Unntak fordi det letter kriminelle handlinger
Avslag datert:
Gjelder sak:
KLAGE OVER AVSLAG PÅ INNSYN
Vi minner for det første om at dette unntaket gjeld opplysningar, ikkje heile dokument.Det betyr at dersom det er hjemmel for å bruke bestemmelsen, gjelder det kun enkeltopplysninger, mens resten må frigis.
Vi stiller spørsmål ved om det er hjemmel for å bruke bestemmelsen.
Som grunnlag for dette viser vi til følgende fra Justisdepartementets rettleiar, s 146 flg, for første punktum: Avslaget er begrunnet med at «innsyn vil lette gjennomføringa av straffbare handlingar».
For at det skal kunne gjerast unntak etter denne føresegna må for det fyrste dei aktuelle opplysningane vere av ein slik karakter at dei er nyttige ved utføring av straffbare handlingar. For det andre må det vere ei viss fare for at opp lysningane faktisk vil bli brukte på denne måten.
Kjerneområdet for unntaket er opplysningar om konkrete sikringstiltak eller detaljert informasjon om vaktrutinar, alarmanlegg osv. Generell og nøytral informasjon om byggjemateriale, rominndeling, storleik osv. vil som regel ikkje vere omfatta av unntaket, sjølv om dette kan vere til hjelp ved straffbare handlingar. For detaljerte teikningar av bygg og liknande vil det vere avgjerande kva bygg det er tale om. Til dømes vil det vere lite behov for å gjere unntak for detaljerte teikningar av vanlege kontorbygg, medan dette kan stille seg annleis for bygg som inneheld
store verdiar eller som kan vere utsette for sabotasje. Detaljerte opplysningar om sikring av informasjonssystem i IKT-anlegg tilhøyrande for valtninga kan også etter omstenda vere omfatta av dette unntaket.
Føresegna kan vidare gi høve til å gjere unntak for opplysningar som kan gjere utanforståande oppmerksame på moglegheita for å utføre ei straffbar handling. Dette kan til dømes dreie seg om opplysningar om tidspunkt for pengetransportar, detaljerte opplysningar om kvar det finst våpen, detaljerte opplysningar om kvar sjeldne fugleartar finst og liknande.
Føresegna vil ikkje gi høve til å gjere unntak for opplysningar som er tilgjengelege frå andre og like pålitelege kjelder. Det er ikkje avgjerande at det er enklare å skaffe seg tilgang til opplysningane gjennom innsyn
hos forvaltninga. Spørsmålet om det er høve til å nekte innsyn må avgjerast ut frå situasjonen på tidspunktet da innsynskravet blir avgjort. Dette inneber at det til dømes ikkje vil kunne gjerast unntak for opplysningar om kontrollrutinar etter at rutinane er endra slik at opplysningane er forelda, med mindre opplysningane kan seie noko om dei nye rutinane.
For andre punktum (innsyn vil «utsetje enkeltpersonar for fare») viser vi til følgende, også fra JDs rettleiar, s 147, 148:
Dette unntaket gir for det fyrste eit organ høve til å verne om kjeldene sine, til dømes dersom ei kjelde elles kunne bli utsett for represaliar eller fare dersom identiteten hans eller hennar vart kjend. Unntaket vil ikkje berre verne om dei som har gitt opplysningar direkte til forvaltninga, men også om kjelda og dei enkelte vidareformidlarane når opp lysningane har gått gjennom fleire ledd.
(…) Unntaket vil gjelde uavhengig av kor personen som skal vernast oppheld seg og uavhengig
av frå kven faren trugar.
For tredje punktum (innsyn vil «lette gjennomføringa av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette, eller som er trua av utrydding». ) viser vi til følgende, fra satmmes sted i rettleiaren:
Unntak for opplysningar som kan lette gjennomføring av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette eller truga av utrydding Etter offentleglova § 24 tredje ledd andre punktum andre alternativ er det høve til å gjere unntak for opplysningar når det er påkravd av di innsyn vil lette gjennomføringa av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette, eller som er truga av utrydding.»
Alle de tre vilkårene over krever at innsyn må være «påkrevd». Ordlyden tilsier at det skal mye til. Videre må behovet for å unnta veies opp mot behovet for innsyn. Dokumentet gjelder sprørsmål av stor offentlig interesse.
På denne bakgrunn ber vi om en ny vurdering av avslaget og en begrunnelse for hvorfor det er «påkrevd» hvis dere fastholder avslaget, jf. offl. § 31(2). Videre ber vi om at klagen sendes over til klageinstans uten ugrunnet opphold, slik som er kravet i loven (§32(3)), og med kopi til meg.