Flora kommune, v. rådmann Fredrik Gulbranson mot Firdaposten

PFU-sak 033/05


SAMMENDRAG:
Firdaposten publiserte torsdag 3. februar 2005 eit framsideoppslag med tittelen «Vurderer rettsak mot Jahn og politiet» . Framsideteksten er som følgjer:

«Politiet trudde ikkje nok på sine eigne til å gjere straffesak av det som skal ha vore brot på skjenkereglane. Men Erling Jahn (bildet) og Flora kommune trudde. No tek Windjammer-drivarane Øystein Berge og Terje Andersen til motmæle. Ein politirapport Flora-politiet sjølv la bort, er grunnlaget for at Erling Jahn no vil straffe Windjammer med mellombels inndraging av skjenkeløyvet. Berge og Andersen har søkt råd hos juristane i Reiselivsbransjens Landsforbund.»

Oppslaget er illustrert med eit stort bilde av to menn. Bildeteksten er som følgjer:

«-Politiet kan ikkje ha sett noko som helst her i frå, meiner Øystein Berge (t.h) og Terje Andersen.»

Inne i avisa er tittelen » Kjenner seg rettslause». I ingressen står det:

«FLORØ: Politiet trudde ikkje nok på sine eigne til å gjere straffesak av det. Men Erling Jahn og Flora kommune trudde. No tek Windjammer-drivarane Øystein Berge og Terje Andersen til motmæle».

Innsideartikkelen er illustrert med eit bilde av dei to mennene framfor restauranten. I bildeteksten står det:

«OPPRØRTE: – Kan du sjå kva som går føre seg herifrå? spør Windjammer-drivarane Terje Andersen og Øystein Berge. Det hevda tre ferske politifolk at de gjorde, sjølv om det var mørkt, vêret var dårleg og dei sat i ein bil.»

I brødteksten framgår det at ein politirapport fra Florapolitiet er grunnlaget for at Erling Jahn vil mellombels inndra skjenkeløyvet til restauranten. «-Vi kjenner oss heilt rettslause . Det meste som står i rapporten er heilt feil, hevdar dei to ?opphavelege? kokkane Øystein Berge og Terje Andresen som no kontrollerer ein stor part av utestadane i Florø. Det endelege svaret om straffa har dei enno ikkje motteke frå kommunens sjef for skjenkekontrollane, Erling Jahn. Dei har lenge meint at dei har hatt eit greitt forhold til Jahn. Men no veit dei ikkje lenger etter at førstekonsulenten stod fram i Firdaposten og varsla at han ville gje dei straff, lenge før saka var ferdig behandla.»

I politirapporten «kunne dei lese at det vart servert alkohol ut over vanleg skjenketid, at røykeforbodet blei brote, at det både blei røykt og drukke alkohol samtidig i eit tilstøytande rom. Alt dette er direkte feil, hevdar dei to.» Vidare framgår det at politiet skal ha lagt vekk saka «etter nærare undersøkingar. Likevel går kommunen vidare og skal straffe Windjammer.»

«Windjammer-eigarane kan no venta seg opp til to vekers stenging. Dette kan gje eit omsetningstap på eit par hundre tusen kroner. -Det verste er likevel at eit slikt opphald endrar utevanane til folk, i ein periode då alle i bransjen i Florø slit tungt.» Vidare går det fram at eigarane ikkje har tiltru til «dei tilfeldige Securitas-kontrollørane som Florø kommune har sett inn for å kontrollere skjenkinga på utestadene i Florø. Derfor oppmodar dei no Flora kommune og ?sjefen for det kommunale kontrollapparatet?, Erling Jahn, om snarast å samle heile utebransjen til eit felles møte for å diskutere forholda.»

Tysdag 8. februar følgjer avisa opp saka under tittelen «-Tvingar på oss hardare klima». I ingressen står det:

«Florø: Restauratørane Terje Andersen og Øyvind Berge åtvarar mot at firkanta praktisering av skjenkekontrollar kan føre til eit hardare klima i Strandgata.»

Oppslaget er illustrert med eit bilete at dei to ?restauratørane?, og i bildeteksten står det:

» Skremde: Dei to restaurantdrivarane Terje Andersen og Øystein Berge hevdar at dagens måte å kontrollere skjenkestadane på gjer dei nesten rettsaluse. Dei fryktar no at utestadane vil bli skremde frå å drive positivt ?sosialarbeid?.»

I brødteksten går det fram at Andersen og Berge fryktar at ei streng handheving av skjenkekontrollen vil føre til at ansatte i restauranten ikkje vil våge å ta vare på folk utanfor som har skadd seg eller har drukke for mykje.

I ein undersak , med tittelen «Tildelte innandørs røykeløyve», blir 1. konsulent Erling Jahn konfrontert med at han ga restauranten «eit spesialløyve for innandørs røyking til
Windjammer». Løyvet er no inndrege. På spørsmål om han har løyve til å gje unntak frå røykelova, svarar Jahn at han ikkje opplevere «det som noko problem så lenge eg er gitt fullmakt til å ha heile det kommunale ansvaret for kontrollen av utestadane?Kanskje gjorde eg noko gale. Det får eg heller ta kritikk for, svarar den kommunale sjefen for skjenkekontrollane i Flora.»

I ei anna undersak , med tittelen «-Vi trur sjølvsagt på våre eigne», svarer politistasjonssjef Nils Erik Eggen på kritikken avisa reiste mot den tidlegare omtala rapporten. «-Dette er med respekt å melde berre tull, og vi vil ikkje ha på oss at vi ikkje trur på kva kollegane på huset gjer, seier Eggen. Han viser til at det ofte blir skrive rapportar også i tilfeller der ein er usikker på om forholda er straffbare. »

Eggen hevdar at saka var eit tvilstilfelle, og at den difor vart lagt vekk. På spørsmål om kvifor dei sende saka til kommunen, svarar Eggen at «sjølv om ei sak ikkje blir vurdert som straffbar, så har den også ei forvaltningsmessig side. Difor rapporterer vi slike hendingar til kommunen, avsluttar Eggen.»

Torsdag 10. februar svarar rådmann Fredrik W. Gulbranson på kritikken mot kommunen og skjenkekontrolløren i eit lesarbrev med tittelen «Om å rette bakar for smed.» Her rettar rådmannen sterk kritikk mot avisas dekning av saka. «I denne saka har Firdaposten latt seg bruke av eit privat foretak til overgrep mot ein privatperson. Ukritisk bruk av kjelder og manglande kontroll med saka sine fakta, er også ein del av bilete.»

KLAGEN:
Klagaren, Flora kommune ved rådmann Fredrik Gulbranson, meiner Firdaposten er blitt brukt for å » henge ut ein einskildperson ?.Både redaktør og journalist har tilstrekkeleg kunnskap om forvaltningssystemet til å vite at det er Flora kommune som har mynde i høve til dei offentlege avgjerder . Det er kanskje slik at ein offentleg tenesteperson må vere budd på noko meir fokus enn andre privatpersonar, men likevel slik at det må kunne vere krav til å skilje mellom den offentlege personen og privatpersonen .»

Vidare reagerer klagaren på at avisa blandar kommentar og faktiske opplysning i reportasjen. Klagaren kan heller ikkje sjå at avisa i tilstrekkeleg grad har kontrollert fakta i saka, og viser til omtalen av politirapporten. «Det er ikkje grunnlag for avisa sin påstand om at politiet ikkje trudde sine eigne, men dette er nytta som grunnlag for å ?henga ut? Erling Jahn med namn sjølv om han berre er tilsett i kommunen?.Firdaposten kan umogeleg ha kontrollert dei opplysningane dei bygde artikkelen på, og det er uforståeleg for meg kvifor FP på eit slikt grunnlag i overskrift og artikkel på førstesida presenterer saka som at det er Privatpersonen Erling Jahn som vil straffe?Windjammer?.»

TILSVARSRUNDEN:
Firdaposten meiner klagarens vedlagte artiklar «dannar eit skeivt bilete av ?Windjammersaka?, då klagaren ikkje tek med artikkelen som faktisk utløyste reaksjonen og
trugsmål med å gå rettens veg .» Redaksjonen viser til at førstekonsulent Jahn gjekk ut i
«Firdaposten 27. januar og bebuda skjenkestraff for den aktuelle utestaden. Her stilte Jahn
velvillig opp i Firdaposten for intervju og fotografering utanfor publokalet, og fortalde i klare ordelag at utestaden ville få inndrege skjenkeløyvet sitt mellombels. Det gjorde han til overmål før han hadde konkludert med omfanget av straffa og informerte pubeigarane om dette.»

Redaksjonen viser også til at førstekonsulenten i artikkelen frå 8. februar uttalar at han » er gitt fullmakt til å ha heile det kommunale ansvaret for kontrollen av utestadane «, samtidig som rådmannen i sitt lesarbrev skriv: » Firdaposten veit godt at privatpersonen Erling Jahn ikkje har noko som helst mynde i høve til regelverket knytt til sal og skjenking av alkoholhaldig drykk. Det er Flora kommune som forvaltar regelverket .»

«At kommunen forvaltar regelverket er det inga tvil om. Men etter vårt syn rår det i beste fall ei forvirring om kva rolle og mynde førstekonsulenten faktisk har når det gjeld skjenking i kommunen. Det viser dei motstridande utsegnene vi har sitert over.»

Firdaposten viser til at det nettopp er førstekonsuletens utøving av si fullmakt som har fått Windjammer-eigarane til å reagere. «Å framstille førstekonsulenten som ein som må beskyttas mot overgrep frå eit privat føretak, blir i våre auge å snu heile saka på hovudet. Det er Erling Jahn som representerer makta i denne saka, ikkje dei to pubvertane?.Det er nemleg ikkje Flora kommune sin skjenkepolitikk pubvertane slår tilbake mot, men måten Erling Jahn praktiserer den på.»

Firdaposten avviser at avisa har blanda kommantarjournalistikk inn i reportasjen, og kan ikkje sjå at klagaren har dokumentert usanne eller feilaktige opplysningar. Avisa understrekar at politiet la bort rapporten «fordi dei fullstendig mangla prov på at noko straffbart hadde føregått. Likevel blei den same rapporten sendt til og brukt av førstekonsulent Erling Jahn som grunnlag for å ta skjenkeløyvet frå ein utestad. Den som blir råka av ei slik form for kommunal maktutøving, attpåtil basert på mangelfullt utført politiarbeid, må vere i sin fulle rett til å gå til media og blåse ut frustrasjon og ta til motmæle».

Klagaren opprettheld klagen på alle punkt, og står fast på at Firdaposten «blandar privatpersonen Erling Jahn og Førstekonsulent Jahn i Flora kommune på eit slikt vis at det skal ha til føremål å verka belastande på privatpersonen.» Klagaren viser også til at pubvertane ikkje hadde klaga på saka til kommunen då Firdaposten publiserte reportasjen. «Difor reagerer Rådmannen i denne saka. Når ein tilsett faktisk gjer jobben sin, burde ein forvente at ?Windjammer? retta ei klage til hans overordna dersom dei meinte at han ikkje utøvde fullmaktene på sakleg vis.»

Etter klagarens syn vrir Firdaposten på «fakta for å sverte ?motstandaren? sitt synspunkt?, og hevdar «Firdaposten har produsert misvisande biletmateriale i FP sitt forsøk på å synleggjere at politiet sin rapport var uriktig.» Klagaren avviser også at rapporten frå politiet vart lagd bort, og viser til at den vart sendt kommunen.

Firdaposten kan ikkje sjå at klagaren har tilført «nye viktige moment», og understrekar på ny «at det var nettopp det lemfeldige politiarbeidet og Erling Jahns bruk av
?etterforskningsmaterialet? som fekk dei to pubvertane til å føle at begeret flaut over. Difor gjekk dei også til media med saka.»

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALAR:
Klagen gjeld to reportasjar i Firdaposten, der ein namngjeven og avbilda kommunal skjenkekontrollør blir omtala tilknytta ein konflikt med ein restaurant. Klagaren, rådmannen i Flora med samtykke frå den omtala kontrolløren, meiner Firdaposten urettvist har hengt ut ein offentleg tenestemann og i for stor grad retta kritikken mot han som privatperson. Etter klagarens meining vert skjenkekontrolløren framstilt som ein privatperson som nyttar ein påstått bortlagt politirapport for å straffe restauranten. Klagaren avviser at rapporten er bortlagt, og viser til at politiet oversendte dokumentet til kommunen. Vidare meiner klagaren at Firdaposten har blanda kommentar og faktiske opplysningar i reportasjen.

Firdaposten viser til at det var skjenkekontrolløren som først gjekk ut i avisa og bebuda skjenkestraff mot restauranten på grunnlag av politirapporten. Redaksjonen hevdar rapporten vitnar om mangelfullt politiarbeid og at politiet la den bort fordi dei mangla prov på at noko straffbart hadde føregått. Etter redaksjonens meining er det nettopp det lemfeldige politiarbeidet og skjenkekontrollørens maktutøving som legitimerer omtalen av saka og kontrolløren. Firdaposten avviser at den har blanda kommentarar og faktiske opplysningar, og kan ikkje sjå at klagaren har påvist feilaktige opplysningar i dekninga.

Pressens Faglige Utvalg meiner Firdaposten var i sin fulle rett til å setje søkelyset på kontrollørens bebuda skjenkestraff og politirapporten som låg til grunn for denne.

Utvalget merkar seg at dei innklaga reportasjane kom som direkte følgje av skjenkekontrollørens uttalelsar om brot på skjenkebestemmelsane ved utestaden. Etter utvalgets meining må offentlege tenestemenn tåle å bli eksponert og utsett for kritikk innafor sine ansvarsområder. Utvalget legg her vekt på at skjenkekontrolløren forvaltar ei betydelig makt på vegne av fellesskapet. Slik utvalget ser det, måtte det stå redaksjonen fritt kritisk å etterprøve grunnlaget for skjenkestraffen. Sjølv om avisa med fordel kunne ha knytta kontrollørens yrkestittel direkte til namnet hans, finn utvalget at kritikken rettar seg mot kontrolløren som offentleg tenestemann, og ikkje som privatperson.

Utvalget kan heller ikkje sjå at avisa blandar kommentarar og faktiske opplysningar, og noterer seg at klagaren seinare har fått komme til orde med tilsvar.

Firdaposten har ikkje brote god presseskikk.

Oslo, 24. mai 2005
Odd Isungset,
Hilde Haugsgjerd, Kathrine Aspaas,
Ingeborg Moræus Hanssen, Eva Sannum, Trygve Wyller