Re: Innsyn i Ordførerens lønnsslipper

Presseforbundet Still spørsmål Still spørsmål Innsyn i Ordførerens lønnsslipper Re: Innsyn i Ordførerens lønnsslipper

#18626
IKA Møre og Romsdal v. Arnt Ola Fidjestøl
Gjest

Hei, eg håper innsynsbegjærar er mest opptatt av korrekt framgangsmåte hos kommunane og ikkje i kva grad han får innsyn i lønnslippen. Offentleglova sin intensjon er jo å sikre openheit i forvaltninga. Dersom innsynsbegjærar ber om lønnsopplysningar og kommunen tilbyr det, har eg vanskeleg for å sjå problemet med at innsynsbegjærar presiserer kvifor han på død og liv skal ha lønnslippen. Eg antar at «ønsker innsyn» ønsker seg eit velfungerande demokrati og då er samspel eit stikkord.

Eg har imidlertid sansen for at utfordringa «ønsker innsyn» har gjeve kommunane, og håper tilliks med andre her inne at resultatet vert publisert. Interessant korleis landets fylkesmenn responderer på dette. Kanskje offentleglova treng ei modifisering allereie?