Ivar Hauge mot NRK

PFU-sak 207/01


SAMMENDRAG:
NRK Sogn og Fjordane radio sendte tysdag 11. desember 2001 fleire nyheitsinnslag der det vart hevda at ein namngjeven politijurist har sagt opp grunna rot og manglande styring i Sogn politidistrikt. Etter at politijuristen trekte oppseiinga på grunn av NRK-oppslaget, vart meldinga endra.
I meldinga står det blant anna:
«Politijurist Ivar Hauge har sagt opp stillinga si ved Sogn politidistrikt og årsaken er rot og mangel på styring. Oppsigelsen kommer bare få dager etter et politimester Kjell Ese ble ansatt som politimester i den nyopprettede Sogn og Fjordane politidistrikt».
Og:
«Politijurist har sagt opp i frustrasjon over ledelsen ved Sogn politidistrikt».
Og seinare:
«Hauge vil ikke si noe om begrunnelsen til at han nå slutter som jurist, men NRK Sogn og Fjordane vet at Hauge ikke har noen ny jobb å gå til. Sentrale kilder sier også at Hauge slutter i frustrasjon og irritasjon over manglende styring ved Sogn politikammer».
Utskrift frå meldingane er vedlagt.
KLAGAREN:
Klagaren, politijurist Ivar Hauge, hevdar at NRK Sogn og Fjordane feilaktig har oppgjeve «rot og manglande styring» og «frustrasjon over leiinga» som årsak til hans oppseiing. Klagaren tar «på det sterkaste avstand frå påstandane», og viser til at han etter NRKs dekking av saka har trekt tilbake oppseiinga . Vedlagt klagen følgjer det ei stadfesting der klagaren, politimeisteren og påtaleleiaren i Sogn politidisktrikt har underskrive på at det ikkje er «dei påståtte samarbeidsforholda mv. som skulle ha ført til at Hauge sa opp stillinga si».
Klagaren viser til at han blei oppringt av ein journalist frå NRK Sogn og Fjordane kvelden før nyheitsinnslaget. «Han innleia med å spørje om det var spesielle årsaker til at eg no hadde sagt opp stillinga mi i politiet, noko eg svara at det ikkje var?Samtalen vart i underkant av eit minutt».
Klagaren reagerte derfor sterkt då NRK likevel melde at rot og manglande styring var årsaka til hans oppseiing, og vidare at «Ivar Hauge ønskjer ikkje å kommentere saka». Etter at klagaren kontakta NRK, vart innslaget tatt av lufta.

TILSVARSRUNDEN:
NRK Sogn og Fjordane viser til at dei fekk eit tips om at klagaren «hadde sagt opp måndag i frustrasjon over manglande organisering av arbeidet ved kammeret. Hauge hadde fortalt dette til ein jurist då dei var på veg til ei rettssak, han hadde også sagt at han ikkje hadde nokon ny jobb å gå til . Hauge var svært frustrert over måten politimeister Ese og politiinspektør Ronny Ideen leia kontoret på?.Tipsaren sa han ville ringe NRK om dette, og Hauge hadde ikkje innvendingar mot det. Men då vi ringde Hauge heime om kvelden avviste han problemstillinga. Det var heilt andre grunnar til at han hadde sagt opp og han hadde ikkje noko å utsette på politimeisteren».
NRK viser til at redaksjonen kontakta politimeisteren, men at han ikkje trudde oppseiinga hadde noko med leiarstilen hans å gjera. «Vi sjekka attende til tipsaren som stod fast på kva Hauge hadde sagt. Vi snakka også med andre i politikrinsar som hadde høyrt Ivar Hauge snakke om frustrasjonar, og klaga over at hans forslag til løysingar ikkje vart høyrde av leiinga. Vi kjende oss såleis trygge på at dette var sant, sjølv om hovud-personen hadde fått kalde føter» . NRK innrømmer at «vi kunne sjølvsagt ha teke endå ein telefon til Ivar Hauge. Men at Hauge og leiinga ved Sogn politidistrikt hevdar at dette ikkje er ei sak, .., betyr ikkje at det ikkje var ei sak. Det er heller eit prov på at det var ei ømtåleg sak, som no skal dyssast ned og glattast over, og framstilt som skapt av media».
Klagaren opplyser at han veit kven NRKs kjelde er, men at han ikkje kjenner seg igjen i den beskrivelsen NRK legg til grunn. Klagaren viser også til at han overfor NRK har avvist påstandane om oppseiingsårsak. «NRK sier videre i sitt tilsvar at de kontaktet politimester Kjell Ese, og etter min mening beviser det kun at NRK ikke hadde grunn til å velge å publisere påstandene, snarere tvert imot».
Klagaren viser også til at det var hans ønskje om å starte eigen advokatpraksis som var årsaka til oppseiinga. «Grunnet NRKs fremstilling av saken følte jeg meg tvunget til å endre planene, dvs. forskyve oppsigelsepunktet. Jeg vurderte det som den beste måten å markere avstand til det NRK publiserte».
NRK Sogn og Fjordane viser til at «uvanleg lang sakshandsaming, forklart med mangel på politijuristar var hovudgrunnen til at Hauge si oppseiing var ei sak, og den vart forsterka av at oppseiinga kom tre dager etter at politimeisteren i Sogn, Kjell Ese, vart utnemnd til politimeister for heile Sogn og Fjordane. Hauge hadde uttrykt frustrasjon over både måten Ese leia kammeret på og den lange sakshandsaminga (jamf.førre brev). At Hauge no i ettertid vil kome seg vekk frå dette er lett å skjøne, all den tid han fann det best å trekkje oppseiinga si, og halde fram under dei same leiarane som han hadde kritisert».

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALAR:
Klagen gjeld fleire nyheitsinnslag i NRK Sogn og Fjordane radio i forbindelse med at ein namngjeven politijurist sa opp jobben sin. Det blir opplyst at årsaka er rot og manglande styring ved politikammeret. Klagaren, den omtalte politijuristen, avviser at samarbeids-forhold og rot er bakgrunnen for oppseiinga. Klagaren viser til at han avviste påstandane om oppseiingsårsak overfor NRK, og reagerer på at kanalen ikke tok hensyn til det i meldinga.
NRK Sogn og Fjordane viser til at dei fekk eit tips om at klagaren hadde sagt opp i frustrasjon over manglande organisering av arbeidet ved kammeret. Ifølgje NRK skal ikkje klagaren ha hatt innvendingar mot at tipsaren gjekk vidare til NRK med desse oppplysningane. NRK innrømmer likevel at klagaren avviste påstandane då redaksjonen tok kontakt med han kvelden før sendinga. Vidare hevdar NRK at andre kjelder i politikrinsar stadfesta at klagaren skal ha vore frustrert over jobbsituasjonen, og at kanalen difor kjende seg trygg på at historia var sann, sjølv om ?hovudpersonen hadde fått kalde føter?.
Pressens Faglige Utvalg meiner NRK Sogn og Fjordane var i sin fulle rett til å omtala klagarens oppseiing og mulige motiv bak denne. Utvalet merkar seg imidlertid at at klagaren overfor NRK har avvist at det låg noko spesiell årsak bak oppseiinga, og at heller ikkje arbeidsgjevaren har kjent til ein slik grunn.
Utvalet konstaterer at NRK, etter tips frå ei anonym kjelde, likevel fastslår at rot, frustrasjon og mangel på styring er bakgrunnen for oppseiinga. Ut frå det som er framlagt kan ikkje utvalet sjå at NRK har dekning for slike påstandar. Utvalet legg vekt på at redaksjonen ikkje tok hensyn til klagarens avvisning av desse påstandane, men fullt ut valde å stola på tipsarens versjon. Utvalet vi ser til Vær Varsom-plakatens punkt 3.2, der det heiter: » Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt, er korrekte. Dersom det vert brukt anonyme kjelder, må det stillast særlege krav til kjeldekritikken».
På dette punktet har NRK Sogn og Fjordane brote god presseskikk.

Fredrikstad, 19. februar 2002
Catharina Jacobsen,
John Olav Egeland, Liv Ekeberg,
Grete Faremo, Jan Vincents Johannessen, Marvin Wiseth

FOR OFFENTLEGGJERING I RELEVANT SENDETID:
«Pressens Faglige Utvalg (PFU), som er klageorgan for norske medier, har handsama ei klage frå ein politijurist etter at NRK Sogn og Fjordane omtala hans oppseiing og bakgrunnen for denne. Utvalet meiner NRK Sogn og Fjordane måtte kunne fortelja om klagarens oppseiing og mulige motiv bak denne, men kan ikkje sjå at NRK hadde dekning for å slå fast at årsaka var rot og samarbeidsproblem. Utvalet legg vekt på at klagaren overfor NRK har avvist at det låg noko spesiell årsak bak oppseiinga., og viser til Vær Varsom-plakaten, der det blant anna heiter: » Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt, er korrekte. Dersom det vert brukt anonyme kjelder, må det stillast særlege krav til kjeldekritikken». Det er på dette punktet utvalet meiner NRK Sogn og Fjordane har brote god presseskikk.»