Morten Haavik mot Sunnmørsposten

PFU-sak 184/99


SAMMENDRAG:
Sunnmørsposten hadde tysdag 9. november 1999 ein nyheitsreportasje med framside-tittelen «Skremde av 50-årsfest». I ingressen står det:
«Klokka 03.15 natt til søndag vakna naboar til grendahuset på Mork i Volda av fryktelege smell, og gjekk i dekning i frykt for at ein våpendesperado var laus. Smella kom frå fyrverkeriet ved 50-årsfesten til lensmannsførstebetjent Morten Haavik i Volda. -Eg trudde nokon hadde gått berserk med hagle, seier Tore Egset, nabo til festlokalet».
Inne i avisa er tittelen «50-årsfeiring skapte frykt» , og i ingressen står det blant anna:
«Ein mann fleire hundre meter frå staden ringde politiet i rein frykt. Bråket kom frå lensmannsførstebetjent Morten Haavik si 50-årsfeiring».
I teksten går det fram at det var fleire kollegar av Haavik på festen, «men så langt Sunnmørsposten kjenner til var det ikkje Haavik eller nokre av dei andre polititenestemennene som stod bak det nattlege bråket». I følgje avisa trudde Tore Egset og kona Turid Andersen at nokon hadde gått berserk med hagle. Dei forklarar at smella høyrdest ut som skotlydar frå eit gevær, og at dei skal ha lagt seg i skjul i frykt for å bli skotne.
Egset seier til avisa at «det gjer ikkje situasjonen betre at hovudpersonen på festen er politimann». Også andre naboar skal ha reagert å skytinga, og politiet stadfestar at dei har motteke melding om hendinga, og at det ikkje har vore søkt løyve til bruk av fyrverkeri.
Under eigen tittel, «- Visste ikkje noko» , kjem lensmann Morten Haavik til orde. Han uttalar at han ikkje var kjend med oppskytinga. » Eg vart henta ut først etter at det var tend på». Haavik har ingen kommentar til at hendinga kunne bli politietterforska.
Onsdag 10.12.99 kom Sunnmørsposten med ein ny artikkel, med framsidevisinga «50-årsfest blir etterforska» . Innsidetittelen er den same, og i ingressen står det:
«Politimeister Arne S. Karoliussen har gjeve lensmannen i Volda i oppgåve å etterforska kva som skjedde då det vart send opp rakettar på lensmannsførstebetjent Morten Haavik sin 50-årsfest».
I teksten går det fram at politimeisteren vil ha kartlagt kva som skjedde, og slår fast at «saka ikkje berører Haavik. Dette fordi Haavik ikkje skal ha visst noko om oppskytinga på førehand. ? Haavik kan ikkje vera ansvarleg for noko som har skjedd utan hans vitande, seier Karoliussen» . Lensmannen i Volda, Rune Mørkedal, stadfestar at Morten Haavik vil bli kalla inn til avhøyr. «Ikkje fordi Haavik er mistenkt for å stå bak oppskytinga, men fordi det var han som stod bak festen».
KLAGEN:
Klagaren, Morten Haavik, påpeikar at han ikkje kjende til fyrverkeriet, og reagerer på at «min tittel som førstebetjent med fullt namn stod å lese på første side. Ikkje «drapsmenn» ein gong, vert identifisert som gjort på denne måten». Han viser til at «festen var for Morten Haavik, og ikkje førstelensmannsbetjent Morten Haavik»
TILSVARSRUNDEN:
Sunnmørsposten viser til at Haavik kjem til orde under eigen tittel, «-Visste ikke noko». Når det gjeld dekkinga av festen, viser avisa til at den ikkje har gjeve detaljar frå festen «ut over det bråket som naboane reagerte på. Dette må naboane ha rett til å ytre seg om, og ei slik hending må utan tvil ha offentleg interesse».
Når det gjeld bruken av namnet på Haavik, peiker avisa på at klagaren i kraft av si stilling må tåle «eit ekstra sterkt lys på ei slik hending». Avisa peikar også på at folk vil vera «ekstra merksame på at pressa og politiet er like påpasselege som elles på å få fakta på bordet».
Sunnmørsposten understrekar at det i begge artiklane går klart fram at Haavik ikkje var ansvarleg for oppskytinga, og «minner om at Haavik sjølv uttalte seg om saka til avisa».

Klagaren hevdar i sitt tilsvar at han vart uthengt «kun fordi han var politimann» . Klagaren stiller også spørsmål ved at han skal tåla meir enn andre. «Å bli uthengt på denne måten , har neppe skjedd tidlegare, og eg vonar Sunnmørsposten for ettertid handsamar også politifolk på ein meir verdig måte». Klagaren viser til at det var journalisten som tok kontakt med han, og meiner at med dei «fakta som han fekk på bordet, var dette ikkje grunnlag for det oppslaget som stod i Sunnmørsposten 9.11.99».
Sunnmørsposten har ingen ytterlegare kommentar.
PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjeld ein nyheitsartikkel i Sunnmørsposten om at det vart brukt fyrverkeri på natterstid for å heidra ein lensmannsbetjent som hadde bursdag. Klagaren, den omtala betjenten, reagerer på at avisa brukte namnet og tittelen hans i reportasjen, og hevdar at han ikkje kjende til fyrverkeriet. Klagaren meiner avisa heng han ut fordi han er politimann, og viser til at bursdagsfeiringa var eit privat lag.
Sunnmørsposten meiner det går klart fram at den omtala betjenten ikkje var ansvarleg for oppskytinga, og viser til at klagaren får koma til orde i reportasjen. Avisa meiner den måtte kunne dekka festen og fyrverkeriet som fleire av naboane reagerte på, og legg til at klagaren i kraft av si stilling må tåle eit ekstra sterkt lys på ei slik hending.

Pressens Faglige Utvalg meiner Sunnmørsposten var i sin fulle rett til å omtala den nattlege rakettskytinga under 50-årsfeiringa til lensmannsbetjenten, og konstaterer at fleire hadde reagert på hendinga, samt at politiet var blitt oppringt av folk på grunn av smella.
Etter utvalets syn måtte avisa kunne opplysa om bakgrunnen for rakettskytinga, samt kven som var 50-årsjubilanten. Utvalet legg til grunn at lensmannsbetjenten i reportasjen ikkje er skulda eller mistenkt for å stå bak rakettskytinga, og at han fekk koma til orde med sin versjon av hendinga.
Sunnmørsposten har ikkje brote god presseskikk.
Oslo, 25. januar 2000
Sven Egil Omdal,
Odd Isungset, Catharina Jacobsen, Thor Woje,
Helen Bjørnøy, Jan Vincents Johannessen