Barneverntenesta i Forsand kommune, v. barnevernsleiar Merete Henriksen mot Strandbuen

PFU-sak 080/09


SAMMENDRAG:
SAMANDRAG:

Strandbuen publiserte onsdag 3. desember 2008 ein artikkel med tittelen «Skil mor og dotter». Artikkelen var illustrert med eit stort bilete av mor og dotter, som også var namngjevne både i bilet- og brødteksten. I ingressen sto det:

«Onsdag i sist veke aksjonerte barnevernet i Forsand på [namn på skule]. Ei sju år gammal jente blei henta ut av klasserommet sitt. – Heksejakt, seier morfaren til jenta.»

I byrjinga av brødteksten fortalte avisa om bakgrunnen for saka:

«I vår blei [namnet på jenta] (7) riven vekk frå sin familie i Norge, då faren bortførte ho til [namn på land]. Mora reiste til [landet] og fann dottera si og henta ho heim. Noko Strandbuen skreiv om i byrjinga av august. [Namnet på mora] er nå frådømt omsorga for dotter si. Sist onsdag aksjonerte barnevernet (…)»

Vidare blir bestefaren til jenta intervjua om saka. Han meiner barnevernet driv ein heksejakt på dottera og barnebarnet, og han uttaler mellom anna:

«– Barnevernet i Forsand har betalt honorar til ein ”sakkyndig” som skriv psykologiske utgreiingar utan å vera i kontakt med dei involverte. Eit bestillingsverk som etterpå blir brukt som påstått grunnlag og bevis i ei rettssak (…)»
Avisa refererer også kva advokaten til mora har påpeikt i ulike brev, mellom anna til tingretten. Her kjem det fram at advokaten meiner det har føregått sakshandsamingsfeil:

«Som følgje av kidnappinga tidlegare i år, er barnefaren no varetektsfengsla og vil deretter blir utvist frå landet. Dermed må det vera feil når fleirtalet i fylkesnemnda legg vekt på at ei omsorgsovertaking vil føra til at barnet blir skjerma for foreldrekonflikten (…) Omsynet til barnet er totalt fråverande i Forsand sitt barnevern.»

I ein annan artikkel med tittelen «– Ei lang historie», uttaler dessutan leiaren for barnevernet seg om omsorgsovertaking. Om den konkrete saka, seier ho:

«Barnevernet i Forsand har ikkje fått løyve frå mor til å uttala seg i saka. Sjølv om besteforeldre uttaler seg, så er ikkje dei ein rettsleg part og kan ikkje gi barnevernet eit slik løyve[.]»

KLAGA:

Klagar er barneverntenesta i Forsand kommune, som på publiseringstidspunktet hadde omsorga for den sju år gamle jenta det er snakk om i den påklaga artikkelen. Klagaren meiner Strandbuen ikkje skulle ha publisert namn og bilete på jenta, sjølv om mora hadde gjeve sitt samtykke til dette. Slik klagaren ser det, er eksponeringa ikkje i barnets interesse, men heller ei meirbelastning . Etter klagarens syn har Strandbuen derfor brote punkt 4.8 i Ver Varsam-plakaten (ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet).

TILSVARSRUNDEN:

Strandbuen opplyser at avisa har samtala med klagaren om ei minneleg løysing, og at «begge partar konkluderer med at det kan vera nyttig for framtidig praksis å få ei avgjerd i PFU».

Avisa avviser at publiseringa bryt med dei presseetiske normene, og skriv: «Avisa fann det vanskeleg å gi eit korrekt bilete av saka utan å nemna historia til barnet, som me skreiv om i august [artikkelen er vedlagt, sekr. anm.]. Strandbuen var klar over at ein i utgangspunktet ikkje skal bruka namn og bilete i slike saker. Dessutan ”truga” sosialkontoret i Forsand med PFU (…) Me kom fram til at skulle det kunne gjerast unntak, så måtte det vera i dette tilfellet, då både mor og dotter like før barnevernssaka blei kraftig profilert i Strandbuen ([sjå] vedlegg)[.] På det tidspunktet kjente med ikkje til barnevernssaka. Lesarane ville visst kven mor og dotter var sjølv om me ikkje hadde brukt bilete og namn.»

Etter avisa si meining, er også Ver Varsom-plakatens punkt 1.5 relevant i vurderinga av saka, og avisa innvender: «Slik me oppfatta saka kunne eksponeringa i dette tilfellet nettopp vera i jenta si interesse. Avisa brukte tid på å vurdera dei to punkta i Ver Varsom-plakaten [1.5 og 4.8, sekr. anm.] opp mot kvarandre. Me diskuterte også problemet grundig med mora og morfaren til barnet, og hadde ikkje brukt namn og bilete dersom ikkje familien hadde meint at me skulle gjera det. (…) Me vurderte samtidig konsekvensane medieomtalen kunne få for barnet. Slik me ser det, set ikkje artikkelen mor eller dotter i eit dårleg lys.»

Klagaren stiller seg «undrande til» påstanden om PFU-trugslar frå sosialkontoret, og skriv: «Barneverntenesta anmoda journalisten om ikkje å trykkja bilete av barnet då barnet hadde vore utsett for fleire store belastningar. (…) Då journalisten sa at han hadde drøfta publisering av bilete med redaktøren som gav klarsignal for å bruke bilete, orienterte vi om at vi ville prøve saka for PFU.»

Klagaren merker seg opplysninga om at avisa diskuterte publiseringa med barnet si mor og hennar morfar, og peiker i denne samanheng på følgjande: «Strandbuen var kjent med at det var barneverntenesta som på dette tidspunkt hadde omsorgen for barnet og ikkje mor.»

Vidare kan klagaren ikkje sjå «kva interesser barnet fekk ivaretatt ved å bli eksponert», heller ikkje i den første saka, publisert i august. Klagaren poengterer: «Den første saka var ei barnebor[t]føringssak der barnet stod midt i store konflikt[a]r mellom foreldra. Heller ikkje der burde Strandbuen etter vårt syn trykka bilete av barnet.»

Strandbuen har etter dette ikkje hatt ytterlegare kommentarar til saka.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klaga gjeld ein artikkel i Strandbuen om ei barnevernssak. Klagar er barnevernet i Forsand kommune, som på publiseringstidspunktet hadde omsorga for barnet saka handlar om. Klagaren reagerer på at Strandbuen publiserte både namn og bilete av barnet, og meiner eksponeringa inneber ei meirbelasting for barnet. Slik klagaren ser det, strir dette mot punkt 4.8 i Ver Varsom-plakaten (ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet).

Strandbuen avviser at publiseringa bryt med dei presseetiske normene, og peiker på at lesarane ville visst kven saka handla om sjølv om avisa ikkje hadde nytta bilete og namn. Dette fordi mor og dotter allereie var kraftig profilert i ein tidlegare artikkel. Etter Strandbuen si meining må ein dessutan vurdere publiseringa opp mot punkt 1.5 i Ver Varsam-plakaten (verne enkeltmenneske mot overgrep). I tillegg poengterer avisa at ho ikkje ville trykt bilete og namn om familien ikkje hadde samtykka til eksponeringa.

Pressens Faglige Utvalg vil innleiingsvis minne om at medieomtale av barn, særleg i samband med konfliktar, reiser fleire presseetiske problemstillingar. Det må derfor stillast særlege krav til korleis pressa handterer slike saker. Samstundes vil utvalet peike på at dette ikkje inneber at ein skal unnlate å setje til dømes barnevernssaker på dagsorden; å avdekkje kritikkverdige tilhøve innan dette feltet er også ein del av pressa si oppgåve.

Ver Varsam-plakaten inneheld eit punkt som skal rettleie redaksjonane ved omtale av barn. I punkt 4.8 heiter det: «Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering. Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker.»

Ettersom det i det påklaga tilfellet dreier seg om ei barnevernssak, er den presseetiske problemstillinga, slik utvalet ser det, om det fins gode nok argument for at Strandbuen kunne gjere unntak frå hovudregelen om ikkje å identifisere barnet. I tillegg må ein, som alltid ved omtale av barn, vurdere kva slags konsekvensar omtalen har for barnet.

Utvalet noterer seg merknaden om at redaksjonen ikkje ville ha identifisert barnet utan samtykke frå familien. I den samanheng vil utvalet innvende at eit slikt samtykke på ingen måte fritek redaksjonen frå ansvaret til sjølv å vurdere kva slags konsekvensar identifiseringa kan få for barnet. Dessutan registrerer utvalet opplysninga om at det var barnevernet som hadde omsorga for barnet da artikkelen blei publisert.

Når det gjeld argumentet om at lesarane uavhengig av namn og bilete ville vite kven dei omtalte var, ettersom barnet og mora allereie var eksponert gjennom ein tidlegare artikkel, meiner utvalet det er relevant å spørje om det var presseetisk riktig å identifisere barnet og mora også i denne artikkelen.

Utvalet har fleire gonger peika på den journalistiske utfordringa det er å skrive om barnevernssaker og kritikkverdige tilhøve utan å identifisere barna, men utvalet kan ikkje sjå at det i den påklaga artikkelen skulle vere naudsynt å identifisere for å omtale saka.

Strandbuen har brote god presseskikk.

Oslo, 28. april 2009

Odd Isungset,
Hilde Haugsgjerd, Halldis Nergård, John Olav Egeland,
Ingeborg Moræus Hanssen, Camilla Serck-Hanssen, Henrik Syse