Nesse grendelag, v. leiar Helen Måredal mot Sogn Avis

PFU-sak 080/08


SAMMENDRAG:

Sogn Avis hadde tysdag 25. mars 2008 ein artikkel med hovudtittelen «Mobba frå Nessane» og undertitlane «Flytta på grunn av borna» og «Fekk nytt liv i Bergen». I artikkelen blei to kvinner, som også var avbilda, intervjua om kor tøft det var å bu på Nessane for familiane deira. I ingressen sto det:

«NESSANE: Etter mobbing og trakassering i både lokalmiljøet, i barnehagen og på skulen vart Merete Skudal og Janne Kallestad og familien deira til slutt tvinga til å flytta frå Nessane. Dei kunne ikkje lenger bu i bygda av omsyn til borna.»

I brødteksten het det:

«Meir enn to år etter at dei flytta frå Nessane fortel dei to mødrene no ein dramatisk historie om forholda i den vesle bygda. Om folk som blei frosne ut, om baksnakking, om ein rykteflom og om grunnlause skuldingar. Dei fekk høyra av andre born ting som vart diskutert mellom foreldra i negativ forstand, retta mot enkeltpersonar. Foreldre var samde seg i mellom om å ikkje la sine born vera med andre sine spesifikke born. – Det var vondt å takla at små born grein seg i søvn og sa dei ville døy, seier Janne Kallestad.»

Under mellomtittelen «Bevisst mobba» uttaler Merete Skudal seg om røynsla hennar:

«– Mi eldste dotter gjekk i Nesse barnehage frå ho var to år. Der blei ho bevisst

mobba og skyvd ut i kulden, både av personale og andre born, dette også ifølgje barnehagen selv, påstår Merete Skudal. (…) – (…) Grunnlaget for mobbing av dottera vår blei stadfesta å ha ein samanheng med ein uovereinskomst frå ein tilsett si side. Då dei ikkje kunne frysa ut oss foreldre tok dei det kjæraste me hadde, nemleg borna våre, fortel Merete Skudal.»

Litt seinare i brødteksten blir også problema i skulen omtalte:

«[I] ein femårsperiode var det rundt 29 lærarar og vikarar innom Nesse skule. Dette skapte stor uro og utryggleik blant elevane (…) Det var fleire elevar som blei sterkt utsett for mobbing og som i dag ber preg av dette, hevdar både Skudal og Kallestad.»

I tillegg til dei to kvinnene som opent fortel om opplevingane deira, uttaler ei anonym kjelde seg til avisa:

«– Eg fekk ei tøff tid etter at eg tok valet om å flytta ungane mine, og vart uglesett av enkelte i bygda, seier mora, som vil vera anonym.»

Også familien Skudal opplevde problem då dei bestemte seg for å flytte:

«Utpå våren blei flytteplanane kjende på bygda. Dette resulterte i at Merete Skudal blei meld til barnevernet for å ha slått eitt av borna gul og blå. – Me skulle tydelegvis ikkje få reisa rakryggja frå bygda, sukkar Merete Skudal. Ho legg til at barnevernssaka vart umiddelbart avslutta etter eitt møte og alle skuldingar lagt daude.»

Vidare blir det fortalt at kvinnene og familiane deira fekk «ein ny kvardag» etter at dei flytta. Avslutningsvis blir dessutan bakgrunnen for artikkelen nemnt:

«– Har barna det godt, då har me det godt, seier Skudal, som likevel ikkje kunne lata vera å fortelja si historie då bråket på Nessane igjen kom til overflata i vinter.»

I ein underartikkel med tittelen «Grove utspel etter flytting» blir kritikken frå Kallestad og Skudal noko meir nyansert under mellomtittelen «Også hyggjelege»:

«Skudal og Kallestad fortel at det også er hyggjelege innbyggjarar på Nessane. Mange av dei er, eller var kanskje ikkje, klar over kor gale det var. Men dei må nå ha skjønt at noko var gale når så mange barnefamiliar reiste frå bygda. – Nessane er ei fin bygd, hadde det ikkje vore for dei dårlege oppvekstvilkåra ville me aldri ha flytta, seier dei to.»

KLAGEN:

Klagar er Nesse grendelag, som «jobbar med små og store saker til beste for innbyggarane i bygda». Klagaren reagerer på «måten Sogn Avis har handsama denne saka på», og meiner avisa har brote punkt 3.2 (kjeldekritikk) , 4.1 (saklegdom og omtanke), 4.7 (identifisering) og 4.14 (imøtegå samtidig) i Ver Varsam-plakaten.

Slik klagaren ser det, har Sogn Avis vore ukritisk i valet av kjelder og ikkje arbeidd for breidde og relevans, men berre «teke omsyn til dei to kvinnene som står fram i saka». Klagaren skriv: «Kvinnene kjem med alvorlege skuldingar, både mot offentlege institusjonar og bygdefolket på Nessane. (…) Ingen noverande innbyggarar på Nessane har vorte kontakta for å gjere greie for sitt syn i saka. Balestrand kommune har heller ikkje fått høve til å imøtegå dei sterke skuldingane som vert framsette i artikkelen.»

Klagaren peiker også på at Nessane «er ei lita bygd med knapt 90 innbyggarar», og at «[m]ed så små forhold seier det seg sjølv at ”alle kjenner alle”». Klagaren konkluderer av den grunn: «Ansette [sic] i barnehage og skule vert skulda for trakkasering og mobbing, og det er ingen hemmelighet [sic] at dei ansette i skulen og barnehagen i det aktuelle tidsrommet er lett identifiserbare.»

TILSVARSRUNDEN:

Sogn Avis viser til vedlagte artiklar om oppveksttilhøva på Nessane, som har vore tema i avisa «ved ei rekke høve dei siste månadane». Avisa meiner derfor den innklaga artikkelen må «sjåast som ein del av ein pågåande debatt».

Når det gjeld kjeldegrunnlaget, opplyser avisa: «[D]ei to [intervjua kvinnene] er på langt nær dei einaste kjeldene. Sogn Avis snakka i tillegg med representantar for fire andre familiar som enten framleis bur på Nessane, har flytta inn til Balestrand eller ut av distriktet dei siste åra. Men ingen av dei desse [sic], som uavhengig av kvarandre stadfesta familiane sine historier, ville stå fram med namn. Det var ulike grunnar til dette. Den eine kjelda er tilsett i Balestrand kommune, dei andre ville ikkje sidan dei ”framleis skal leva i kommunen (…)”.» Avisa viser i tillegg til «fleire skriv/brev frå både skule og oppvekst (…) som var med på å underbyggja historiene til Kallestad og Skudal». (Skriva er vedlagte, sekr.anm.) 

Avisa forklarer at redaksjonen ikkje vurderte det som naudsynt at kommunen, grendelaget eller andre skulle få kome til orde samtidig, sidan avisa «i tida før oppslaget hadde fleire saker om Nessane og tilhøva der, og sidan det ikkje førekjem åtak på namngjevne enkeltpersonar eller andre i saka». I denne samanheng viser avisa også til at «det er fleire år sidan desse to familiane flytta frå Nessane, og at det på desse åra har vore omfattande utskiftingar i personale i skule/barnehage». Dessutan vedgår avisa at redaksjonen «ikkje såg på grendalaget som ein aktuell motpart».

Avisa innvender likevel at «Balestrand kommune har hatt alle sjansar til å svara [på dei sterke skuldingane som vert framsett]», og peiker på følgjande: «Den einaste reaksjonen Sogn Avis har motteke er ein e-post frå ansvarleg lærar på Nessane, men den var ikkje meint for publisering! Kun eit åtak på Sogn Avis med tilvising til teieplikta! Elles ingenting. Me veit Nesse grendelag har hatt fleire møte, der det blei vedteke å leggje lok på denne saka.»

Litt seinare skriv avisa likevel: «Sogn Avis fekk mange reaksjonar dei første dagane etter oppslaget som no er klaga inn. Men, (…) ingen, verken skule, kommune, foreldre, grendalag, best[e]foreldre eller andre ville stå fram og kommentera saka i avisa.»

Avisa uttrykkjer ei forståing for reaksjonane i lokalsamfunnet og meiner det er vanskelig å omtale slike saker: «Men det kan ikkje hindra mobbeoffer å koma til ordet, heller ikkje så pass lenge etter. Kanskje tid er det mobbeoffer og deira familiar treng før dei orkar ta det opp i offentlegheita».

Klagaren skriv: «Slik vi tolkar svaret frå Sogn avis, kritiserar dei grendelag og kommune for ikkje å ha nytta sjansen til å kaste seg inn i ein debatt i avisa. Dette er etter vårt syn ikkje ei god løysing. Det er stor skilnad på den faglege tyngden og gjennomslagskrafta til journalistisk arbeid i ein nyheitsartikkel og eit debattinnlegg.»

Klagaren peiker på at grendelaget aldri har blitt kontakta av avisa i denne saka, «verken med tanke på å kommentere saka, eller for å kome fram til ei minneleg løysing», og slik klagaren ser det, er kjeldene avisa viser til, «ikkje representative for innbyggarane på Nessane». Klagaren meiner derfor at «[d]et kan verke som om desse kjeldene vert brukt som eit slags alibi for å sleppe å gi eit meir nyansert bilete av saka».

Klagaren poengterer at grendelaget «ikkje går til personleg åtak på familiane i artikkelen», men at det grendelaget stiller seg kritisk til, er «det journalistiske arbeidet og måten saken vart presentert på». Klagaren skriv: «Ei lokalavis bør setje kritisk søkelys på saker, men det er viktig med jamvekt.»

Sogn Avis avviser at kjeldene ikkje skulle vere representative eller truverdige, og spør: «Korleis i all verda skulle dagens styre i grendalaget kunne kommentera familiane som kjende seg mobba for fleire år sidan? I det heile, kva har grendalaget med saka å gjera – eigentleg? Skulle dei tilbakevisa at nokon følte seg så mobba at dei flytta frå bygda?»

Avisa peikar igjen på at avisspaltene har vore «vidopne for alle etter oppslaget», men avisa innrømmer: «Sjølvsagt kunne/burde me ha laga ein reportasje om korleis folk på Nessane har det i 2008, det skal me nok også gjera og i den samanhengen er Nessane grendalag eventuelt ei aktuell kjelde.»

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagar er Nesse grendelag som reagerer på ein artikkel i Sogn Avis der to kvinner kritiserte oppvekstvilkåra i Nessane. Dei to kvinnene fortalte om korleis borna deira blei mobba i bygda, og at familiane deira til slutt måtte flytte derifrå. Klagaren meiner Sogn Avis har vore ukritisk i kjeldevalet og ikkje lagt vekt på å gje ein balansert og sakleg presentasjon. Slik klagaren ser det, skulle noverande innbyggjarar eller kommunen fått kome samtidig til orde og imøtegå påstandane frå de to kvinnene. Klagaren peiker også på at bygda er lita og at dei som blir skulda for mobbing er lette å identifisere.

Sogn Avis refererer til fleire artiklar om temaet, og meiner den innklaga artikkelen derfor må sjåast som ein del av ein pågåande debatt. Slik avisa vurderer artikkelen, førekjem det ikkje åtak på namngjevne eller andre i saka. Avisa opplyser at redaksjonen derfor vurderte det slik at kommunen eller andre kunne få kome til orde seinare, men avisa peiker samtidig på at ingen har vilja stå fram og kommentere saka i avisa. Vidare viser avisa til at redaksjonen hadde fleire kjelder, også skriftlege, som underbygde framstillinga til dei to kvinnene i artikkelen, og avisa meiner at opplysningane blei sjekka grundig.

Pressens Faglige Utvalg merker seg at Sogn Avis i forkant av den innklaga artikkelen publiserte fleire artiklar om tilhøva i Nessane, og at klagaren fekk kome breitt til orde i ein artikkel om korleis grendelaget har teke initiativ til å «stake ut ein ny kurs» for bygda. Utvalet merker seg også at fleire representantar for kommunen uttala seg om dei noverande problema ved Nesse skule i desse tidlegare artiklane. Sjølv om den påklaga artikkelen ikkje eksplisitt refererer til desse tidlegare artiklane, er utvalet einig med Sogn Avis i at det er naturleg å sjå han i samband med desse, som ein del av ein pågåande debatt.

I det påklaga tilfellet konstaterer utvalet at avisa har nytta fleire kjelder; i tillegg til dei to kvinnene som uttaler seg, blir ei anonym kjelde sitert, og det blir vist til skriftlege dokument. Men utvalet noterer seg samtidig at kjeldene berre representerer ei side ved saka.

Slik utvalet ser det, er det presseetiske spørsmålet derfor om Sogn Avis skulle ha innhenta samtidige og imøtegåande kommentarar til påstandane som blir sette fram i artikkelen. Utvalet er einig med klagaren i at påstandane inneheld sterke skuldingar, men utvalet meiner at skuldingane må forståast som uttrykk for ein generell kritikk mot oppvekstvilkåra i bygda. Utvalet kan heller ikkje sjå at kritikken råkar personar som let seg identifisere. Etter utvalet si meining, kan det konkluderast med at avisa ikkje hadde noka plikt til å hente inn kommentarar frå klagaren.

Når det gjeld spørsmålet om kommunen skulle vore kontakta, stiller saka seg noko annleis, ettersom kommunen har ansvar for skule og barnehage, og kritikken mellom anna gjeld tilhøva ved desse institusjonane. I denne samanheng finn utvalet grunn til å peike på at skuldingane gjeld tilhøve fleire år tilbake i tid, noko som inneber at dei ansvarlege i dag ikkje nødvendigvis var ansvarlege i tida kvinnene fortel om.

Etter utvalet si meining, kunne avisa med fordel ha kontakta ein motpart i saka, til dømes kommunen eller andre representantar for skule og barnehage. Utvalet kan likevel ikkje sjå at avisa skulle vere forplikta til å gjere dette i det aktuelle tilfellet. I denne samanhengen legg utvalet mellom anna vekt på at representantar for kommunen allereie hadde fått uttala seg om dei noverande tilhøva ved skulen.

Etter ei samla vurdering finn utvalet at Sogn Avis ikkje har brote god presseskikk.
Oslo, 30. september 2008

Hilde Haugsgjerd,
Halldis Nergård, John Olav Egeland,
Henrik Syse, Camilla-Serck Hanssen, Siri Bjerke