NN mot Sunnhordland

PFU-sak 006/11


SAMMENDRAG:

Sunnhordland omtalte tysdag 11. januar 2011 ein rettssak der ei kvinne var sett under tiltale for brot på Straffelova og Hundelova. I ingressen sto det:

«Gamle [forhold] og glefsande hundar var berre nokre av ingrediensane då ei [alder] gammal dame stod tiltalt i Sunnhordland tingrett.»

Av brødteksten gjekk det fram at hundane til kvinna ved eit høve skal ha glefsa mot ein turgåar, og at ein av hundane også skal ha bite han over kneet. I tillegg skal to av hundane seinare ha bjeffa og skremt to hestar. Vidare heitte det:

«Etter desse episodane valde politiet å skriva ut eit førelegg til kvinna, som ho nekta å vedta. Dermed enda saka i rettsapparatet.»

Ifølgje tiltalevedtaket som Sunnhordland referer til i artikkelen, skal det også ha vore «fleire episodar i kjølvatnet av dei første hendingane». Det blir også fortalt at tiltalte skal ha kontakta eit vitne, og at tiltalte då skal ha forsøkt «å få han til å endra vitnemålet sitt». Dette ifølgje vitnet sjølv. Vidare heitte det:

«Men den [alder] år gamle kvinna nøydde seg ikkje med å kontakta [vitnet]. Fire dagar seinare var ho igjen på telefonen, denne gongen med hesteeigaren sjølv[.]»

Ifølgje vitneutsegna til hesteeigaren skal også han ha blitt truga av kvinna. I denne samanhengen blei det også referert til ei gammal sak som involverte familien til kvinna.

Avslutningsvis i artikkelen blei også dommen referert:

«[K]vinna [er] idømt ei bot på 5.000 kroner for brota på Hundelova. (…)Ho må også dekka 3.000 kroner i sakskostnader. På tiltalepunkta som går på brot på Straffelova var retten delt, med to dommarar mot ein i kvinna sin favør. Dermed er ho frifunnen på dei alvorlegaste tiltalepunkta, og slepp anna straff enn bota for brot på Hundelova.»

Artikkelen opptok nesten ei heil side. Halve sida var via til ein illustrasjon, ein «satirisk» teikning av ei kvinne som luftar hundane sine. Hundane glefsar etter ein mann og ein hest. I biletteksten sto det:

«Kvinna var ute og lufta hundane sine, som glefsa mot ein turgåar. Dette var starten på ein opprivande nabokonflikt i ei bygd i Sunnhordland.»

KLAGEN:

Klagar er den omtalte kvinna. Ho meiner Sunnhordland ikkje har trådd varsamt nok, og skriv: «De har skrevet om personlige ting og forhold som er svært belastende for meg og min familie fordi vi har blitt identifisert gjennom dette avisoppslaget.»

Slik klagar ser det, er det ut frå opplysingane (mellom anna hennar alder, talet på hundar ho eig, etc.) i artikkelen ikkje vanskeleg for folk å skjøne kven det er snakk om. Klagar fortel også at nærmiljøet kjenner til nabokrangelen og at det har vore ei rettssak. Dessutan opplyser ho at ho har fått reaksjonar etter omtalen, noko som har vore så vanskeleg at ho no held seg heime.

Når det gjeld opplysningane i artikkelen, peiker klagaren også spesielt på omtalen den gamle saka som gjeld familien, og at avisa nå brettar denne saka ut for «alle»: «Det er svært vondt og opprørende[.]»

Klagaren reagerer vidare på teikninga som illustrerer artikkelen: «Det store oppslaget med avskyelig tegning har gjort det veldig lett å få øye på og skape interesse for artikkelen hos leserne. Hundene mine fremstår som monstere. Det er snille hunder alle sammen, og jeg har alltid vært en ansvarbevisst og seriøs hundeeier og oppdretter som har tatt svært godt vare på hundene mine. I hundemiljøet er jeg kjent for å drive seriøst og godt[.]»
 
Slik klagar ser det, skulle saka ikkje ha vore ei rettssak, og heller ikkje omtalt: «Det er den velkjente fjæren som her er blitt til ti høns, minst. Og jeg føler meg veldig overkjørt av vanskelige naboer og politi som har stått veldig på for å få denne saken opp for retten. Denne naboen har løpt til lensmannen utallige ganger og beskyldt hundene for ting som de aldri har gjort, noe de heller ikke gjorde denne gangen. Derfor føles det ekstra vondt og vanskelig at «alle» nå kan lese og gotte seg og gjøre seg opp en mening uten at jeg kan forklare.»

TILSVARSRUNDEN:

Sunnhordland forklarer om bakgrunnen for artikkelen: «I utg.pkt ville ei sak som gjekk på bot for brot på hundelova vore ein notis, men i dette tilfellet viste det seg at saka var såpass spesiell at me valde å gjera meir ut av dommen – på grunn av saka sin spesielle karakter. Og fordi det i dette tilfellet kan synast som ein bagatell har kome heilt ut av proporsjonar, og kva følgjer slikt kan få for dei involverte partane.»

Med omsyn til spørsmålet om identifisering, skriv avisa: «Nettopp på grunn av saka sin spesielle karakter, og det faktum at det i denne saka også blir blanda inn [avisa omtaler her ein gamal sak, sekr. anm.], så har me gått lenger i vår anonymisering enn me plar gjera. Me dekkjer seks kommunar i Sunnhordland, med til saman kring 50.000 innbyggjarar.
I denne saka har me ikkje skrive kva kommune det dreiar seg om, slik me normalt gjer.»

Sunnhordland legg også til at redaksjonen har unnlate å nemne kva for eit politidistrikt som tok ut tiltale mot kvinna, også for å unngå å identifisere meir enn naudsynt, men peiker på:
«Denne saka er så spesiell og velkjend i lokalsamfunnet at uansett kor langt me hadde gått i anonymisering/aldersfastsetjing, så ville folk som bur i området visst kven dette var.
Folk ville også visst kven som var dømt om me skreiv ei mindre sak, eller ein notis.»

Vidare meiner ansvarleg redaktør: «Eg har sjølvsagt stor forståing for at dette er ei stor belastning, men saka kunne vore unngått ved at tiltalte, som trass alt vart dømt for brot på hundelova, godtok førelegget. Det er difor hennar eigen skuld at saka kjem opp i rettssystemet og dermed vert ei offentleg sak. At ho driv eit godt hundehald og at saka er ei fjør som har blitt til fem høns kan godt vera, men her har me ein dom å halda oss til.»

Når det gjeld kontakt med klagaren, fortel redaktøren: «Klagar kontakta meg same kvelden som saka stod på trykk og forklarte situasjonen. Eg har forståing for at dette kan følast som ei ekstrabelastning, noko eg gav uttrykk for, og eg prøvde å forklara våre vurderingar og korleis me jobba og tenkte. Eg prøvde å vera så imøtekomande som mogeleg, utan at me kom til semje. Uansett vil jo ikkje ei eventuell retting eller presisering endra noko i dette tilfellet. Det var heller ikkje noko krav frå den tiltalte/dømde, slik eg oppfatta ho. Eg oppfatta heller ikkje at ho ville ha noka form for orsaking.»

Elles opplyser avisa at ho truleg vil følgje saka vidare i rettssystemet, «fordi det er vår plikt», og at det truleg vil skje i form av «ein notis om den endelege dommen».

Klagaren peiker på at Sunnhordland også meiner at ein bagatell har kome ut av proporsjonar, men at avisa likevel blæs saka opp: «Hvis de hadde til hensikt å latterliggjøre det offentlige p.g.a. dimensjonene som denne saken har fått, har de ikke greid det. Den som er blitt latterliggjort og uthengt er jeg og min familie. Det er vi som er blitt skadelidende på toppen av de problemer og skade som selve saken har gitt oss.» Vidare gjentek klagaren at ho har motteke tyngjande kommentarar etter omtalen, men at også nokre har vore støttande. Likevel har artikkelen medverka til at ho no mellom anna er i tvil om ho orkar å fortsetje i jobben.

Slik klagaren ser det, vil folk tru på det avisa har skrive: «Lite vet de at dette ikke er sant. At jeg aldri har truet noen og at mine hunder heller aldri har bitt noen. (Det kom forresten frem i retten. Men der var ingen fra avisen.) Og slik jeg ser det har jeg ingen mulighet til å forsvare meg. Dette blir stående, og jeg er for alltid merket som en kriminell (…). Derfor blir dette så fryktelig gale.»

Når det gjeld anonymiseringa, avviser klagaren at dette er gjort godt nok, slik avisa meiner: «De kunne utelatt alder og de kunne utelatt antall hunder, og de kunne utelatt det store oppslaget og den store tegningen. Jeg skjønner ikke at samfunnsnytten av at folk får greie på dette skal overskygge det helvete jeg nå går igjennom. (…) Når avisen er så sikker på at uansett hvor langt de hadde gått i anonymiseringen så hadde lokalsamfunnet skjønt hvem dette var så burde de ikke skrevet artikkelen som de gjorde.» I denne samanheng innvender klagaren også at avisa skulle ha kontrollert opplysningane betre og utelate ein del av dei, ikkje minst dei som rammar tredjepart.

Dessutan skriv klagaren: «Og de burde dreiet latterliggjøringen mot der den hører hjemme, mot politi og påtalemakt som har blåst denne saken til utrolige store dimensjoner. Ikke rettet latterliggjøringen mot meg. Avisen skriver at dette kunne jeg selv ha unngått ved å ha godtatt forelegget og dermed unngått at dette kom for retten. De burde skamme seg! De aner ikke hva de uttaler seg om. Hvorfor skulle jeg vedta et forelegg som grunner i noe som ikke har skjedd?»

Klagar peiker også på: «Avisen refererer til frikjennelsen og at denne saken mest sansynlig går videre til lagmannsretten og at jeg der mest sansynlig blir dømt. Har det noe med saken å gjøre? Kan det rettferdiggjøre at de skriver så mye om en sak der jeg tross alt ble frikjent? Er det fordi de ikke tror på denne frikjennelsen og mener jeg ”fortjener” å få hele saken brettet ut i avisen? (…) Det er rett og slett motbydelig å lese. Det føles som de har tatt parti og mener jeg er skyldig og at de derfor har mer ”lov til” å skrive om saken slik de har gjort.»

Om telefonen med redaktøren i Sunnhordland, fortel klagar dessutan at ho ikkje fekk noko inntrykk av at avisa hadde noko forståing for hennar syn, og at ho skjøna at noko orsaking ikkje var mogeleg å få.

Klagar presiserer til slutt: «Jeg ville både med telefonsamtalen til [ansvarleg redaktør, sekr. anm.] og med klagen til pressens faglige [utvalg] prøve å gi en forståelse for hva et slikt avissoppslag forårsaker for de involverte. Dette i håp om at avisen kan lære noe av det og være mer forsiktig en annen gang. Det kan ikke være slik at det blir avisoppslaget mer enn rettsaken som blir det mest belastende for oss som er involvert. Hadde jeg gjort noe straffbart og alvorlig hadde det stilt seg annerledes, men i denne fillesaken er det helt urimelig at jeg skal bli mer straffet enn jeg allerede har blitt. Jeg håper Pressens Faglige Utvalg deler dette synet med meg.»

Sunnhordland peiker på at klagar ikkje har vise til konkrete punkt i Ver Varsam-plakaten, men slik avisa ser det, «[synest det] som om klagar er misnøgd med at me i heile teke har omtalt dommen (1), storleiken på oppslaget (2) og for liten grad av anonymisering (3)».

Når det gjeld punkt 1, forklarer redaksjonen at han «omtalar alle dommar frå Sunnhordland tingrett». Med omsyn til storleiken på oppslaget (punkt 2), skriv avisa: «Når me har vurdert dette som ei a-sak, så vart oppslaget som vanlege a-saker. I og med at me ikkje hadde foto av partane i retten, mellom anna fordi me ikkje følgde rettssaka (noko som truleg ville gjeve klagar endå større merksemd) bestilte me ei teikning av vår faste teikne-frilansar, og som har mange års røynsle i å teikna rettsteikningar for mange ulike medium, Lars Slettebø. Eg vil her understreka at saka ikkje var nemnt med eitt ord på førstesida vår den aktuelle dagen, og saka vart heller ikkje publisert på nett. Difor kan eg ikkje sjå at me på nokon som helst måte har overdrive vår presentasjon.» Elles held avisa fast på at omtalen i tilstrekkeleg grad er anonymisert (punkt 3).

Med omsyn til kva som er sant/ikkje sant i saka, innvender redaksjonen at han baserer seg på det som står i rettsreferatet/dommen, og Sunnhordland meiner dette er referert «nøkternt og sakleg».

Ansvarleg redaktør konkluderer: «Eg kan ikkje sjå at klagar viser til ein einaste faktafeil i vår dekking av denne saka. (…) [E]g kan ikkje sjå at Sunnhordland har gjort noko som er i strid med Vær varsom-plakaten.»

Elles viser redaktøren til vedlagde «rapport frå journalisten som skreiv saka, og hans vurderingar i høve til denne artikkelen». Journalisten skriv mellom anna at han vurderte saka som meir interessant «enn det først såg ut til, sidan førelegget som saka starta med ikkje blei godtatt, og forholdet i samband med rettsaka utvida seg til også gjelda brot på straffelova, i tillegg til hundelova, som var utgangspunktet for saka». Slik journalisten ser det, har han «konsekvent oppgjeve kven som er kjelde til opplysningane», og dermed ikkje presentert noko som reine fakta, «men partsinnlegg i saka». Journalisten viser også til ulike punkter i Ver Varsam-plakaten, og meiner mellom anna at han ikkje har førehandsdømd klagar.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld ein artikkel i Sunnhordland om ei rettssak der ei kvinne sto tiltalt for brot på Hundelova og Straffelova, etter at ho skal ha nekta å vedta eit førelegg ho fekk som følgje av ulike hendingar hundane hennar var involverte i. Saka enda med at kvinna fekk ei bot på 5000 kroner for brot på Hundelova. Elles blei ho frifunnen.

Klagar er den omtalte kvinna som meiner seg identifisert og hengd ut i artikkelen. Slik ho ser det, skulle Sunnhordland ha unnlate fleire opplysningar i artikkelen, særleg dei som råkar tredjepart. Ho peiker mellom anna på at avisa har skrive om personlege forhold, noko som har vore vanskeleg for henne og familien. Klagar reagerer også på den «avskyelege» store teikninga som illustrerer artikkelen, og slik ho ser det, er saka ei fillesak som er blåse opp.

Sunnhordland kan ikkje sjå at avisa har brote god presseskikk, og forklarer at redaksjonen valde å gjere meir ut av denne saka enn vanleg fordi ho var såpass spesiell. Nett derfor gjekk avisa også lenger i anonymiseringa, poengterer redaktøren. Sunnhordland opplyser dessutan at omtalen byggjer på rettsreferatet og dommen, og slik avisa ser det, er omtalen sakleg og nøktern.

Pressens Faglige Utvalg vil innleiingsvis minne om at omtale av rettssaker også høyrer med blant informasjonsoppgåvene til pressa. Men som elles i presseetisk samanheng, er det ikkje fritt fram for pressa korleis ho dekkjer slike saker. Mellom anna krev ein at rettsreferata er balanserte. Dette av omsyn til rettstryggleiken, for det er ikkje pressa si oppgåve å favorisere ein part.

I det påklaga tilfellet kan utvalet forstå at klagaren opplever omtalen som urettvis og at ho reagerer på illustrasjonen. Utvalet noterer seg også merknaden frå klagaren om kor belastande ho ha opplevd omtalen. Utvalet vil derfor minne pressa om ansvaret for å vege belastinga ein omtale har for dei som blir ramma, opp mot kor viktig ei sak er for ålmenta. Her viser utvalet på generelt grunnlag til punkt 4.1 i Ver Varsam-plakaten: «Legg vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon.»

Med omsyn til teikninga, meiner utvalet at ho er innanfor dei vide rammene som karikaturen må ha. Når det så gjeld sjølve omtalen av saka, merker utvalet seg at Sunnhordland opplyser å ha gått lenger i anonymiseringa enn vanleg, mellom anna ved å utelate kommunenamn og politidistrikt. Utvalet finn likevel at Sunnhordland har gjeve for mange identifiserande og unødig detaljerte opplysningar, som særleg rammar uskuldig tredjepart, mellom anna i høve til ei gammal sak som gjeld familien til klagaren. Utvalet viser til punkt 4.7 i Ver Varsam-plakaten, der det mellom anna heiter: «Ver særleg varsam ved omtale (…) i saker der identifiserande omtale kan føre til urimeleg belastning for tredjeperson.»

På dette punkt har Sunnhordland brote god presseskikk.

Oslo, 22. februar 2011

Hilde Haugsgjerd,
John Olav Egeland, Marit Rein, Hege Holm,
Henrik Syse, Georg Apenes, Reidun Førde