NN mot Sunnhordland

PFU-sak 249/09


SAMMENDRAG:

****

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld Sunnhordland si dekking av ei rettssak kor ein ung mann sto tiltalt for vald, mishandling og trugsmål mot to tidlegare sambuarar. Klagar er far til tiltalte, og han klagar med samtykke frå sonen. Slik klagaren ser det, er omtalen av rettssaka førehandsdømande, krenkjande og vinkla på ein vondsinna måte. Klagaren meiner også at journalisten har teke parti med aktor. I tillegg fortel han at fleire i familien har blitt sjuke etter publiseringane.

Sunnhordland avviser klagen, og meiner det nærast ville vore i strid med pressa si samfunnsrolle ikkje å omtale «ei så omfattande valdssak». Etter avisa sitt syn har redaksjonen teke dei omsyn som er naudsynte. Avisa peikar mellom anna på at ingen av partane er identifiserte. Sunnhordland kan heller ikkje sjå at redaksjonen har gått lenger enn det er dekning for, og opplyser at han tvert om har unnlate å skrive mykje som ville gått i disfavør av tiltalte.

Pressens Faglige Utvalg konstaterer at det i det påklaga tilfellet dreier seg om referat frå retten, og at avisa refererer frå forklaringane til begge partar. Dette bidreg til å skape ein viss balanse i dekkinga av rettssaka. Men også kva journalisten vel å fortelje frå det som blei sagt i retten, og måten dette blir presentert på, speler ei rolle for kor balansert dekkinga blir totalt sett. Av omsyn til rettstryggleiken skal det stillast høge krav til balansen i rettsreferata; det er domstolen som skal døme, ikkje pressa.

I det påklaga tilfellet merkjer utvalet seg at Sunnhordland har sitert flittig frå retten, og slik utvalet ser det, er dette med på å gjere referata svært utførlege. Utvalet legg likevel vekt på at avisa har unnlate å bringe fleire detaljerte opplysningar som ville gjort dekkinga av rettssaka ytterlegare tyngjande for tiltalte.

Utvalet noterer seg vidare at eit av vitna blir omtalt som «desperat» i ein av titlane. På generelt grunnlag vil utvalet mane pressa til å vere særleg varsam med ein slik type karakteristikk, særleg i rettsreferat, ettersom det kan gi preg av ein einsidig og lada omtale. I det påklaga tilfellet finn utvalet at det likevel er innanfor det ein må kunne akseptere.

Slik utvalet ser det, må det også kunne leggjast avgjerande vekt på at dei involverte personane i den aktuelle rettssaka er anonymiserte og ikkje blir identifiserte ut over den krets som allereie måtte kjenne til saka.

Etter ei samla vurdering finn utvalet at Sunnhordland ikkje har brote god presseskikk.

Oslo, 17. desember 2009

John Olav Egeland,
Halldis Nergård, Hege Lyngved Odinsen,
Ingeborg Moræus Hanssen, Camilla Serck-Hanssen, Henrik Syse