, vil gi ei skeiv framstilling av saka, gir ikkje grunnlag for å nekte innsyn. Det er heller ikkje
nok at dokumenta gir eit noko ubalansert eller eit ikkje fullstendig bilete av kva saka dreier seg om. Det krevst at dokumenta gir eit kvalifisert misvisande bilete, og det er det samla inntrykket som er avgjerande. Dersom eitt av dei dokumenta som ligg føre gir eit klart misvisande bilete, men dette blir balansert ved hjelp av dei andre dokumenta i saka, vil såleis vilkåret ikkje vere oppfylt. Etter kvart som det kjem til fleire dokument i saka, kan det vere at dei samla sett ikkje lenger gir eit klart misvisande bilete, og det vil då ikkje vere høve til å nekte innsyn med heimel i fyrste ledd. Det kan i denne vurderinga ikkje takast omsyn til at opplysningar i dokument som det blir nekta innsyn i etter andre føresegner eventuelt ville balansert det biletet dei andre dokumenta i saka gir.

For det andre er det eit vilkår for å utsetje innsynstidspunktet etter § 5 fyrste ledd at innsyn kan skade klare samfunnsinteresser eller private
interesser. Skaden må ventast å oppstå fordi dokumenta gir eit direkte misvisande bilete av saka. Dersom offentleggjering av dokumentet vil
føre til skade av andre grunnar, vil det ikkje vere høve til å utsetje innsynstidspunktet etter denne føresegna. Skadeverknadene må vidare gjelde klare samfunnsinteresser eller private interesser, og det må må vere ein konkret fare for ein ikkje uvesentleg skade på desse interessene.

Tilfelle der det kan vere aktuelt å bruke denne føresegna, kan til dømes vere på eit tidleg stadium i saker der nokon rettar grove skuldingar mot ein bestemt tenestemann i eit forvaltningsorgan eller mot private. Føresegna vil etter omstenda òg kunne brukast på eit tidleg stadium i tenestemannssaker om avskil eller liknande og i granskingssaker.»

På denne bakgrunn ber vi om en ny vurdering av innsynskravet, og en nærmere begrunnelse for hvilke klare interesser man mener blir skadet på en sånn måte at det er nødvendig å nekte innsyn. Vi vil også minne om plikten til å utøve merinnsyn etter §11, som betyr at selv om det foreligger samfunnsmessige eller private hensyn som tilsier hemmelighold, må dette veies opp mot den offentlige interessen i dokumentet. Dokumentet gjelder en sak av stor offentlig interesse. Vi minner også om offentleglova § 1 som legger klare føringer for vurderingen av innsyn: » Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta.»

Tilbake til "Klag på 1-2-3"