NN og XX mot Firdaposten

PFU-sak Sak 070AB/23


Firdaposten braut god presseskikk

Mobbing i skuleverket er eit samfunnsproblem som Firdaposten skal ha ros for å setje på dagsorden. Samstundes braut avisa kravet til kjeldekritikk, samt barn sin rett til samtidig imøtegåing av sterke skuldingar. Avisa tok heller ikkje nok omsyn til konsekvensane som artikkelen kunne få for mindreårige.


Firdaposten
publiserte ein artikkel der føresette til to skulejenter skildra ei rekke hendingar som barna skal ha vorte utsette for. Bakgrunnen var ei mobbesak der Statsforvaltaren slo fast at skulen svikta i møtet med rasistiske krenkingar, diskriminering og utfrysing av to skulebarn.

Klagar:
Føresette til medelevar klaga, og meinte avisa publiserte injurierande påstandar både mot elevar og lærarar. Klagarane reagerte på at barna ikkje hadde fått vern, og peika på at medelevar lett blir identifiserbare i eit lite lokalsamfunn. Klagarane meinte avisa ukritisk har formidla påstandar utan å kontrollere opplysingane, og latt vere å gje barna eller føresette mogelegheit til å svare for seg. Klagarane meinte anonyme fekk setje fram negative personkarakteristikkar, og peika på at spesifikke episodar der t.d. orda jente og gut var identifiserande. Hatmeldingar og omtale i sosiale medier vart trekt fram som sterke, negative konsekvensar for barna.

Mediet:
Firdaposten opplyste at dei lot dei føresette få fortelje si historie, for å vise fram konsekvensane av mobbing over år, og eit vedtak frå Statsforvaltaren som kritiserte skulen. Avisa forsto at artikkelen kunne virke ubalansert i utgangspunktet, men la til at dei aldri vurderte å snakke med klassekameratar. Redaksjonen viste til at kritikken var retta mot skulen, og at kommunedirektøren tidlegare hadde fått svare for denne. Avisa meinte ho ikkje hadde identifisert barna, og peika i høve opplysingskontrollen på at kjelda var vedtaket frå Statsforvaltaren. Firdaposten peika på at ingen namngitte vart utsette for sterke skuldingar, sjølv om dei fortalde om episodar med personar som ikkje var namngitt.  

 

PFU si vurdering:
Pressens Faglige Utvalg (PFU) peikar på at mobbing og dårleg arbeidsmiljø i skulen er eit samfunnsproblem som det er viktig å løfte fram i offentlegheita. Difor var familien si historie og Statsforvaltaren sitt vedtak relevant å omtale.

I artikkelen blir det skildra detaljerte hendingar ved ein relativt liten skule, i eit lite lokalsamfunn. Utvalet legg merke til at ingen motpart slepp til orde, verken medelevar eller deira føresette.

Samtidig imøtegåing gjeld dei omtalte
PFU konstaterer at det blir sett fram sterke skuldingar i artikkelen. Den som blir utsett for sterke skuldingar skal så vidt mogeleg få høve til samtidig imøtegåing av faktiske opplysingar, jf. Ver Varsam-plakaten (VVP) sitt punkt 4.14. Sjølv om kommuneleiinga i ein tidlegare artikkel har fått kommentere Statsforvaltaren sitt vedtak, kan ikkje utvalet sjå at dei som skal ha stått for mobbing og klanderverdig oppførsel, har fått svare for seg.

PFU finn grunn til å minne om at ein kommunedirektør ikkje kan ivareta retten til imøtegåing for andre som blir omtalt i publiseringa. Utvalet merker seg dessutan at heller ikkje direktøren har uttalt seg i den påklaga artikkelen.

Plikt til å ettergå opplysingar
Den samtidige imøtegåinga har i tillegg til at dei omtalte får svare for seg, ein annan viktig funksjon knytt til den journalistiske arbeidsprosessen: Mediet pliktar så langt det er mogeleg å kontrollere at dei opplysingane som blir publisert, er riktige. Når alle partar ikkje kjem til orde, kjem ein samstundes i vanskar når det gjeld å oppfylle dette kravet om kjeldekritikk og opplysingskontroll, jf. VVP 3.2. Avisa får då ikkje fram kva den angripne part meiner skal ha skjedd. Firdaposten har difor svikta i å oppfylle krava i punktet.

Barn har rett til å uttale seg
Barn har eit særskilt vern i presseetikken, jf. VVP 4.8. Mediet skal ta omsyn til konsekvensane medieomtalen kan få for barnet. Påstandar om rasisme, mobbing og trakassering er skuldingar av særs sterk karakter. Desse råkar mindreårige medelevar. PFU forstår at dette kan vere ei tung bør å få lagt på seg.

Utvalet finn også grunn til å presisere at barn har ein klar rett til å uttale seg i saker som handlar om dei. PFU kan ikkje sjå nokre teikn til at dette er ivareteken verken i artikkelen eller i tilsvarsrunden. Omtalen er særs detaljert og kan dermed identifisere medelevar i eit lokalsamfunn.

Firdaposten har brote god presseskikk på punkta 3.2, 4.8 og 4.14 i Vær Varsam-plakaten.

 

Oslo, 21.06.2023.

Anne Weider Aasen,
Ellen Ophaug, Gunnar Kagge, Stein Bjøntegård,
Øyvind Kvalnes, Ingrid Rosendorf Joys, Nina Fjeldheim