Tilbake til "Vær Varsom-plakaten"

Ver Varsam-plakaten

Etiske normer for pressa (trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar).

Den enkelte redaktøren og medarbeidaren har ansvar for å kjenne dei etiske normene til pressa, og pliktar å leggje desse til grunn for verksemda si. Presseetikken gjeld heile den journalistiske prosessen, frå innsamlinga til presentasjonen av det journalistiske materialet.

1 Samfunnsrolla til pressa
1.1  Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig og sannheitssøkande presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.

1.2  Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.

1.3  Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Avtalar om eksklusiv formidling av arrangement skal ikkje vere til hinder for fri informasjonsformidling.

1.4  Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.

1.5  Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

2. Integritet og truverde
2.1. Den ansvarlege redaktør har det personlege og fulle ansvar for innhaldet i mediet og avgjer med endeleg verknad spørsmål om redaksjonelt innhald, finansiering, presentasjon og publisering. Redaktøren skal opptre fritt og uavhengig overfor personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle innhaldet. Redaktøren skal verne om produksjonen av fri og uavhengig journalistikk i redaksjonen.

2.2. Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.

2.3. Ver open om bakanforliggande forhold som kan vere relevante for korleis publikum oppfattar det journalistiske innhaldet.

2.4 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga si til å oppnå private fordelar, i form av pengar, varer, tenester eller anna, som kan oppfattast å vere kompensasjon frå utanforståande for redaksjonelle ytingar.

2.5 Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggast å gjere noko som strir mot eiga overtyding.

2.6 Svekk aldri det klare skiljet mellom journalistikk og reklame. Det skal vere openbert for publikum kva som er kommersielt innhald. Skiljet skal vere tydeleg også ved lenking eller andre koplingar. Avvis kommersielt innhald som kan forvekslast med den journalistiske presentasjonen i det einskilde medium.

2.7 Journalistisk omtale av produkt, tenester, merkenamn og kommersielle interesser, også mediets eigne, skal vere journalistisk motivert og ikkje stå fram som reklame. Oppretthald eit klart skilje mellom marknadsaktivitetar og redaksjonelt arbeid. Gje aldri tilsegn om journalistiske motytingar for reklame. Unngå ukritisk vidareformidling av PR-stoff.

2.8 Eksterne kjelder til finansiering skal ikkje ha innverknad på nokon del av mediet si journalistiske verksemd, val av kjelder og prioriteringar. Unngå ekstern finansiering og avtalar som bidreg til at publikum kan reise tvil om redaksjonen si truverd. Ver særleg varsam ved ekstern finansiering av nyheitsjournalistikk. Ekstern finansiering av journalistikk retta mot born må ta omsyn til born sine særskilde behov for vern. Skjult reklame er ikkje i samsvar med god presseskikk. Vis openheit om avtalar og korleis journalistikken er finansiert. Om journalistisk innhald er eksternt finansiert, skal dette vere openbart for publikum.

2.9 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta imot påbod om oppdrag frå andre enn den redaksjonelle leiinga.

3 Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene
3.1 Kjelda for informasjon skal som hovudregel identifiserast, med mindre det er i konflikt med kjeldevernet eller omsynet til tredjeperson. Kjelder bør som hovudregel ikkje få setje fram negative personkarakteristikkar anonymt.

3.2 Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som blir gitt er korrekte. Det er god presseskikk å arbeide for breidde og relevans i kjeldevalet. Ver særleg aktsam ved behandling av informasjon frå anonyme kjelder, informasjon frå kjelder som tilbyr eksklusivitet, og informasjon gitt frå kjelder mot betaling.

3.3 Det er god presseskikk å klargjere premissane i kontakten med kjelder. Dersom det blir inngått avtale om sitatsjekk, bør det gjerast klart kva avtalen omfattar og kva fristar som gjeld. Redaksjonen avgjer sjølv kva som endeleg blir publisert.

3.4 Vern om kjeldene til pressa. Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt samfunn og ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon.

3.5 Gi ikkje opp namnet på kjelda til opplysningar som er gitt fortruleg, dersom dette ikkje er uttrykkjeleg avtalt med vedkomande.

3.6 Av omsyn til kjeldene og sjølvstendet til pressa har ingen rett til å få utlevert upublisert materiale.

3.7 Kjelder skal refererast korrekt. Pressa har plikt til å gje att meiningsinnhaldet i det som blir brukt av utsegnene til
intervjuobjektet. Ingen kjelder har krav på å bli refererte fullstendig.

3.8 Dersom det er avtalt sitatsjekk, skal den primært bidra til å sikre at kjelda er korrekt referert og til korrigering av faktiske feil. Ingen utan redaksjonell mynde kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale.

3.9 Opptre omsynsfullt i det journalistiske arbeidet. Misbruk ikkje andres kjensler, manglande medieerfaring, vankunne eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.

3.10 Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste utvegen for å avdekkje forhold som har vesentleg samfunnsinteresse.

3.11 Pressa skal som hovudregel ikkje betale kjelder og intervjuobjekt for informasjon. Vis moderasjon ved honorering for nyheitstips. Det er ikkje i samsvar med god presseskikk å ha betalingsordningar som er eigna til å freiste menneske til urettmessig å trø innanfor privatsfæren til andre eller til å gi frå seg personsensitiv informasjon.

4 Publiseringsreglar
4.1  Legg vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon.

4.2  Gjer klart kva som er faktiske opplysningar, og kva som er kommentarar.

4.3. Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, etnisitet, nasjonalitet og livssyn. Ver varsam ved bruk av omgrep som kan verke stigmatiserande. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette er saka uvedkomande.

4.4  Sjå til at overskrifter, tilvisingar, ingressar og inn- og utannonseringar ikkje går lenger enn det er dekning for i stoffet. Det er god presseskikk å gi opp kjelda når opplysningar er henta frå andre medium.

4.5  Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meld, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtalte tidlegare.

4.6  Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse.

4.7  Ver varsam med bruk av namn og bilete og andre klare identifikasjonsteikn på personar som vert omtalte i samband med klanderverdige eller straffbare forhold. Ver særleg varsam ved omtale av saker på eit tidleg stadium av etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar, og i saker der identifiserande omtale kan føre til urimeleg belastning for tredjeperson. Identifisering må grunngivast i eit rettkome informasjonsbehov. Det kan til dømes vere rettkome å identifisere når det er overhengande fare for overgrep mot forsvarslause personar, ved alvorlege og gjentekne kriminelle handlingar, når identiteten eller samfunnsrolla til den omtalte har klar relevans til dei forholda som vert omtalte, eller der identifisering hindrar at uskuldige blir utsette for grunnlaus mistanke.

4.8  Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering. Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker.

4.9 Ved omtale av sjølvmord og forsøk på sjølvmord er det god presseskikk å legge vekt på ei nøktern framstilling. Vis omsyn til dei som er direkte råka. Ver varsam ved omtale på eit tidleg tidspunkt. Det krevst høg aktsemd ved skildring av metode og den spesifikke staden for handlinga.

4.10  Ver varsam med bruk av bilete i andre samanhengar enn den opphavlege.

4.11  Vern om truverdet til det journalistiske fotografiet. Bilete som vert brukte som dokumentasjon, må ikkje endrast slik at dei skaper eit falskt inntrykk. Manipulerte bilete kan berre aksepterast som illustrasjon når det går tydeleg fram at det dreier seg om ein montasje.

4.12  Det gjeld dei same krava til aktsemd ved bruk av bilete som ved skriftleg og munnleg framstilling.

4.13  Feilaktige opplysningar skal rettast og eventuelt unnskyldast snarast råd.

4.14  Dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig. Debatt, kritikk og nyheitsformidling må ikkje hindrast ved at partar ikkje er villige til å uttale seg eller medverke til debatt.

4.15  Dei som er blitt utsette for åtak, skal snarast få høve til tilsvar, med mindre åtak og kritikk inngår som ledd i ei løpande meiningsutveksling. Ha som krav at tilsvaret er av rimeleg omfang, held seg til saka og har ei anstendig form. Tilsvar kan nektast dersom parten det gjeld utan sakleg grunn har avvist tilbod om samtidig imøtegåing i same spørsmål. Tilsvar og debattinnlegg skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk replikk.

4.16  Ver varsam med å opprette peikarar frå digitale utgåver til innhald som bryt med god presseskikk. Syt for at peikarar til andre medium eller publikasjonar er tydeleg merkte. Det er god presseskikk å informere dei som bruker interaktive tenester om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken av tenestene.

4.17  Dersom redaksjonen vel å ikkje førehandsredigere digitale meiningsutvekslingar, må dette gjerast kjent på ein tydeleg måte for dei som har tilgang. Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for så snart som råd å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk.

Ord og bilete er mektige våpen, misbruk dei ikkje!

Vedtekne av Norsk Presseforbund første gong i 1936, seinare reviderte i 1956, 1966, 1975, 1987, 1989, 1990, 1994, 2001, 2005, 2007, 2015, 2020, 2023 (gjeldande frå 01.01.2024).

Tilbake til "Vær Varsom-plakaten"