Re: Offenleglova

#16989
Christer Alexander Jenson
Gjest

Ei stifting er underlagt offentleglova viss eit offentleg organ oppnemner meir enn halvparten av styremedlemma i stiftinga. Kor stiftinga sine midler kjem frå er ikkje relevant.

Viss Utkanten tennis hadde vore ei foreining kunne Peder Ås, viss han var medlem, kravd at styret gjorde rede for saka på årsmøtet.

Stiftelsestilsynet kan krevja gransking av stiftinger etter stiftingslova § 59. Men det vonar eg ikkje er særleg aktuelt her.

Peder Ås vil kunne krevje innsyn i kommunens saksdokument om bygginga, og som nabo hev han krav på nabovarsel.