Tove Stavland mot Bømlo-Nytt

PFU-sak 208/09


SAMMENDRAG:

BØMLO-nytt omtalte fredag 12. juni 2009 ei alvorleg båtulykke, der to eldre menn omkom. Saka var førstesideoppslag med tittelen «Alvorleg båtulukke krov liv», og i teksten sto det:

«Ein plastbåt med fem personar i køyrde i kaia ved naustområdet på Halleraker i går føremiddag. Eit menneskeliv har gått tapt. Ein annan er kritisk skada og situasjonen er uviss. Tre andre kom frå ulukka med lettare skadar og kunne såleis få varsla om båtulukka. Både ambulanse, brannvesen, politi og tre ambulanse- og redningshelikopter kom straks til ulukkesstaden.»

Oppslaget var illustrert med eit bilete av hjelpemannskapa i aksjon ved ulykkesbåten som låg opp-ned og stort sett under vatn.

Inne i avisa, på side 2 , sto det i ei ramme: «SISTE: To mann døydde». Vidare heitte det:

«I artikkelen på side 6 og 7 i dagens utgåve av BØMLO-nytt står det at den eine av dei hardt skada menna frå båtulukka på Halleraker døydde på Haukeland universitetssykehus i middagstida i går. Han var 73 år gamal. Torsdag kveld i nitten-tida fortel operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt at også den andre hardt skada mannen var død.»

På side 6 og 7 blei ulykka omtalt under tittelen «Alvorleg båtulukke på Halleraker: Ein mann omkom». I brødteksten blei dei foreløpige opplysningane om ulykka og redningsarbeidet skildra. Det blei fortalt at tre av personane i båten klarte å kome seg i land sjølve og varsle om ulykka, og at det ei tid var uvisst om dei to personane som låg i sjøen, «begge låg under båten». Under mellomtittelen «Funnen under båten» sto det:

«Ved hjelp av motorsag fekk brannmannskap saga eit hol i skroget slik at den godt vaksne mannen kunne få litt luft. Dette vart ganske effektivt. Det vart elles råd for ein av mannskapet å halda tak i mannen gjennom dette holet, fram til ein dykkar hadde fått skikkelig tak i han frå undersida av båten. Det var kommentert at han fortsatt pusta. Men etter kvart utvikla situasjonen seg til å bli skikkeleg kritisk. Dei fekk han trygt på land og byrja aktivt med livredning. Hjartekompresjon og munn til munn metode. I over ein og ein halv time jobba ambulansepersonell intenst for å klara å redde livet hans.»

Vidare, under mellomtittelen «Slapp å leita lenge», heitte det:

«Etter at fleire dykkarar var komne på plass, skulle søket starta etter den andre mannen som fortsatt låg nede i sjøen ein stad. Det tok ikkje lang tid før dei hadde funne han heller. Han såg ikkje ut til å pusta sjølv då han vart boren opp på kaia. Livreddande arbeid vart umiddelbart sett i gong. Dei jobba med han òg ei god stund, før han vart boren opp til det ventande helikopteret.»

Omtalen var illustrert med fem bilete som viste ulike fasar av redningsarbeidet. I bilettekstane sto det:

«Her har dei fått kontakt med mannen og held tak i han gjennom holet i skroget på den velta båten. Fram til dykkarar får tak i mannen på undersida og løfta han opp på land.»

«Her har dykkarar fått tak i den siste personen som låg i sjøen.»

«Livredning vart starta opp umiddelbart etter at dei fekk mannen på land. Samstundes var det andre ambulansepersonell som prøvde å hala liv i førstemann som låg på kaia rett ovanfor han som ligg fremst.»

«Her bærer ambulansepersonell og anna hjelpemannskap den siste mannen som vart henta frå sjøen, opp ein bratt grusveg frå naustfeltet og opp mot det nye byggefeltet på Halleraker til eit ventande ambulansehelikopter.»

«Etter at redningsaksjonen var avslutta, kom ein oppdrettsbåt med kraftig kran til ulukkesstaden og fekk heist opp båten som gjekk rundt.»

Måndag 15. juni 2009 blei namna på dei omkomne mennene etter ulykka offentleggjort i BØMLO-nytt, også på førstesida. Avisa omtalte dessutan ulykka i tre kortare artiklar med titlane: «To omkom i båtulukka», «Arbeider med å finna årsaka» og «Båtulukka som krevde to liv: – Ei tragedie for familien og heile bygdesamfunnet».

Fredag 26. juni 2009 publiserte BØMLO-nytt eit kritisk lesarinnlegg med tittelen «Til lokalavisa vår». Her spurte ein lesar:

«Er det nødvendig av BØMLO-nytt dagen etter ulykka, å lage ein stor tosidig reportasje med fargebilete og detaljert beskrivelse av redningsaksjonen og livberginga denne ulykkesdagen?»

Lesaren skreiv dessutan:

«Det handlar om respekt for privatlivet, det nære og for døden. Etter mi meining hadde det vore nok om lokalavisa hadde referert hovudlinjene frå hendinga, og ikkje ned i minste detalj (…) Vitebegjæret til bømlingen er ikkje så stort, at me treng å få på trykk bilete av mennesker me kjenner, som kjempar for livet sitt. Akkurat dette har ikkje vore gjengitt i noko anna avis i Noregs land etter ulykka.»

Det gjekk også fram av innlegget at lesaren hadde vore i dialog med familiane til dei omkomne, slik at dei var orienterte om innlegget.

Like under lesarinnlegget svarte ansvarleg redaktør i avisa på kritikken under tittelen «Ein vanskeleg balansegang…». Her peika redaktøren på problemet med å svare på kritikken i same avisutgåve:

«Å skriva eit svar frå redaktøren sånn direkte i tilknytning til eit lesarbrev er ikkje alltid det rette. Men med ferieavvikling og ingen måndagsavis finn eg det rett med eit svar i dag, og ikkje langt ut i neste veke.»

Redaktøren beklaga også viss omtalen hadde vore vanskeleg for dei pårørande, og forsikra om at avisa hadde hatt deira kjensler i tankane. I tillegg kom redaktøren med nokre innvendingar:

«Du skriv heilt avslutningsvis at du skriv på vegne av veldig mange. Det er godt mogeleg, men dette er det tredje innspelet om BØMLO-nytt si dekking av denne ulukka som eg som redaktør får. (…) Lat meg også minna om at BØMLO-nytt ikkje dekka gravferdene til dei omkomne – slik me ikkje har for vane å gjera i slike høve. Me har heller ikkje skrive noko i etterkant om spekulasjonar kring årsaka til ulukka og kva som eigentleg skjedde (…), noko eg har fått med meg at andre medier har gjort. (…) Eg skal lata vera å ”komme med ei lengre bortforklaring om kor viktig det er å bringa til torgs nyhende som alle bør ha innsikt i”, som du skriv. Men oppgåva til ei (lokal-)avis er jo m.a. å fortelja om alt det som skjer, av gode og vonde ting. (…) Ein kan alltids ha ulike oppfatningar om vinkling og korleis ei sak vert skriven ut, men eg meiner artikkelen i BØMLO-nytt fredag 12. juni beskriv litt av kaoset som alltid er på ein ulukkestad, den fortvila vanskelege redningsaksjonen det her var snakk om (…) Om det var for omfattande fortald eller ikkje, vil det naturleg nok vera delte meiningar om.»

Dessutan:

«Ein kan lika det eller ikkje, men pressa si oppgåve når det skjer alvorlege ulukker er også å kunne fortelja pårørande, nærståande og ”alle andre” passeleg detaljert om det som skjedde og det som vart gjort av bergingsarbeid. Ikkje minst slik at dei pårørande kan verta forsikra om at absolutt alt som kunne gjerast vart gjort.»

Når det gjeld bruken av bilete, forklarte redaktøren:

«Vurderinga mi var, og er, at dei bileta som BØMLO-nytt hadde på trykk synte den aktuelle stoda på ulukkesstaden. På eitt av bileta kan ein sjå nederste delen av beina og skoa til det som eg reknar med må ha vore ein av dei to som seinare på dagen døydde, medan helsepersonell jobbar med han. Ellers er det berre bilete av ulukkesstad, båt og redningsmannskapar. Dette med desse beina var rett og slett ein veldig liten detalj i den store samanhengen.»

BØMLO-nytt melde fredag 10. juli 2009 i ein kort nyheitsartikkel at «Årsaka til båtulukka er klar», og lensmannen uttalte:

«– Her er det snakk om eit augneblink av uoppmerksomhet. Føraren oppdaga ikkje at båten var ute av kurs før det var for seint til å unngå å renne på kaien[.]»

KLAGEN:

Klagar er ein vanleg lesar, som klagar med samtykke frå pårørande. Klagaren reagerer spesielt på bruken av bilete i reportasjen om ulykka. Klagaren peikar på at bileta viser hjelpemannskapa i aksjon, og skriv: «De viser bilder der en ser deler av personene som undergår førstehjelp og forteller hvilke av de omkomne som blir båret i land. Da Bømlo er et lite samfunn og ”alle kjenner alle” føles det som et meget stort overgrep å se slike bilder – tankene går til de pårørende som må oppleve dette som meget nærgående. Dette er informasjon vi IKKE trenger!!!!»

I ein e-post sendt til sekretariatet i samband med samtykket frå dei pårørande, peikar klagaren også på svaret redaktøren ga til det kritiske lesarinnlegget: «Svaret redaktøren gir på det skriftlige innspillet, der redaktøren kaller det at det ble vist bilder hvor en kunne se deler av de omkomne; en liten detalj, opprørte både familien og oss andre lesere av avisen. Reportasjen og billedbruken i avisen 11. juni var unødvendig nærgående[.]»

TILSVARSRUNDEN:

BØMLO-nytt viser til det publiserte svaret frå redaktøren fredag 26. juni 2009, og forklarer at avisa «i grunnen ikkje [har] noko meir å seia». Avisa kommenterer likevel nokre moment, mellom anna det kritiske lesarbrevet som kom inn til redaksjonen 25. juni, og som blei publisert dagen etter.

Redaktøren skriv: «[T]idspunktet for denne kritikken var litt vel tidleg med tanke på dei pårørande til dei to som omkom og når det gjeld dei tre overlevande og deira pårørande. Men det var tydeleg at eg skulle ”pressast” litt i samanhengen, då det i eposten stod at lesarbrevet samstundes også vart sendt til avisa Sunnhordland. (…) Av di BØMLO-nytt i åtte sommerveker kjem ut berre onsdag og fredag og ikkje også måndag, valde eg å svara på dette lesarbrevet i den same avisa som det stod på trykk. (…) Når det gjeld dette lesarbrevet, kan det vera freistande å leggja til at eg har ei sterk kjensle av at det også har vore snakk om litt vikarierande motiv for å skriva dette.»

I samband med sjølve klagen til PFU, poengterer BØMLO-nytt: «Sjølvsagt er det naturleg og naudsynt å syna spesiell varsemd når ein er avis i og for eit mindre lokalsamfunn, noko BØMLO-nytt freistar på best mogeleg måte å etterleva. Samstundes må BØMLO-nytt også gjera den jobben ein som avis skal gjera – same om det gjeld kjekke og positive ting, kritikkverdige tilhøve eller, som her, tragiske hendingar. Eg meiner at BØMLO-nytt haldt seg innan presseskikken i det me hadde på trykk[.]»

Klagaren melde etter dette at ho ikkje hadde ytterlegare kommentarar, og runden med tilsvar blei avslutta.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld BØMLO-nytt sin omtale av ei alvorleg båtulykke der to eldre menn omkom. Ein vanleg lesar klagar med samtykke frå pårørande. Slik klagaren ser det, er både bileta og reportasjen unødig nærgåande. Klagaren peiker mellom anna på at ein på eit av bileta kan sjå beina til ein person som mottek førstehjelp, og ho reagerer sterkt på at redaktøren i eit svar til ein kritisk lesar, publisert i avisa, omtaler dette som ein liten detalj.

BØMLO-nytt meiner avisa har halde seg innanfor det presseetisk akseptable, men legg til at det naturleg nok alltid vil vere delte meiningar om ein slik omtale har vore for omfattande eller ikkje. Avisa peiker dessutan på at det høyrer med til pressa si oppgåve å fortelje om det som hender, også når det skjer ulykker. Etter avisa si meining, viser bileta «den aktuelle stoda på ulukkestaden». Når det gjeld brevet frå ein kritisk lesar, og svaret redaktøren publiserte i same utgåve, like under lesarbrevet, forklarer redaktøren at han valde å gjere dette fordi det var ferie og avisa kom ut sjeldnare enn vanleg.

Pressens Faglige Utvalg vil understreke at det er ein naturleg del av pressa si oppgåve å omtale ulykker og redningsoperasjonar. Men utvalet vil samstundes minne om at dekkinga av slike hendingar, må byggje på gjennomtenkte avvegingar mellom kva slags informasjon ålmenta treng, og omsynet til offer og pårørande. Ein føresetnad ved denne typen omtale er altså at den aktuelle redaksjonen utviser skjønn som hindrar at menneske som allereie er hardt råka, blir påførte ytterlegare liding.

I det påklaga tilfellet meiner utvalet at redaksjonen burde ha skjønt at bruken av eit bilete der ein ser beina til ein av dei forulykka, ville innebere ei tilleggsbelastning for dei pårørande, og at dette derfor ikkje skulle ha vore publisert. Utvalet har også lita forståing for avisa si ytring om at dette berre er «ein veldig liten detalj i den store samanhengen». I tillegg er utvalet samd med klagaren i at sjølve omtalen er unødig detaljert.

Utvalet viser til punkt 4.1 i Ver Varsom-plakaten, der pressa blir oppmoda til å leggje vekt på å vere sakleg og vise omtanke i innhald og presentasjon. Dessutan viser utvalet til punkt 4.6, der det heiter: «Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse.»

BØMLO-nytt har brote god presseskikk.

Oslo, 24. november 2009

Odd Isungset,
Hilde Haugsgjerd, Halldis Nergård, John Olav Egeland,
Ingeborg Moræus Hanssen, Camilla Serck-Hanssen, Eva Sannum