Re: Lukking av rettssaker

#18534
ÅBB
Gjest

Takk for svar. Eg har bede om innsyn i kjennelsane om lukka dører i saka, og har fått til svar at kjenneslen ikkje vert offentleggjord av omsyn til privatlivets fred (paragraf 130). Dette framstår for meg som underleg i lys av det saka handlar om. Men: Kva ligg i omgrepet «privatlivets fred»? Er det verkeleg opp til retten åleine å bruka skjøn og avgjera slike spørsmål? Finst ingen klage- eller kontrollmogelegheiter? Dette tyder i så fall at dersom ein kjem ut for «feil» dommar av den typen som lett gjev etter for press frå partane i saka og legg meir vekt på kjensler enn fakta, så står me på bar bakke og har ingenting me skulle ha sagt?