Arnstein Sæthre mot Bygdebladet (Ørskog)

PFU-sak 170/09


SAMMENDRAG:

Bygdebladet hadde laurdag 11. juli 2009 eit førstesideoppslag med tittelen «Kjenner seg BEGLODD», og eit arkivbilete av badande ungdomar. Ein tekst var sett inn i biletet, og her sto det: «Ørskogjenter ukomfortable med asylsøkjarar som kikar og fotograferar på badestranda.» I tillegg sto i det i ein tekst under biletet:

«Asylsøkjarar frå Husly Asylmottak, som samlar seg i små grupper for å kike på og fotografere badande ungjenter ved Prestevøren på Sjøholt, har i sommar ført til at mange Ørskog-familiar har lagt om badevanane sine og valgt seg andre badeplassar. Lommetjuveri, båttjuveri, sykkeltjuveri, kraftig auke i butikknasking samt grov sjikanering av ei lokal ungjente på internett er òg episodar asylsøkjarar enten har innrømt eller er vert etterforska for. Det er viktig å melde frå til oss om slikt med ein gong, seiar Ola Sønderland.»

Artikkelen inne i avisa hadde stikk- og hovudtittelen: «Problemsommar for Asylmottaket i Ørskog: Fleire uheldige episodar som set asylmottaket i vanry». I ingressen heitte det:

«Både Bunnpris og Prix på Sjøholt har opplevd ein gradvis auke i tilfella av butikktjuveri sida nyttår då Husly asylmottak opna verksemda si. Dette er eitt av fleire uheldige tilhøve som Bygdebladet har fått kjennskap til.»

I byrjinga av brødteksten skreiv avisa:

«Ei kjede av uheldige episodar og tilfelle er i ferd med å skjerpe tilhøvet mellom Husly asylmottak og resten av Ørskog-samfunnet. Torsdag denne veka var det møte mellom mottaket og butikkar i bygda om tilhøve knytt til butikknasking. Inntrykket er ei veksande negativ haldning til mottaket.»

Vidare uttalte ein lensmann seg om eit lommetjuveri på Pix-butikken:

«[Han fortel] at dei enno ikkje har avslutta etterforskinga, men reknar med å gjere det komande veke. Han fortel at mistanken går i retning nokon som bur ved asylmottaket og at dei har hatt dialog med mottaket.»

Det kom òg fram at «[f]olk som har vore utsett for tjuveri/låntaking», har fått tinga att når dei har kontakta leiinga ved asylmottaket. Dessutan uttalte nokre butikksjefar seg, og butikksjefen ved Coop Prix sa:

«– Vi kan ikkje rette anklagar mot nokon. Det er svært alvorleg å skulde nokon for tjuveri, og vi må ta dei på fersken for å kunne gjere det (…) – Det er einskildpersonar som ikkje fyl lover og reglar, seier han. Men også han stadfestar at tendensen absolutt er ein auke når det gjeld butikktjuveri og at auken har kome etter nyttår.»

I siste del av brødteksten opplyste avisa at det òg er «positive tilhøve» ved asylmottaket. Mellom anna skal fleire ha «stilt seg til disposisjon for frivillig arbeid i bygda».

I ein underartikkel med tittelen «– Viktig at folk tek kontakt og seier ifrå» blei driftsoperatøren ved asylmottaket intervjua. Han uttalte mellom anna:

«– Det er nokre få av 70 dette dreiar seg om og heller ikkje mellom dei andre på mottaket er dette noko populært. Det kan også vere besøkjande på mottaket, men det forandrar ikkje noko og vi veit at fleire av desse tilfella er det våre som står bak.»

I ein annan kort artikkel med tittelen «Vil ha faste møte med mottaksleiinga», kommenterte ordføraren saka.

KLAGEN:

Klagar er ein avislesar, som klagar med samtykke frå leiinga ved asylmottaket. Klagaren skriv: «I Bygdebladet sin reportasje vert ei gruppe av 70 personar i bygda stempla som dei som står bak butikktjuveri, lommetjuveri og sjikane. Ingen av dei er dømde for noko av lovbrota, og etter det eg kan sjå av reportasjen er dei heller ikkje melde og sikta, dei har vel knappast status som mistenkt. Eg meiner Bygdebladet i denne reportasjen går langt utover det som bør reknast som god presseskikk, og rører seg farleg nær grensa for det som kan karakteriserast som mobbing.»

Slik klagaren ser det, er punkta i Ver Varsam-plakaten om å vise respekt for mellom anna menneskes eigenart og identitet (4.3), og førehandsdøming (4.5), relevante i vurderinga av klagen.

TILSVARSRUNDEN:

Bygdebladet forklarer at redaksjonen har vore «bevisst på å gjere [sitt] til at dette med asylsøkarar blei avmystifisert», og at dei har «søkt å halde ei nøktern og sakleg line overfor asylmottak og asylsøkarar i Ørskog». Avisa fortel: «Så snart dei fyrste kom på plass, var vi ute med reportasje og fortalde litt om dei – vi ville rett og slett gi dei eit ansikt og vise at dei var vanlege menneske som alle andre.»

Når det gjeld den påklaga reportasjen, innvender avisa: «Diverre registrerte vi etterkvart eindel klager, bl.a. ved at ungdom i bygda søkte seg vekk frå den elles mykje brukte badeplassen i Prestefjøra. Vi vona at dette skulle gå seg til, men klagene heldt fram, frå unge i 12-15 års alderen og oppover. Vi kunne difor ikkje lenger ignorere dette og valde til slutt å køyre saka og ikkje ta omsyn til berre den eine parten, d.v.s. asylsøkarar. I oppsettet blir ein spade kalla for ein spade. Bygdebladet ville ha svikta si oppgåve dersom dette ikkje blei gjort.»

Klagaren held fast på at han meiner Bygdebladet har førehandsdømt ei gruppe innbyggjarar. Slik han ser det, har avisa brakt vidare «udokumentert bygdesladder».

I samanheng med sistnemnde moment viser klagaren mellom anna til påstanden i ingressen om ein gradvis auke i tilfella av butikktjuveri. Klagaren innvender: «Det er journalisten som koblar ein ikkje nærare spesifisert auke i butikktjuveri til at asylmottaket opna. Slik eg oppfattar pressa si rolle har dei ei plikt til å undersøkje slike påstandar før dei set dei på trykk. Har til dømes butikktjuveria auka meir enn det som vert rekna som normalt når kundegrunnlaget aukar?»

Klagaren reagerer òg på at avisa legg til at den eine butikksjefen som uttaler seg i artikkelen «stadfester tendensen» (auke i tjuveri), når han like føre «prøver å tone ned fokuseringa på asylsøkjarane» og «understrekar at det er einskildpersonar som stel». Etter klagaren si meining framstiller avisa det som om tjuveri er «noko asylsøkjarar gjer, og som bygdefolk ikkje gjer».

Bygdebladet har etter dette ikkje hatt fleire kommentarar.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld ei førsteside og ein reportasje i Bygdebladet (Ørskog), der det mellom anna blir hevda at det har vore ein auke i butikktjuveri etter opninga av eit asylmottak. Med samtykke frå leiinga ved asylmottaket klagar ein lesar som meiner avisa har førehandsdømd asylsøkjarane og brakt vidare «udokumentert bygdesladder». Etter klagaren si meining, rører avisa seg farleg nær grensa for det som kan karakteriserast som mobbing.

Bygdebladet fortel at redaksjonen registrerte klager som avisa ikkje kunne ignorere. Slik avisa ser det, «ville [ho] ha svikta si oppgåve» dersom saka ikkje hadde vore omtala. Bygdebladet forklarer at redaksjonen har vore merksam på myter knytt til asylsøkjarar, og derfor har «søkt å halde ei nøktern og sakleg line». I tillegg innvender avisa at ho tidlegare òg har publisert ein artikkel der redaksjonen ga asylsøkjarane eit ansikt.

Pressens Faglige Utvalg vil innleiingsvis gjere merksam på at pressa sjølvsagt også må kunne omtale og setje eit kritisk søkjelys på asylsøkjarar og tilhøve knytt til dei. Pressa si samfunnsrolle og retten til å informere er ikkje, og kan ikkje vere, tematisk avgrensa. Nokre tema vil likevel krevje ei varlegare handtering av pressa enn andre.

I det påklaga tilfellet konstaterer utvalet at Bygdebladet har vinkla sterkt på eit bestemt asylmottak og asylsøkjarane som bur der, og knytt dei til kritikkverdige hendingar og negative tendensar som ein auke i butikktjuveri. Slik utvalet ser det, er måten avisa presenterer saka på svært generaliserande; det negative inntrykket som blir skapt gjennom førstesideoppslaget og inngangselementa til sjølve reportasjen, råkar alle som bur ved dette eine omtalte asylmottaket. Etter utvalet si meining, kunne Bygdebladet med fordel ha vore mindre generaliserande i sjølve presentasjonen av saka. Utvalet minner her på generelt grunnlag om punkt 4.1 i Ver Varsam-plakaten, der det heiter: «Legg vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon.»

Samstundes stadfester utvalet at det negative bilete blir nyansert i brødteksten gjennom intervju med fleire kjelder. Bygdebladet let mellom anna driftsoperatøren ved asylmottaket få kome til orde og kommentere saka. Utvalet merkjer seg òg at han vedgår klanderverdige tilhøve, og at han presiserer at det berre er nokre få av dei 70 bebuarane som kan knytast til hendingane. I tillegg noterer utvalet seg at også ein butikksjef poengterer dette, at det er einskildindivid som ikkje følgjer lover og reglar. Butikksjefen peiker dessutan på at han heller ikkje kan rette skuldingar mot nokon.

Sjølv om vinklinga er generaliserande, meiner utvalet det her må leggjast vekt på heilskapen i dekkinga. Slik utvalet ser det, bidreg nyanseringane i sjølve teksten og det at driftsoperatøren ved mottaket får kome til orde, til at generaliseringane må kunne aksepterast.

Etter ei samla vurdering finn utvalet at Bygdebladet ikkje har brote god presseskikk.

Oslo, 17. desember 2009

John Olav Egeland,
Halldis Nergård, Hege Lyngved Odinsen,
Ingeborg Moræus Hanssen, Camilla Serck-Hanssen, Henrik Syse