Re: Arbeidsavtaler offentlige?

Presseforbundet Still spørsmål Still spørsmål Arbeidsavtaler offentlige? Re: Arbeidsavtaler offentlige?

#17896
Vidar Ystad
Gjest

Kva slags stillingar er det snakk om? Kven har avslege å gje innsyn?

Eg har fått innsyn i ei rad leiarlønskontraktar i staten.

Eg sit også med brevveksling mellom Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Justisdepartementet frå 2008 som handlar om innsynsretten i leiarlønskontraktar. Her er det mellom anna vist til Innst. O. nr. 41 2005-2006 som gjeld den nye offentleglova. Fleirtalet i komiteen slo då fast at den endelege arbeidsavtalen bør vere tilgjengeleg, med unntak for opplysningar som til dømes er underlagd lovbestemt teieplikt.

I eit endeleg svar frå Lovavdelinga, datert 4.2 2009 slår Justisdepartementet fast at «den endelige arbeidsavtalen vil ikke kunne unntas etter unntakene for interne dokumenter, men den vil kunne unntas helt eller delvis hvis den har et innhold som dekkes av de unntakene i offentleglova som baserer unntaksadgangen på et dokumentsinnhold. Dette vil nok bare unntaksvis være aktuelt, men kan tenkes der arbeidstaker har avtalt spesielle ordninger for å ta hensyn til sykdom eller sosiale problemer (offerntleglova §13 gørste ledd jf. forvaltningsloven §! 13 første ledd nr. 1) eller hvor vedkommende har oppgaver i samfunnets beredskapssystem (offentleglova § 21).»

Berre for å nemne det: Justisdepartementet gav innsyn i tilsettingsavtalen for den avgått PST-sjefen, Janne Kristiansen.

Justisdepartementet opplyste vidare i brevet til FAD at dei eksempla på leiarlønskontraktar som departementet hadde fått oversendt, ikkje inneheldt opplysningar som gjorde at kontraktane heilt eller delvis kunne unntakast frå innsyn.