Rådmann Einar Landmark; Ordfører Knut Harstad mot Bygdebladet (Ørskog)

PFU-sak 117/02


SAMMENDRAG:
Bygdebladet , som dekker kommunene Vestnes, Ørskog, Stordal, Skodje og Haram i Møre og Romsdal, hadde 26. juni 2002 en lederartikkel med tittelen » Det merkelege val i Ørskog «. Lederartikkelen gjengis her i sin helhet:

«Jørn Tore Giskemo (SP) skal ta vidare utdanning og må erstattast i Ørskog formannskap. Etter varalista som blei sett opp ved konstitueringa av kommunestyret skulle dette vere ei kurant sak. Per Kåre Lukkedal (V) står som fyrst i vararekka og skal dermed etter vanleg oppfatning av praksis rykke opp til fast plass.

Men dette skjer ikkje utan vidare. Rådmannen tilrår ? uten kommentar i sakspapira ? at 3. varamedlem Målfrid Sjåstad (SP) skal inn på den faste plassen i formann-skapet. Ordførar Knut Harstad støtter denne merkverdige tilrådinga og skal ha fått eit slags juridisk belegg i Kommunenes Sentralforbund for at dette er korrekt.

Overfor Bygdebladet har fylkesmannen sin saksbehandlar gjort det klart at dette går ikkje. Det er rett og slett feil.

For folk flest er det neppe behov verken for Kommunenes Sentralforbund eller fylkesmannen til å rettleie om kva som er rett og gale i dette tilfellet. Når det er stilt
ei felles liste til formannskapet burde det ikkje finnes tvil om at 1. varamedlem rykker opp når nokon går ut av dei faste medlemane.

At det i dette tilfellet er ein Venstre-mann som får plassen, er heilt underordna. Ved konstitueringa blei det ikkje satt fram krav om forholdstalsval. Dette er ein realitet ingen burde forsøke å kome seg i frå når det som i dette tilfellet oppstår ein ny situasjon.

Grunngjevinga frå rådmann og ordførar er også pinleg tynn når dei prøver å unngå realitetane ved å hevde at felleslista til formannskapet berre var ei formsak: «I realiteten var det eit slags forholdstalsval som skulle avspegle styrkefordelinga i kommunestyret.»

Det har gjennom åra vore mange hestehandlar ved konstitueringa av kommune-styret. Bl.a. blei ein suveren valvinnar Ragnar Bakken og Venstre i forrige periode meir eller mindre sett fullstendig til sides. Eit fleirtal av dei øvrige partia samla seg og brukte og hadde makta og den formelle retten.

I dette tilfellet blir det gjort forsøk på å kome seg vekk frå det ein sjøl var med på. Kva den einskilde kan ha tenkt om forholdstalsval eller ikkje er uinteressant. Det avgjerande er kva som blei gjort.

Sjølve saksframstillinga er også underleg. Rådmann Landmark har gått aktivt inn i den politiske prosessen og peika ut kven som bør få plass i formannskapet og ikkje. Det er i sakspapira ikkje gjeve noko opplysning om bakgrunnen for dette. At ei politisk gruppe forsøker eit slikt framstøt ville vere underleg nok, men at rådmannen køyrer fram saka på denne måten er ganske uforståeleg. Det blir ofte snakka nedsettande om politisk verksemd. Vi opplever derimot den daglege politiske aktiviteten prega av god framferd og vilje til det beste. Det som derimot skjer i Ørskog omkring denne saka er lite oppbyggande. Det burde vere unødvendig med juridiske krumspring og eit slags skjønn for å oppnå et for nokon ønskeleg resultat. Dette er ei framferd som kan sette politikken i bygda i miskreditt.»

Tre dager senere , 29. juni 2002 , brakte avisen to separate leserinnlegg – det ene signert ordføreren i Ørskog kommune og det andre signert rådmannen. Begge leserbrev gir tydelig uttrykk for uenighet med innholdet i lederartikkelen (over).

3. juli 2002 bringer Bygdebladet en ny leder om saken, der punkter i leserbrevene blir imøtegått og der poenger fra lederartikkelen 26. juni blir gjentatt.

KLAGEN:
Klagere er rådmannen (klager A) og ordføreren (klager B) i Ørskog kommune. Det heter først i rådmannens klage:

«Eg meiner klart at redaktøren her opptrer langt utafor det som kan aksepterast. Han har kome med påstandar om at rådmannen har gått ?aktivt inn i den politiske prosessen og peika ut kven som bør få plass i formannskapet ? og at rådmannen viser ei framferd ?som
kan sette politikken i bygda i miskreditt?. Han stiller sågar rådmannen si påståtte framferd opp mot den daglege politiske aktiviteten, som han karakteriserer som ? Prega av god framferd og viIje til det beste?. Når han så får opplyst at den handlinga som han baserer sine karakteristikkar på, ikkje er utførd av rådmannen, trekk han ikkje attende sine skuldingar eller beklagar. Han ignorerer fakta.»

Klager A viser til at selv om det i saksfremlegget sto «Rådmannen legg saka fram med slik innstilling?», så er dette en standard mal og redaktøren burde forstått at dette dreier seg om en sak på det politiske området, ikke det administrative. » Det burde ringt en bjelle hos redaktøren .»

Videre heter det i klagen:

«Redaktøren sin reaksjon i leiaren 26.06.02 viser også klart at ei slik bjelle hadde ringt, for han fann det «uforståeleg» at rådmannen hadde gitt tilråding i saka. Han viser til at det dreier seg om ein politisk prosess. Kvifor då ikkje ringe rådmannen og sjekke om det verkeleg var slik at det var rådmannen som førebudde suppleringsval i kommunen? I staden aksepterer redaktøren det han finn uforståeleg og bruker det som fakta til å denge laus på rådmannen med at han bringer politikken i miskreditt. I staden for å vere varsam, kan det verke sorn om redaktøren medvite har latt vere å ta ein kontakt som kunne bringe klarheit i det uforståelege. Det verkar som hans hensikt har vore å ramme rådmannen, ikkje å få klart fram rådmannen si rolle.»

Klageren henviser videre til lederartikkelen 3. juli og skriver «(M)en det vert enda verre når han, etter at eg gjorde han uttrykkeleg merksam på fakta i mitt innlegg i Bygdebladet 29.06.02, heller ikkje grip den sjansen til å rette opp dei urettvise skuldingane. Han påstår i leiaren 03.07.02 at rådmannen har ansvaret, sidan ei tilsett i administrasjonen har skrive saka for ordføraren. Ei lita kommune som Ørskog med 2.100 innbyggarar, har ikkje råd til eigen sekretærhjelp for ordføraren, og rådmannen har sjølvsagt ikkje noko med det ordføraren får hjelp til å skrive.»

Ordføreren (klager B) sier i sin klage at kommunen selvsagt aksepterer kritisk journalistikk, men at lederartiklene inneholder opplysninger » som eg meiner det ikkje er grunnlag for, som er krenkande og skaper urett oppfatning hjå leserane som eg ikkje aksepterer .»

Klager B skriver videre at den første lederen i Bygdebladet «bygger på den urette situasjon at det er rådmannen som har handsama saka, og eg som har støtta tilrådinga. (?) Det må vere rett å stille forventning om eit minimum av undersøking når redaktøren finn å ville gå særleg sterkt ut mot rådmannen og ordføraren i leiaren.»

Ordføreren mener videre at påstanden i lederen, om at » Ingenting er nemnt om at ordføraren har drive eit spell i kulissane og skal vere den eigentlege personen bak det heile «, er en ærekrenkende formulering. Han mener videre at formuleringen » eit slags juridisk belegg » (knyttet til en uttalelse fra Kommunenesa Sentralforbund), stempler ham som useriøs. I den forbindelse viser ordføreren til at han har vel 20 års erfaring som advokat. Han føler seg også ærekrenket på grunn av formuleringen » Det burde vere unødvendig med juridiske krumspring? ?Juridiske krumspring? er ikkje eit ?folkeleg uttrykk? som ein berre kan ta lett
på. Når ordføraren med juridisk bakgrunn vert skulda for ?juridisk krumspring? meiner eg det er å oppfatte som ei alvorleg sak .»

Mot slutten av klagebrevet sier ordføreren at » det går klart ei grense for kva ein einskild lokalpolitikar og familiemedlemer skal tole av grunnlause, urett og krenkande påstandar og skuldingar «.

TILSVARSRUNDEN:
Bygdebladet skriver i sitt tilsvar: «Som det går fram av leiarartiklar i Bygdebladet har avisa hevda at rådmannen har drive eit politisk spel i denne saka. Han har seinare opplyst at det ikkje er han, men ordførar Harstad som har hatt behandlinga av denne saka. Bygdebladet vurderer dette slik:

Rådmannen har lagt fram saka for Ørskog kommunestyre som si innstilling. (?) Ingenting står om at ordføraren er den verkelege saksbehandlaren. Ut i frå praksis er det vanleg at rådmannen har sine saksbehandlarar, men står sjøl for den endelege konklusjonen og formelle framlegging av innstillinga. I valsaker er det sedvane at sakene blir lagt fram utan innstilling. I dette tilfelle har rådmannen gjennom innlegg i Bygdebladet informert om at han ikkje har behandla denne saka. Like fullt er det han som har stått for innstillinga om at 3. varamedlem skal rykke opp til fast medlem av formannskapet, og dermed gå forbi nr. 1 og 2 på varalista. Dette må nødvendigvis karakteriserast som ei sterkt politisk handling. Bygdebladet er blitt oppmoda om å korrigere og trekke påstandar, men dette er vanskeleg når fakta som er kritisert står svart på kvitt utsendt av rådmannen til bl.a. medlemane i kommunestyret.»

Om klagen fra ordføreren (klager B) skriver avisen: » Varalista til Ørskog formannskap er samansett av godt habile representantar. Bygdebladet reagerer på at ordføraren har søkt å få 3. varamedlem inn som fast medlem i staden for opprykk for 1. varamedlem i samsvar med resultatet av eit samrøystes val ved konstitueringa av kommunestyret. Fakta i dette er at valet ikkje blei fremja som forholdstalsval .

I den aktuelle situasjonen som har oppstått har ordføraren prøvd å skape eit inntrykk av at det likevel var eit slags forholdstalsval. (?) Ordføraren skriv om krenkande handsaming i Bygdebladet, men den som bør føle seg krenka her er 1. varamedlem Per Kåre Lukkedal som ikkje skal få sin rettmessige plass i formannskapet. For ordens skuld opplyser vi at Bygdebladet tok telefonisk kontakt med rådmannen for å få kommentar då saka blei kjent for avisa. Han svara at dette skulle ordføraren kommentere og at han skulle ringe tilbake til avisa. Den telefonen kom aldri.

Ut i frå ovanståande kan Bygdebladet ikkje trekke det som er skrive i denne saka. Det har stått for det vi har meint og framleis meiner. Vi har sett det som ei plikt å ta opp og kommentere denne saka.»

Rådmannen (klager A) peker i sitt tilsvar på at avisen (redaktøren) i sitt tilsvar «medgir» at avisen ble informert om «at rådmannen ikkje har handsama saka om val til formannskapet. Likevel held redaktøren fram i same brevet med å karakterisere rådmannen ut frå at det
skulle vere han som har handsama saka, «ei sterk politisk handling». Redaktøren skriv at han står framleis på den meining han har hatt.

Det som vert ståande att er då at redaktøren mener, at fordi kommuneadministrasjonen (= rådmannen) ikkje skifta ut «Rådmannen legg saka fram… » med «Ordføraren legg saka fram…» i malen for saker i dataprogrammet då saka vart skriven for ordføraren, har rådmannen gått «aktivt inn i den politiske prosessen og peika ut kven som bør få plass i formannskapet» og rådmannen har vist ei framferd «som kan sette politikken i bygda i miskreditt». Med god vi1je og gode hensikter kunne redaktøren ha rydda opp i denne saka for lenge sidan. No framstår det som om det viktigaste for han er at svertinga av rådmannen vert ståande.»

Ordføreren (klager B) gjentar og utdyper i et omfattende tilsvar punkter fra sin klage, samt kommenterer punkter i avisens tilsvar. Mot slutten av tilsvaret skriver han:

«Eg ber om handsaming av fleire konkrete punkt som eg har gjeve best mogleg informasjon om som grunnlag for klaga, som eg her minner om med følgjande stikkord, i tillegg til ovanståande utviding av klaga:
‑spel i kulissane,
‑eit slags juridisk belegg,
‑prøver å unngå realitetane,
‑juridisk krumspring,
‑sete politikken i bygda i miskreditt.

Idet eg syner til grundig klargjering i mitt skriv av 26.07. i år, hevdar eg at Bygdebladet utan grunn har råka meg med urette skuldingar, som eg ser slik krenkande som eg allereie har klargjort.

Bygdebladet har skriftlig meddelt at de ikke har ytterligere kommentarer til saken.

Klagerne har etter avsluttet tilsvarsrunde oversendt ytterligere informasjon (vedlagt).

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjelder to lederartikler i Bygdebladet (Ørskog) som omhandler den politiske behandlingen av et opprykk til formannskapet fordi et medlem skulle ut i permisjon. Klagerne, kommunens rådmann og ordfører, mener avisen brakte opplysninger og synspunkter som var faktisk feil og som derfor satte klagerne i et feilaktig og dessuten krenkende lys.

Bygdebladet kan ikke se at det har gjort noe som bryter med de pressetiske reglene. Tvert imot mener avisen at det var dens plikt å kritisere saksbehandlingen i forbindelse med opprykket i formannskapet.

Pressens Faglige Utvalg vil på generelt grunnlag peke på at lederartikler og andre redaksjonelle meningsytringer i presseetisk sammenheng må ha et stort spillerom. Selv om de pressetiske reglene, slik de framkommer i Vær Varsom-plakaten, også gjelder for meninger og ytringer, så har det vært tradisjon for å akseptere publisering også av relativt sterke karakteristikker på leder- og kommentarplass.

I det påklagede tilfellet konstaterer utvalget at karakteriseringene av rådmannens og ordførerens handlinger er relativt sterke. På den annen side er det kun deres yrkes- og vervmessige handlinger som er omtalt og karakterisert, og de er samtidig i posisjoner der de er i stand til å ta til motmæle – en mulighet de i stor utstrekning også har benyttet seg av. Slik utvalget ser det, må de påklagede lederartiklene aksepteres innenfor de rammer som gjelder for politisk debatt i pressen.

Bygdebladet har ikke brutt god presseskikk.

Oslo, 24. september 2002
Thor Woje,
Catharina Jacobsen, Annette Groth, Odd Isungset,
Grete Faremo, Ingeborg Moræus Hanssen, Camilla Serck-Hanssen