Reidar Storaas mot Stavanger Aftenblad

PFU-sak 116/04


SAMMENDRAG:
Stavanger Aftenblad publiserte måndag 7. juni 2004 eit leserbrev med tittelen «Om Norge og fangetorturering». Innlegget er underteikna av Hjalmar Markussen, Botnhamn. I ingressen står det:

«I disse dager fylles medier over hele verden med reportasjer om amerikanske og engelske soldaters torturering av irakiske fanger.»

Oppslaget er illustrert med eit bilete frå ei fangemishandling i Irak, der ei kvinne peiker på nakne irakiske fanger. I billedteksten står det:

«Fangemishandling: Et av torturbildene fra Irak som har rystet verden.»

I teksten viser lesarbrevskribenten til at forfattar Marta Steinsvik gav ut boka «Frimodige ytringer» i 1946. Boka handlar om den behandlinga «norske fanger fikk av norske nordmenn i norske fangeleirer etter at freden var kommet til Norge i 1945?.Et avsnitt i boken er skrevet av den kjente Tromsø-mannen Wilhelm Martinsen. Den er datert Fjellbygd, Tromsdalen, den 14. november 1945, og heter ?Glimt fra fangeleiren på «Sydspissen»? sommeren 1945.»

Skribenten siterer blant anna dette frå Martinsens historie:
Sak nr. 116/04

«Da fangene ble oppstilt den første morgenen, gav leirsjefen, fenrik Storaas, følgende beskjed: ?Vi skal fortsette der tyskerne slapp, bare meget verre. Den største glede for vaktene er å få skyte dere?.
Natt etter natt ble fangene vekket av torturhungrige soldater. En natt kom fire soldater på vinduet, og skrek som ville hyener: ?Skyt han der djevelen i den brune skjorta?.»

Fredag 2. juli publiserte Stavanger Aftenblad ei presisering under tittelen «Aftenbladet presiserer». Her framgår det at avisa har fått ein lesarreaksjon på lesarbrevet, «der leirsjefen, fenrik Storaas, blir nevnt: For at leserne skal få et mer fullstendig bilde, og av hensyn til Steinar Storaas´ ettermæle, skal vi få opplyse følgende:
I 1946 reiste den norske stat sak mot leirsjef Storaas og tre av vaktene i leiren. Storaas ble ikke tiltalt for mishandlingen selv, men for å ha tillatt vaktene å utføre overgrep. I krigsretten i Tromsø ble Storaas frifunnet, mens de tre vaktene fikk henholdsvis fem, 12 og 30 dagers betinget fengsel.»

KLAGEN:

Klageren, Reidar Storaas med samtykke fra næraste familie, viser til at boka inneheld «klager frå innsette i leirar for landsvikarar over heile landet fredssommaren m.a. med inserat av Wilhelm Martinsen om episodar på Sydspissen i Tromsø 1945. Påståtte hendingar i leiren førte til krigsrettssak mot leirsjefen og tre fangevaktarer. Pressedekningen opna med Dagblad-oppslag som ?Vaktene på Sydspissen i klasse med Rinnanbanden?. Rettsforhandlingane gav eit heilt anna bilete av kva som hadde skjedd enn det tiltalen påsto. Leirsjefen fenrik Tor Steinar Storaas vart blankt frifunnen, dei tre soldatane fekk korte vilkårsstraffer?Steinar Storaas deltok som sersjant i kampane i Valdres, rømde i 1944 til Sverige der han gjorde teneste som troppssjef og instruktør.»

«Innlegget i 7.6 2004 omtaler fenrik Storaas som ansvarleg leirsjef utan å nemna at påstandane mot han i rettssaka for snart seksti år sidan vart tilbakevist og enda i frifinning, slik dette trass alt er opplyst i Steinsviks bok. Framstillinga er på dette punktet kritikkverdig, eg vil seia aktlaust. Aktløysa vert ikke mindre ved at redaksjonen illustrerer innlegget med eit av dei avskyelegaste ferske foto frå irakiske fengsel.»

Klagaren hevdar at fenrik Storaas «ifylgje rettsreferat og dom gjorde det han kunne for å etablera ei human behandling av landsvikfangar i den vanskelege overgangstida før den eigentlige ansvarlege instansen, politiet, overtok vakthaldet.»

TILSVARSRUNDEN:

Stavanger Aftenblad viser til at dei ikkje har lukkast med å få i stand ei minneleg løysing, men avviser at avisa har brote god presseskikk. Redaktøren viser til at avisa brakte en presisering 2. juli, under tittelen «Aftenbladet presiserer». Her blir det opplyst at fenrik Storaas vart frifunnen etter tiltale.

Sak nr. 116/04

Etter Stavanger Aftenblad sitt syn kan ikkje «ein dom i 1946 setja ein endeleg stoppar for debatten om ei historisk hending?Likevel synes me det er redeleg overfor Storaas´ ettermæle å ta inn ei presisering av at han faktisk vart frifunnen for det han var tiltalt for.

Det vart gjort så snart me var klar over det og fekk undersøkt saka. Sidan dokumentasjonen måtte hentast langvegsfrå, tok det nødvendigvis nokre dagar. Me vil ellers peika på at Storaas i lesarbrevet ikkje er knytta med namn til anna enn ei temmeleg graverande utsegn. Denne var ikkje ein del av tiltalen, og har etter det me kan sjå ikkje hatt nokon sentral plass i rettsforhandlingane ?.Det er nå nesten gått 60 år sidan hendingane på Sydspissen. Det ville etter vårt syn vera forunderleg om PFU skulle setja snevrare rammer for debatten om landsvikoppgjeret i 2004 enn den norske staten gjorde i 1946 og 1950.»

Avisen kan ikkje sjå at biletbruken er irrelevant, og viser til at det under bevisførselen av rettssaka vart framlagt bilder som langt på veg liknar på oppslagsbilete.

Klagaren meiner at Stavanger Aftenblads presisering «i nokon grad retta opp det inntrykket lesarbrevet gav av leirsjefen på Sydspissen.» Klageren er likevel av den oppfatning at avisa unødvendig har identifisert leirsjefen, og at kravet til varsemd også «må gjelda saker som ligg ei tid tilbake.» Vidare meiner klagaren at namngjevinga framstår som særleg kritikkverdig når det skjer saman med bildet i oppslaget.

Stavanger Aftenblad har ingen vidare kommentarar.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjeld eit lesarbrev i Stavanger Aftenblad om tortur i norske fangeleirar etter krigsslutten i 1945. I innlegget blir ein namngjeven leirsjef sitert for å ha kome med svært grove truslar mot fangane. Klagaren, bror til den omtala leirsjefen, reagerer på at avisa har namngjeve broren og at omtalen indirekte knyttar han til mishandlinga av fangane. Etter klagarens syn skulle avisa ha opplyst at leirsjefen vart frifunnen for å ha tillete mishandlingar i leiren. Vidare meiner klagaren at bildet av amerikanske fangavaktarar som torturerer irakiske fangar gjer identifiseringa av broren ekstra kritikkverdig.

Stavanger Aftenblad understrekar at leirsjefen berre er namngjeven i høve til eit referert utsagn, og at namnet hans ikkje er knytta til den omtala mishandlinga. Redaksjonen viser også til at avisa i etterkant har publisert ei presisering der det framgår at leirsjefen vart frifunnen for skuldingar om å ha godteke mishandlingar i leiren. Avisa meiner også at avstanden i tid og geografi gjer skaden for omdøme og ettermæle til mannen svært liten, og ser på bildet som ein relevant illustrasjon til innlegget.

Pressens Faglige Utvalg vil på generelt grunnlag understreka at døde personar har eit like sterkt vern som levande personar, og at redaksjonar må væra varsame med å formidla sterke skuldingar mot namngjevne personar som av naturlege årsaker ikkje kan forsvara seg sjølve. Utvalget har tidlegare sagt at ein ikkje kan stilla det same undersøkingskravet til lesarbrevskribenten som til journalisten, utan å redusera publikums høve til å delta i den offentlege debatten. Redaksjonane må likevel forvissa seg om at påstandar og skuldingar i lesarbrev har eit rimeleg grunnlag i faktiske forhold.

I det påklaga tilfellet merker utvalget seg at lesarbrevet i hovudsak bygger på ei omstridt bok om mishandling av NS-fangar etter krigens slutt i 1945, og at sitatet frå den namngjevne leirsjefen er henta frå boka. Utvalget kan forstå at familien reagerer på at leirsjefens namn vert brukt i innlegget, og meiner Stavanger Aftenblad med fordel kunne tatt bort namnet hans. Utvalget legg likevel vekt på at mannen ikkje vert knytta direkte til mishandlinga av fangane, og at avisa seinare har presisert at leirsjefen vart frifunnen for å ha noko med overgrepa å gjera.

Sett i lys av at innlegget var ein reaksjon på dagens debatt om overgrep mot irakiske fangar, finn utvalget at bildebruken er innanfor det presseetiske akseptable.

Etter ei samla vurdering finn utvalget at Stavanger Aftenblad ikkje har brote god presseskikk.

Oslo, 28. september 2004
Hilde Haugsgjerd,
Kathrine Aspaas, John Olav Egeland, Merethe Ekanger,
Ingeborg Moræus Hanssen, Henrik Syse, Trygve Wyller