Jostein Ness mot Firda

PFU-sak 246/06


SAMMENDRAG:

Firda hadde lørdag 9. desember 2006 hovedoppslag på første side med tittelen «Trippel-tiltale for bedrageri». Henvisningsteksten:

«Begge eigarane og ein tilsett i treningssenteret (firmanavn) er tiltalt for grovt bedrageri. Statsadvokaten meiner at dagleg leiar Cecilie S. Tvinde, hovudaksjonær (NN) og kona til (NN) har juksa med dokument slik at ekteparet (NN) urettmessig fekk ut 200.000 kroner i fødselspengar.»

Inne i avisen er tittelen «(Firmanavn)-eigarana tiltalt for grovt trygdebedrageri». Ingressen:

«Eigarane av (firmanavn), (NN) og Cecilie Schrøder Tvinde, er tiltalt for grovt bedrageri mot Førde trygdekontor. Tiltalen omfatter også kona til hovudaksjonær (NN).»

Utdrag fra brødteksten:

«Ifølgje tiltalen frå statsadvokat Yngve Johs. Andersen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal skal dei tre ha juksa med eit skjema for innmelding av inntekts- og skatteopplysningar, slik at ekteparet (NN) fekk utbetalt altfor mykje fødselspengar. (…)

Til saman dreier det seg om 176 855 kroner i fødselspengar til kona til (NN), som jobba på treningssenteret (firmanavn), og 24 060 til ektemannen. Til saman over 200 000 kroner. Påtalemakta meiner at kona til hovudaksjonæren berre hadde ei lita stilling, medan dei tre tiltalte har ført opp at ho hadde 100 prosent stilling.»

I to undersaker kommenterer den daglige lederen og hovedaksjonæren oppslaget.

«Tvinde: – Eg vart misbrukt

– Eg vart villeia og misbrukt, og føler at denne tiltalen er frykteleg urettferdig, seier Cecilie Schrøder Tvinde, aksjonær og degleg leiar i (firmanavn). Ho seier til Firda at ho skreiv under skjemaet om inntekts- og skatteopplysningar etter påtrykk frå (NN).»

«(NN): – Tiltalen er grunnlaus

– Eg er overraska og uforståande til tiltalen, og eg kjem til å kjempe med nebb og klør for å bevise at kona mi og eg er uskuldige. Slik kommenterer hovudaksjonær (NN) tiltalen som han vart kjend med denne veka.

(NN) og advokat Rune Tysse, som er forsvarer for ekteparet, sier til Firda at det ikkje er ført opp ein for høg sum i det omstridde skjemaet som gav grunnlaget for fødselspengar.»

KLAGEN:

Klageren er en privatperson i Førde. Han klager med samtykke fra omtalte (NN). Han opplyser at han ikke kjenner noen av de involverte, men har på anmodning fra sekretariatet innhentet skriftlig samtykke fra (NN). I klagebrevet heter det:

«Eg meiner dette er ei privatsak som ikkje angår allmenta. Ingen er heller dømde for noko lovbrot. Berre den komande rettsprosessen vil vise om dei er skuldige. Saka er heller ikkje av eit slikt omfang at den ”krev” offentliggjering med identifisering av dei sikta. Viser i den samanheng til store trygdebedrageri innan drosjenæringa i Oslo. Eg har ikkje sett at media har namngitt de sikta i dei aktuelle sakene der….

Eg kjenner ingen av dei involverte i saka eg kjem med. Eg kan heller ikkje sjå at dei er ”offentlege personar”, på annan måe enn ein drosjeeigar, sjølv om dei er eigarar av eit helsestudio.»

TILSVARSRUNDEN:

Firda opplyser at man hadde en grundig gjennomgang av om partene skulle identifiseres før man publiserte den påklagede artikkelen. Deretter heter det punktvis i tilsvaret:

«Det som tala for identifisering var følgjande:

* Eigarstriden (i(firmanavn); sekr. anm.) og uroa har tidlegare vore mykje omtalt i Firda. Konflikten knytt til tiltalen om trygdebedrageri er hovedgrunnen til dette.
* Treningssenteret er sterkt profilert i lokalsamfunnet, mellom anna var dei fire ordførarane i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster til stades da senteret opna ei ny avdeling hausten 2006.
* Hovudaksjonær (NN) har høgare økonomisk utdanning (siviløkonom) og han jobbar som økonomikonulent i Helse Førde, jamfør relevans i tiltalen.
* Dersom ein ikkje identifiserar bedrifta og de to eigarane, kunne det kaste mistanken over på andre, uskuldige bedrifter og personar i same bransje. Det er ikkje mange treningsstudio i Førde og Sunnfjord.
* Dagleg leiar Cecilie S. Tvinde gav klart uttrykk for at ho ønskte identifisering, fordi ho meiner lesarane uansett ville vite kven tiltalen gjeld. (NN) vart fortalt at Tvinde ønskte identifisering, og han sa då han også ville stå fram med namn. Advokatene til dei to var til stades og kan stadfeste dette.
* Vi valde ikkje å identifisere kona til (NN), med den grunngjeving at ho er mindre sentral i eigarkonflikten i selskapet.

Det er også grunnar for ikkje å identifisere, særleg det som gjeld urimeleg belastning for tredjeperson. Sidan både Schrøder Tvinde og (NN) gav grønt lys for at vi brukte namna deira, vurderte vi det slik at dette punktet ikkje vart avgjørande.»

Klageren mener avisens tidligere omtale av konflikten i (firmanavn) var akseptabel, men anfører at «(E)it eventuelt trygdebedrageri av fødselspengar, er etter mitt syn ei høgst privat sak. Dei tiltalte personane er ikkje så ”offentlege” at allmenta har krav på denne informasjonen. Og INGEN er dømt for lovbrot.» Klageren anfører at også hovedaksjonærens ektefelle er identifisert, selv om hun ikke er navngitt.

Firda har ikke hatt ytterligere kommentarer.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjelder Firdas omtale av en tiltalebeslutning mot hovedaksjonæren og hans ektefelle, samt den daglig lederen, ved et treningssenter i Førde. Klageren, en privatperson i Førde, klager med samtykke fra hovedaksjonæren på at vedkommende ble identifisert. I klagen anføres det at det kun dreier seg om en tiltale, at ingen er dømt, og at det handler om en privat sak som allmennheten ikke har krav på å få vite noe om.

Firda avviser klagen. Avisen anfører at konflikten ved bedriften har vært omtalt tidligere og er profilert i lokalsamfunnet, at hovedaksjonæren selv aksepterte navngivningen og at man ville unngå å kaste uberettiget mistanke mot andre i samme bransje.

Pressens Faglige Utvalg viser på generelt grunnlag til at det er en naturlig del av pressens oppgave også å omtale rettsprosessene. Samtidig er det på dette området særlig viktig å vurdere hvilke belastninger det kan medføre å omtale enkeltpersoner som eksempelvis er tiltalt.

I det påklagede tilfellet dreier det seg om at påtalemyndigheten har reist tiltale for mulig bedrageri. Utvalget finner det helt naturlig at Firda omtalte dette, og finner også, i lys av tidligere omtale og tiltalens innhold, at det heller ikke var unaturlig å identifisere de ledende personene i selskapet. Utvalget registrerer også at hovedaksjonæren, som det er klaget på vegne av, selv aksepterte identifiseringen.

Firda har ikke brutt god presseskikk.

Oslo, 27. februar 2007

Odd Isungset,
Hilde Haugsgjerd, Marit Rein, John Olav Egeland,
Ingeborg Moræus Hanssen, Eva Sannum, Trygve Wyller