Tilbake til "Klag på 1-2-3"

Opplysningene kan brukes til straffbare handlinger

Gjelder dokument:
Avslag datert:

Avslaget er hjemlet i § 24(3). Dette er utdypet i JDs rettleiar, punkt 8.11:

«For at det skal kunne gjerast unntak etter denne føresegna må for det fyrste dei aktuelle opplysningane vere av ein slik karakter at dei er nyttige ved utføring av straffbare handlingar. For det andre må det vere ei viss fare for at opplysningane faktisk vil bli brukte på denne måten. Det er ikkje noko vilkår at den som ber om innsyn kan mistenkjast for å skulle bruke opplysningane til kriminelle føremål, men opplysningane må objektivt sett kunne brukast slik.
Kjerneområdet for unntaket er opplysningar om konkrete sikringstiltak eller detaljert informasjon om vaktrutinar, alarmanlegg osv. Generell og nøytral informasjon om byggjemateriale, rominndeling, storleik osv. vil som regel ikkje vere omfatta av unntaket, sjølv om dette kan vere til hjelp ved straffbare handlingar (min utheving). For detaljerte teikningar av bygg og liknande vil det vere avgjerande kva bygg det er tale om. Til dømes vil det vere lite behov for å gjere unntak for detaljerte teikningar av vanlege kontorbygg, medan dette kan stille seg annleis for bygg som inneheld store verdiar eller som kan vere utsette for sabotasje. Detaljerte opplysningar om sikring av informasjonssystem i IKT-anlegg tilhøyrande forvaltninga kan også etter omstenda vere omfatta av dette unntaket.

Føresegna kan vidare gi høve til å gjere unntak for opplysningar som kan gjere utanforståande oppmerksame på moglegheita for å utføre ei straffbar handling. Dette kan til dømes dreie seg om opplysningar om tidspunkt for pengetransportar, detaljerte opplysningar om kvar det finst våpen, detaljerte opplysningar om kvar sjeldne fugleartar finst og liknande (min utheving).

Føresegna vil ikkje gi høve til å gjere unntak for opplysningar som er tilgjengelege frå andre og like pålitelege kjelder. Det er ikkje avgjerande at det er enklare å skaffe seg tilgang til opplysningane gjennom innsyn hos forvaltninga.

Spørsmålet om det er høve til å nekte innsyn må avgjerast ut frå situasjonen på tidspunktet da innsynskravet blir avgjort. Dette inneber at det til dømes ikkje vil kunne gjerast unntak for opplysningar om kontrollrutinar etter at rutinane er endra slik at opplysningane er forelda, med mindre opplysningane kan seie noko om dei nye rutinane.

Etter offentleglova § 24 tredje ledd andre punktum fyrste alternativ er det høve til å gjere unntak for opplysningar når dette er påkravd av di innsyn ville utsetje enkeltpersonar for fare. (…) Dette unntaket gir for det fyrste eit organ høve til å verne om kjeldene sine, til dømes dersom ei kjelde elles kunne bli utsett for represaliar eller fare dersom identiteten hans eller hennar vart kjend. Unntaket vil ikkje berre verne om dei som har gitt opplysningar direkte til forvaltninga, men også om kjelda og dei enkelte vidareformidlarane når opplysningane har gått gjennom fleire ledd.

Unntaket gjeld også utanom kjeldevernsituasjonar. Det kan såleis brukast på alle opplysningar der innsyn vil utsetje ein enkeltperson for fare, uavhengig av kor opplysningane kjem frå. Til dømes vil det vere høve til unntak der forvaltninga sit på opplysningar om at ein enkeltperson har stelt seg på ein slik måte at han kan bli utsett for represaliar frå eit kriminelt miljø eller frå regimet i ein diktaturstat. Unntaket vil gjelde uavhengig av kor personen som skal vernast oppheld seg og uavhengig av frå kven faren trugar. Føresegna må likevel tolkast slik at ho ikkje gir noko vern i tilfelle der risikoen går ut på at enkeltpersonar kan bli utsette for ei straffeforfølging eller liknande der forfølginga og moglege reaksjonar må reknast som legitime også ut frå norske tilhøve, til dømes der saka gjeld opplysningar om narkotikalovbrot i utlandet.»

Vi har problemer med å se at dokumentet skal inneholde opplysninger som er av en slik karakter at de rammes av unntaket her. Vi tillater oss å minne om at kritikk i seg selv ikke gir hjemmel for å unnta etter denne paragrafen.

Vi minner også om at unntaket kun gjelder opplysninger og ikke hele dokumenter. Dersom dokumentet vi har bedt om innsyn i inneholder enkeltopplysninger som er taushetsbelagt eller kan unntas, skal disse eventuelt sladdes, og restdokumentet leveres ut.

Videre understreker vi at § 24 (3) er et kan-unntak, det vil si at selv om det er hjemmel for å unnta, så er det ikke plikt til å unnta. Organet kan utøve merinnsyn etter § 11. Etter vårt syn må det tillegges vekt i en merinnsynsvurdering at det er et viktig dokument for samfunnet å få tilgang til, og at dette veier tyngre enn behovet for å unnta. Vi mener derfor man ut i fra en merinnsynsvurdering må gi innsyn, selv om bestemmelsen gir hjemmel for å unnta.

Dersom man fastholder unntaket, ber vi om at vår klage oversendes klageinstans uten ugrunnet opphold og med kopi til oss. Dersom klageinstans er Kongen i statsråd ber vi om å bli kontaktet før klagen oversendes, slik at vi får muligheten til i stedet å klage avgjørelsen inn for Sivilombudsmannen.

Tilbake til "Klag på 1-2-3"