Helse Førde HF ved informasjonssjef Arne Eithun mot Fjordabladet

PFU-sak 044/11


SAMMENDRAG:

Fjordabladet publiserte torsdag 27. januar 2011 ein nyheitsartikkel med tittelen «– Helse Førde juksar med ventelistene» og ingressen:

«– Eg oppfattar brevet eg fekk frå avdelingsoverlegen ved ortopedisk poliklinikk i Helse Førde som eit klart brot på pasientrettslova, og som eit forsøk på å få ned fristbrota i helseføretaket.»

Vidare, i brødteksten, heitte det:

«Dette seier Svein Fjørtoft som sommaren 2010 vart sendt heim frå arbeidsplassen i Nordsjøen. – Bakgrunnen for at eg vart sendt heim var alvorlege smerter i begge skuldrene. Situasjonen var så alvorleg at eg hadde problem med å løfte armane for å pusse tenner. Å kle på seg var eit mareritt[.]»

I artikkelen fortel Fjørtoft at legen som undersøkte han då han kom heim, skreiv ei tilvising til ortopedisk poliklinikk ved Nordfjordeid sjukehus med hastegrad snarast, men at han tre veker seinare fekk eit brev frå ortopedisk poliklinikk ved sentralsjukehuset i Førde, om at han vart sett på venteliste. Avisa siterer frå brevet:

«Vi har gjort ei medisinskfagleg vurdering av helsetilstanden din ut frå opplysningane i tilvisinga. Tilvisinga er vurdert av avdelingsoverlege Svenning i Lida. På grunnlag av opplysningane som ligg føre, blir du sett på venteliste. Vi reknar med at undersøkinga/behandlinga kan skje innan sju månader. (…) den medisinskfaglege vurderinga konkluderer med at du ikkje er i den høgst prioriterte pasientgruppa, som har eit rettsleg krav på nødvendig helsehjelp innan ein viss frist. Det vil seie at du kanskje må vente litt lenger[.]»

Av artikkelen kjem det fram at Fjørtoft reagerer på denne handsaminga – at helsesituasjonen blir vurdert ut frå eit brev, og ikkje ei undersøking. Han meiner også at ein har krav på «nødvendig helsehjelp når ein ikkje greier å utføre dei mest daglegdagse gjeremål». Det blir også opplyst at Fjørtoft, etter at han fekk brevet frå sentralsjukehuset, tok kontakt med ein ortoped på Nordfjordeid sjukehus som etter ei grundig undersøking kom til at tilstanden til Fjørtoft «var av ein slik karakter at det måtte gjerast noko så raskt som muleg». Vidare går det fram at Fjørtoft snart fekk operert den eine skuldra, mens den andre blei operert 14. januar i år. I denne samanheng refererer avisa:

«– (…) Då fekk eg tilfeldigvis på nytt ein avbestilt time, seier Svein Fjørtoft som er krystallklar på at Helse Førde sender ut slike brev, som han sjølv fekk og som mange andre har motteke, fordi dei skal ha ned fristbrota.»

I påfølgjande avsnitt med mellomtittelen «Overtok alle tilvisingar», skriv avisa:

«Det er eit samanfall av omstende som byggjer opp under påstanden til Svein Fjørtoft. (…) – Det er klart at fristbrota i Helse Førde var begynt å bli eit problem når dei nærma seg 500. Noko måtte gjerast. Det som truleg blei gjort var at pasientar med rett til helsehjelp etter pasientrettslova vart plassert i “feil” pasientkø (…), seier Svein Fjørtoft.»

I ein kort underartikkel med tittelen «Vi føl lover og reglar» kommenterte ein direktør i Helse Førde:

«– Eg kan ikkje uttale meg om denne saka spesielt. Men på generelt grunnlag kan eg seie at Helse Førde, tiliks med alle andre helseføretak i landet, har lover og reglar som vi er forplikta og halde oss til. Lover og reglar som regulerer om ein pasient har rett til helsehjelp innafor seks veker eller seks månader, seier Tore Dvergsdal, direktør for kirurgisk klinikk, og legg til at han sender saka over til avdelingsoverlegen som har svart på Fjørtoft si tilvising: – Vi får sjå om han vil kommentere saka meir detaljert.»

I ytterlegare ein underartikkel med tittelen «– Viktig at saker blir følgt opp», kommenterte Kjersti Toppe (Sp), stortingsrepresentant og medlem av helse- og omsorgskomiteen, saka. I tillegg blei pasientrettslova omtalt i ei spalte heilt til høgre i oppslaget. Heile oppslaget gjekk over to sider og hovudbiletet viste Fjørtoft saman med tilsette ved ortopedisk avdeling ved Nordfjordeid sjukehus, der han blei operert.

KLAGEN:

Klagar er Helse Førde HF ved informasjonssjefen, som meiner Fjordabladet har brote følgjande punkt i Ver Varsam-plakaten: 3.2 (kjeldekritikk og kontroll av opplysningar), 3.3 (premiss), 4.4 (dekning for tittel) og 4.14 (samtidig imøtegåing).

Klagar skriv: «Det er skuldingane som rettar seg mot at vi medvite juksar med ventelister for på den måten å redusere fristbrota i føretaket, vi tek sterk avstand frå. Etter vårt syn er påstandane så alvorlege at avisa, med redaktøren i spissen, har eit særskilt ansvar for etter beste evne å dokumentere dette. Ingenting anna e[n]n reine spekulasjonar i sjølve saka underbyggjer påstanden som ligg i den sterke overskrifta om at “– Helse Førde juksar med ventelistene”. I tillegg er ikkje føretaket gjeve ein seriøs moglegheit for samstundes imøtegåing.»

Om kontakten mellom redaksjonen og Helse Førde før publisering, opplyser klagar: «Klinikkdirektør for Kirurgisk klinikk i Helse Førde, Tore Dvergsdal var i kontakt med redaktør Tormod Flatebø på ettermiddagen onsdag 26/1-11 ca. kl.15.30, berre timar før avisa gjekk i trykken. Dvergsdal fekk sjå oppslaget, og gav på telefon tydleg uttrykk for at avisa måtte vente med å publisere artikkelen før dei hadde fått snakka med den ansvarlege leiar/lege. Berre dei kunne seie noko om dei faktiske forholda i den aktuelle saka.» Klagar forklarer vidare at redaktøren skal ha gjeve «inntrykk av at han på dette tidspunkt (torsdag ettermiddag) ville vente på innspel frå våre fagfolk (leiar/lege), før han gjekk vidare med saka». Slik klagar ser det, er ein «generell kommentar frå klinikkdirektøren på ei så alvorleg sak» ikkje ei fullgod imøtegåing. Klagar legg også til at redaktøren verken gav inntrykk «av at dette var ei sak som skulle i trykken same ettermiddag/kveld» eller «nokon tidsfrist for når han måtte få eit tilsvar». Etter klagar sitt syn har Fjordabladet difor også brote kravet om å gjere premissane klare (VVP-punkt 3.3).

Når det gjeld tittelen, forklarer klagar: «På utkastet som vart førelagt klinikkdirektøren per e-post, var sitatstreken i overskrifta ikkje med. (…) Overskrifta blir i ferdig trykt versjon eit sitat, men ikkje nokon stad i artikkelen blir kjelda sitert på det som blir hevda i overskrifta. (…) Etter vårt syn er det ikkje noko som byggjer opp under at påstanden om juks er riktige. Dersom avisa verkeleg har mistanke om at det blir drive med systematisk juksing av ventelister, burde dette vore dokumentert skriftleg og ved bruk av langt fleire kjelder.»

Klagar opplyser at Helse Førde ved ortoped Svenning i Lida fekk kome til orde i ein artikkel to dagar seinare, under tittelen «Juksar ikkje med ventelistene» (vedlagt, sekr.anm.). Klagar kan likevel ikkje sjå at dette endrar saka: «Etter vårt syn handla i utg.pkt denne saka aldri om juks, men om ein pasient som klaga på den behandlingsfristen han vart gjeven. (…) Det er når Fjordabladet gjer denne enkelthistoria og enkeltpasienten til kjelde for sitt hovudoppslag om at vi juksar med ventelister, at redaktøren tråkkar langt over streken. Då har avisa valt ei vinkling som, etter vårt syn, legg kravet til dokumentasjon, val av kjelder og fullgod imøtegåing på eit mykje høgare nivå enn det som var tilfelle i den aktuelle artikkelen. Ut i frå dette meiner vi at oppslaget også er eit klart brot på paragraf 3.2 i VV-plakaten.»

FORSØK PÅ EI MINNELG ORDNING:

Partane har vore i kontakt i eit forsøk på å finne ei minneleg løysing på saka, utan å lykkast.

TILSVARSRUNDEN:

Fjordabladet avviser at redaksjonen har brote god presseskikk, og forklarer, som klagar, at redaktøren var i kontakt med direktøren for kirurgisk klinikk onsdag 26. januar, og at han også fekk tilsendt eit utkast av artikkelen. Avisa skriv: «Dvergsdal gav uttrykk for at han berre kunne svare generelt på spørsmål om “juks” med ventelister. Vidare at han, om han skulle svare meir konkret på denne enkeltståande saka, måtte innhente detaljerte opplysningar frå seksjonsleiar for ortopedien, Svenning i Lida. Fjordabladet gav ingen lovnad om å vente med saka til eit seinare nummer, og spurte om avisa kunne sitere han på det han sa. Dette svarte Dvergsdal stadfestande på.» Etter redaksjonen sitt syn må pressa «kunne forvente at ein direktør på dette nivået skal kunne svare på rimeleg enk[le] spørsmål om helseføretaket triksar med pasientlister eller ikkje. Eventuelt innhente informasjonen svært raskt».

Vidare kan Fjordabladet heller ikkje sjå at premissane var uklare: «Premissane bør ver rimeleg klare (…) når direktørar i helseføretaket blir kontakta av pressa og i tillegg får oversendt utkast til artikkel at det er ei sak som skal publiserast. Premissane vart gjort endå klårare i telefonkontakt.»

Når det gjeld tittelen, meiner avisa at denne er «knytt direkte opp mot det som kjem fram i ingressen», samt til det som kjelda seier under mellomtitlane «Overtok alle tilvisingar» og «Ikkje slik det skal vere». Avisa legg dessutan til: «Fjordabladet reagerer sterkt på at Helse Førde stiller spørsmål ved om kjelda til Fjordabladet verkeleg har uttalt; “- Helse Førde juksar med ventelistene.” Val av kjelder og sjekking av fakta har vore svært grundig i denne saka, og føregått over lang tid. Fire uavhengige kjelder i Helse Førde har stadfesta det som Svein Fjørtoft seier.» Redaksjonen viser i denne samanheng til vedlagte dokument, mellom anna ein pasientjournal, samt ein tidlegare publisert artikkel som resulterte i at pasienten fekk framskunda operasjonen. Avisa legg også til: «Det er også viktig å merke seg at den type skulderskade som Fjørtoft hadde i alle andre helseføretak, etter prioriteringsvegleiar, ville gitt pasienten rett til helsehjelp.».

Slik Fjordabladet ser det, har redaksjonen gjennom publiseringa av den påklaga artikkelen jobba i samsvar med punkt 1.4 (avdekkje kritikkverdige forhold) og 1.5 (verne enkeltmenneske mot forsømming frå offentlege institusjonar) i Ver Varsam-plakaten.

Klagaren imøtegår argumenta frå Fjordabladet, og skriv, med omsyn til spørsmålet om kravet til samtidig imøtegåing er innfridd: «Påstandar om juks med ventelistene er sjølvsagt ikkje enkle spørsmål. (…) I følgje tilsvaret frå Fjordabladet har avisa arbeidd i lang tid med denne saka, og val av kjelder og sjekking av fakta har vore svært grundig. Viss det er tilfelle så er det underleg at Helse Førde ikkje får tid til å svare på påstandane som kjem fram.»

Når det gjeld premissane, forklarer klagar: «Helse Førde vart gjort kjent med eit utkast og var sjølvsagt såleis klar over at Fjordabladet hadde til formål å lage ein artikkel. Det var nettopp difor viktig for oss at dei personane med mest kjennskap til saka fekk uttale seg. I telefonsamtalen mellom klinikkdirektør Dvergsdal og redaktør Flatebø var det ein klar premiss at sistnemnde skulle kontakte avdelingssjef/seksjonsleiar for å få eit konkret tilsvar frå Helse Førde.»

Med omsyn til tittelen, peiker klagaren på at sitatet ikkje er å finne i artikkelen: «Eit sitat er ei direkte og ordrett avskriving av noko som blir sagt/hevda. Redaktøren kan ikkje ut frå eit resonnement “lage” eit sitat som skal oppsummere kva kjelda eigentleg meiner. Anten er dette noko som blir sagt, eller så er det det ikkje.»

Vidare står klagar fast ved at det er redaksjonen si oppgåve «å dokumentere at påstandane som kjem fram er sanne», og at dette må skje «[u]avhengig om det er Fjordabladet eller kjelda som meiner dette». Slik klagar ser det, ber heile artikkelen «preg av at avisa ynskjer å framføre ei skulding, og skjule seg bak ei pasienthistorie for å gje den legitimitet».

Fjordabladet står fast ved sitt syn om at redaksjonen ikkje har brote god presseskikk, og skriv: «Intervjuobjektet står inne for det han har sagt (…) Å påstå at Fjordabladet fabrikkerer sitat er ein påstand som berre gjer saka vanskelegare enn den i utgangspunktet er. Vi seier det for siste gong. Svein Fjørtoft har sagt: – Helse Førde juksar med ventelistene. Det har stått på trykk og blitt gjentatt i vårt tilsvar.»

Når det gjeld fakta i saka, innvender Fjordabladet: «Helseføretaket seier også ein del om at Fjordabladet legg saman ulike tal når det gjeld ventelister. Dette er ikkje rett. Fjordabladet har fått korrekte tal på kor mange som ventar for utgreiing (poliklinikk), kor mange som er utgreidde for behandling/operasjon. Kor mange som er i køen for dagkirurgi og kor mange som ventar på innlegging for større operasjonar. Fjordabladet ønskjer ikkje å opplyse kven kjelda er, bortsett frå at tala er kvalitetssikra. Dette gjeld også ventetidene. Når det gjeld korleis påstanden om juks kjem inn i biletet, så viser Fjordabladet til det som har blitt sagt av intervjuobjektet, som ikkje kom i køen for rett til helsehjelp, men altså hamna i den uprioriterte køen.»

Med omsyn til det at redaksjonen ikkje vil seie så mykje om sine kjelder, forklarer redaksjonen: «Fjordabladet kjem ikkje til å oppgje sine kjelder. Først og fremst av omsyn til kjeldene og kjeldevernet[.]» Fjordabladet viser i denne samanhang til VVP-punkt 3.4 og 3.5 (begge handlar om kjeldevernet). I tillegg har avisa lagt ved eit notat der ein tidlegare overlege innan ortopedi gjev sine vurderingar av praksisen til Helse Førde.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld ein artikkel i Fjordabladet med tittelen «– Helse Førde juksar med ventelistene». I artikkelen fortel ein pasient om korleis han meiner han blei feilprioritert i helsekøen, då han opplevde problem med skuldrene.

Klagar er Helse Førde ved informasjonssjefen, som meiner helseføretaket er utsett for sterke skuldingar utan at det er gitt reell moglegheit for samtidig imøtegåing. Slik klagar ser det, er påstandane så alvorlege at avisa også burde ha eit særskilt ansvar for å dokumentere dei. Det er spesielt tittelen klagar reagerer på og meiner det ikkje er dekning for i artikkelen. I tillegg innvender klagar at premissa ikkje blei klarlagt. Klagar fortel at redaksjonen var i kontakt med ein direktør i helseføretaket før publiseringa, og etter klagar sitt syn var det då ein klar premiss at avisa vidare skulle kontakte seksjonsleiar for å få eit konkret tilsvar frå Helse Førde, noko som ikkje blei gjort.

Fjordabladet meiner å ha gjeve Helse Førde tilstrekkeleg moglegheit for samtidige kommentarar. Avisa kan heller ikkje sjå at premissa har vore uklare, då Helse Førde både blei oppringt om saka og fekk eit utkast av artikkelen tilsendt. Fjordabladet forklarer at redaksjonen heller aldri gav nokon lovnad om å vente med saka til eit seinare nummer. Dessutan skal direktøren som blei intervjua, ha samtykka til at avisa kunne sitere han på det han sa. Når det gjeld tittelen, meiner avisa at det er dekning for denne, mellom anna i ingressen. Avisa opplyser elles at val av kjelder og sjekking av fakta har vore svært grundig i denne saka.

Pressens Faglige Utvalg vil først understreke at dei presseetiske normene ikkje stiller noko krav til at tittelen ordrett skal gjenfinnast i brødteksten. Likevel meiner utvalet at Fjordabladet med fordel kunne gjort dette, særleg fordi det handlar om eit sitat. Som det går fram av punkt 4.4 i Ver Varsam-plakaten, er føresetnaden at ein skal ha dekning for meiningsinnhaldet, og slik utvalet ser det, har Fjordabladet slik dekning.

Vidare vil utvalet leggje til at det dermed ikkje er sagt at utsegna er faktisk korrekt, noko ein tittel heller ikkje må vere, særleg ikkje når det altså handlar om ei meiningsytring, som her. Utvalet merkjer seg dessutan at ytringa er attgjeve med sitatstrek, ikkje hermeteikn, noko som inneber at avisa også kan gje att sitatet noko friare enn om det hadde vore sett med hermeteikn. Etter utvalet sitt syn er denne ytringa i tittelen ein sterk påstand av faktisk art som utløyser retten til samtidig imøtegåing (jf. VVP-punkt 4.14).

Utvalet konstaterer at det har vore kontakt mellom partane før publiseringa, og at ein direktør i Helse Førde også har fått lese gjennom eit utkast av artikkelen. Slik sett er det altså dokumentert at Helse Førde er gjort kjent med påstanden før publisering. Eit springande punkt i denne samanhengen er likevel kva som blei avtalt; utvalet noterer seg at partane ikkje er samde om kva slags premissar som låg til grunn. Klagar opplyser at direktøren ikkje kunne svara konkret på påstanden, og meiner at avtalen var at redaksjonen derfor skulle kontakte seksjonsleiaren for ei imøtegåing. Fjordabladet på si side meiner at direktøren samtykka til å bli sitert på det han sa, og at det ikkje blei gjort nokon lovnad om å vente med publiseringa.

Når det gjeld premissane, minner utvalet om at det er god presseskikk å gjere desse klare i intervjusituasjonar og elles i høve til kjelder og kontaktar (jf. VVP-punkt 3.3). Men sjølv om partane i føreliggande klagesak ikkje er samde om kva som blei avtalt, kan ikkje utvalet sjå at det føreligg dokumentasjon som skulle tilseie at Fjordabladet har handla presseetisk uakseptabelt i dette høve.

Det presseetiske spørsmålet som gjenstår er då om Fjordabladet har gjort nok for å innhente ein kommentar til den sterke påstanden, og om redaksjonen også har teke kontakt med rett adressat. Som det går fram av rettleiaren for VVP-punkt 4.14, basert på den tidlegare praksisen i PFU, er det den eller dei skuldingane rettar seg mot, som har rett til å imøtegå, ikkje dei redaksjonen meiner kan uttale seg på vegne av den/dei kritiserte. Utvalet konstaterer at det er Helse Førde som blir skulda for å jukse med ventelistene, men utvalet noterer seg også at ein seksjonsleiar er namngjeven og knytt opp til kritikken som kjem fram i artikkelen, og at han slik sett indirekte blir utsett for skuldingane. I lys av dette meiner utvalet at Fjordabladet med fordel kunne ha gitt også seksjonsleiaren moglegheit til å kommentere påstandane i artikkelen.

På den andre sida meiner utvalet at det må kunne leggjast vekt på at Helse Førde faktisk har blitt kjent med kritikken og påstanden før publisering, og slik sett har hatt moglegheit for å svare på skuldingane. Slik utvalet ser det, har Fjordabladet dessutan latt andre i helseføretaket følgje opp saka i ein seinare nyheitsartikkel og slik ivareteke tilsvarsretten (jf. VVP-punkt 4.15).

Etter ei samla vurdering finn utvalet at Fjordabladet ikkje har brote god presseskikk.

Oslo, 27. april 2011

Hilde Haugsgjerd,
John Olav Egeland, Marit Rein, Line Noer Borrevik,
Henrik Syse, Eva Sannum, Reidun Førde