Re: Studentskipnader

#17004
Christer Alexander Jenson
Gjest

Studentsamskipnader er sjølvstendige, sjølveigde rettssubjekt med ansvarsavgrensning. Dei er ikkje ein del av staten, treffer ikkje einskildvedtak eller føresegner, og har ikkje eigarar (og heller ikke offentlege eigarar). Etter offentleglova § 2 (1) (d) gjeld offentleglova hvis offentlege organ har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i styret.

Samskipnadslova § 6 gjev ikkje bestemmelser om høvetal i styret. Samskipnadsføresegna § 2 fastset at samskipnaden skal ha eit styre på mellom 5 og 9 medlemmer, og at studentorgana skal fastsetje styrets sammansetning.

Ein må difor sjå på den einskilde samskipnad. Der studentane hev fleirtal i styret fell samskipnaden ikkje innafor offentleglova. Det er berre der utdanningsinstitusjonen åleine hev fleirtal i styret at samskipnaden er innafor offentleglovas verkeområde.

Ein samskipnad hev rekneskaps- og revisjonsplikt, jfr. samskipnaslova §§ 7 og 8. Årsrekneskapet er offentleg. Departementet hev tilsynsrett og -plikt, og departementets dokument vil vera omfatta av offentleglova.