Voss kommune v. ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik mot Hordaland

PFU-sak 098/10


SAMMENDRAG:

Hordaland fortalte tysdag 4. mai 2010 om ein tilsett i Voss kommune som etter 33 år seier opp i protest. Saka var fyrstesideoppslag under tittelen «Sluttar i protest». Om bakgrunnen for oppseiinga heitte det i artikkelen inne i avisa:

«Protesten rettar seg mot den omorganiseringa som har skjedd saman med utbygginga av tinghuset, der stikkordet er ”opne landskap”.»

Vidare, under mellomtittelen «Resignert og oppgitt», refererte avisa:

«– Resignasjon og oppgittheit er i ferd med å gripa om seg i organisasjonen, skriv han då også i brevet han har sendt til personalavdelinga med varsel om den tunge avgjerda. (…) – Servicetilbodet til publikum og lokalsamfunnet generelt må berre bli dårlegare når kommuneadministrasjonen burar seg inne bak låste dører i Nye Tinghuset[.]»

Under mellomtitlane «– Brot på IA-avtale» og «– Påfallande mange sluttar», blei den kommunetilsette dessutan sitert slik:

«– Etter mitt syn er den påtvinga overgangen til kontorlandskap utan individuelle omsyn til eldre arbeidstakarar også eit direkte brot på Voss kommune sine plikter som IA-verksemd.»

«– Eg gjer heller som påfallande mange har gjort i dei seinare åra, eg avsluttar arbeidstilhøvet i kommunen, skriv han, med velkjend snert i uttrykket.»

Avisa fylgde saka opp i to leiarartiklar, laurdag 8. og 15. mai 2010. Voss kommune fekk også svara på kritikken gjennom eit intervju med ordføraren torsdag 6. mai 2010 og i eit lesarbrev tysdag 11. mai 2010 (artiklane er vedlagte, sekr. anm.).

KLAGEN:

Klagar er Voss kommune ved ordføraren, som meiner avisa Hordaland har brote punkt 4.14 i Ver Varsam-plakaten då redaksjonen ikkje kontakta kommunen for kommentarar før publisering av artikkelen 4. mai 2010. Etter klagaren sitt syn blir kommunen utsett for kritikk og skuldingar, særleg under mellomtittelen «Resignert og oppgitt». I tillegg syner klagaren til utsegna om at påfallande mange sluttar, og at kommunen har brote sine plikter som IA-verksemd.

Klagaren skriv: «Det er ein grunnleggjande mangel på presseetikk når slike påstandar frå ein person som ut frå personleg frustrasjon over sin arbeidssituasjon, vert gjengjeve med stort oppslag utan at kommunen får høve til å kommentera innhaldet.»

Klagaren kan «ikkje sjå at det var ein sak som hadde slik hast at det ikkje var mogeleg å innhenta kommunen sine merknader til dei framsette skuldingane», og innvender at både «Rådmannen eller andre i administrasjonen var tilgjengeleg på telefon».

FORSØK PÅ MINNELEG ORDNING:

Partane har vore i kontakt i eit forsøk på å kome fram til ei minneleg ordning, utan at dei har lykkast.

TILSVARSRUNDEN:

Hordaland uttrykkjer noko tvil når det gjeld «[i] kva grad ein ordførar eller rådmann skal ha rett til å imøtegå» ein tilsett sine «personlege grunnar for å avslutta eit arbeidstilhøve», og at artikkelen ikkje inneheld «angrep mot namngjevne einskildpersonar». Redaksjonen innrømmer likevel: «I ettertid ser me likevel klart at artikkelen i sitt totale uttrykk har eit preg som gjer det naturleg at ein representant frå den nemnde kommuneadministrasjonen fekk uttala seg. Dette har me også skrive klart og tydeleg – på leiarplass i avisa, 15. mai. (…) Pressa si oppgåve er mellom anna å setja eit kritisk søkjelys på det som føregår i vår kommunale andedam. I den samanheng skal med gje brevskrivarane rett på eitt punkt: Dei skulle fått høve til å kommentera kritikken alt då han vart presentert.» Avisa legg samstundes til at partane har fått «rikeleg høve til å gjera greie for sine syn i avisene etter oppslaget».

Klagaren konstaterer at Hordaland no «erkjenner brot på den regelen dei er innklaga for å ha brote», og presiserer: «Sjølv om artikkelen er gjengjeving av ein privatperson si subjektive oppfatning måtte avisa forstå at det var viktig for kommunen å få imøtegå dette i same artikkel. (…) At kommunen har fått imøtegå artikkelen i ettertid har – slik PFU har presisert fleire gonger – ingen verknad. Heller ikkje at avisa berre har gjengjeve utsegn frå ein part i ei sak[.]»

Klagaren syner dessutan til ei tidlegare klagesak mot avisa Hordaland (sak 271/09, vedlagt, sekr. anm.): «[Saka] gjaldt [også] uttale frå ein part, utan at den andre sida fekk mogelegheit til å imøtegå samstundes. PFU fant at dette var brot på god presseskikk. Voss kommune ser alvorleg på at avisa så kort tid etter denne saka framleis har problem med å halda seg til dei elementære reglane for god presseskikk.»

Hordaland imøtegår påstanden frå klagaren om at avisa no har erkjent brot på god presseskikk: «Som me tidlegare har sagt, saka hadde ikkje blitt dårlegare om rådmannen hadde fått kommentera utspela til Gunnar Dagestad. Når det er sagt er me slett ikkje overtydde om at tilsvarsretten er så opplagt i denne saka. Gunnar Dagestad er ingen tilfeldig forbipasserande som slengjer ut påstandar i for[b]ifarten. Faktisk er han med sine over 30 år i leiargruppa den i Voss kommune med lengst fartstid. Me kan ikkje sjå at rådmannen nødvendigvis har ”rett til” å svara på kritikken frå Dagestad, så noko ”klårt brot på artikkel 4.14” tykkjer me ikkje det er.»

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld ein artikkel i avisa Hordaland om at ein som har vore tilsett i Voss kommune i over 30 år, no sluttar i protest mot omorganiseringa i kommunen og innføring av «opne landskap». Klagar er Voss kommune ved ordføraren, som meiner kommunen blir utsett for kritikk og skuldingar i artikkelen og difor skulle fått kome samstundes til orde for å imøtegå utsegna. Etter klagaren sitt syn er det ikkje tilstrekkeleg at kommunen har fått kome til orde i ettertid.

Hordaland vedgår at artikkelen kunne ha blitt betre om kommunen også hadde fått kome til orde i den påklaga artikkelen. Redaksjonen uttrykkjer likevel tvil med omsyn til om klagaren hadde rett til å få gje ein samtidig kommentar til det avisa karakteriserer som ein tilsett sine «personlege grunnar for å avslutta eit arbeidstilhøve». Hordaland peikar dessutan på at artikkelen ikkje inneheld angrep mot namngjevne personar, og avisa konkluderer såleis med å avvise at ho har brote god presseskikk.

Pressens Faglige Utvalg viser på generelt grunnlag til punkt 4.14 i Ver Varsam-plakaten, der det mellom anna heiter: «Dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig.» Denne retten føreset altså at skuldingane ein blir utsette for, er sterke og av faktisk art. Retten til å imøtegå sterke skuldingar er altså ikkje til stades i dei tilfella kor ein blir utsett for meiningsangrep, til dømes i form av karakteristikkar. Då gjeld i staden retten til tilsvar – å få kome til orde i ettertid – som er omtala i punkt 4.15 i Ver Varsam-plakten.

Slik utvalet ser det, er kritikken mot kommunen i hovudsak uttrykk for meiningane til den kommunetilsette. Sjølv om nokre av utsegna har eit faktisk preg, kan ikkje utvalet sjå at dei er så sterke at kommunen måtte få kome til orde samstundes. Utvalet vil likevel leggje til – slik Hordaland sjølv også har vedgått – at kommunen med fordel kunne ha fått eit tilbod om å kommentere utsegna før publisering.

Utvalet legg i vurderinga også vekt på at kritikken ikkje rammar namngjevne einskildpersonar, og at klagaren har fått kome til orde i etterkant, i den fyrste etterfølgjande utgåva av avisa.

Etter utvalet si meining må dessutan ein offentleg instans som kommunen tåle eit sterkare kritisk søkelys på seg enn meinigmann. Dette er noko utvalet har peika på fleire gonger tidlegare.

Hordaland har ikkje brote god presseskikk.

Oslo, 31. august 2010

Hilde Haugsgjerd,
Marit Rein, John Olav Egeland, Øyvind Brigg,
Camilla Serck-Hanssen, Henrik Syse, Eva Sannum