Arne Hauge mot Kvinnheringen

PFU-sak 197/02


SAMMENDRAG:
Kvinnheringen hadde måndag 25. november 2002 eit åtte siders annonsebilag faststifta i avisa. Med unntak av to sider, den første og den siste sida, er dei seks sidene i midten markerte med ein gul bakgrunn og har fargetrykk. Over tittelen på første sida står det «Informasjon frå Kvinnherad kommune. Sida er merka med «Annonsebilag i Kvinnheringen 25. november 2002» . Tittelen er «Tung satsing i Rosendal og på Husnes» , og i ingressen står det:

«Rosendal som nasjonalt na-ku-hel-senter ( natur-kultur-helse ) og Husnes som felles servicesenter for regionen. Det er to av dei ambisiøse målsetjingane i handlingsplanen for perioden 2003-2006, som kommunestyret har vedteke , og som innbyggjarane i Kvinnherad etter kvart vil sjå resultat av».

Oppslaget er illustrert med eit halvtotalt bilde av ein mann. I billedteksten står det:

«Kommunalsjef Kjell O. Nygård ser for seg ei positiv utvikling både i Rosendal og på Husnes».

Kommunalsjefen er intervjua over fire spalter der han blant anna kommenterer kva områder han meiner kommunen bør satsa på. Dei følgjande sju annonsesidene har åtte reportasjar . Dei er alle illustrert med tittel, ingress og bilde med tekst. Bilaget inneheld ikkje tradisjonelle annonser.

KLAGEN:
Klageren, ein vanleg lesar , reagerer på at «Kvinnheringen let rådmannen presentera synet sitt gjennom eit annonsebilag der lesaren vil ha store vanskar med å skilje annonsen ut frå avisa sitt øvrige redaksjonelle stoff. Artiklane har eit tydeleg reportasjepreg og skil seg på ingen måte klart ut frå resten av avisa korkje i form eller innhald . Det er stifta fast og farge og layout på fram- og baksida er slik at det ikkje klart skil seg ut». Klagaren meiner annonsebilaget er «egna til å svekka lesaren sin tillit til avisa som eit uavhengig og fritt organ».

TILSVARSRUNDEN :
Kvinnheringen opplyser at avisa har «ei samarbeidsavtale med Kvinnherad kommune om to bilag i år og fire i 2003». Redaktøren viser til at bilaget berre er teknisk produsert i Kvinnheringen. «Alt stoff og biletmateriale kjem frå ein frilans-journalist som kommunen har avtale med» .

Avisa peikar på at annonsesidene er merka med «annonsebilag» og «Informasjon frå Kvinnherad kommune «, sammen med kommunevåpenet. Redaktøren vil imidlertid endra typografien og skriftval i annonsebilaget i dei kommande utgjevingane . «Det vil seia at først og fremst skriftvalet må skilja seg klårare ut frå den ordinære avisa, slik at det vert endå lettare for lesarane å skilja annonsebilaget frå redaksjonelt stoff».

Klagaren legg til at » sjølv om sidene er merka med ?Informasjon frå Kvinnherad kommune? i øvre sidekant bryt ikkje dette tilstrekkeleg ned inntrykket av at dette kan vera ordinært redaksjonelt stoff». Klagaren meiner bilags-avtalen mellom Kvinnheringen og kommunen skaper ei økonomisk binding mellom avis og kommune. «Dette bør skjerpa Kvinnheringen sin aktpågivenhet ovafor ei samanblanding av redaksjonelt stoff og annonse ytterlegare . Frilansjournalisten som har laga stoffet er for øvrig tidlegare disponent og redaktør i Kvinnheringen».

Kvinnheringen har ikkje meir å tilføya .

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALAR:
Klagen gjeld eit åtte-siders annonsebilag i Kvinnheringen. Klagaren , ein vanleg lesar , meiner annonsebilaget skaper forvirring for lesarane og er egna til å svekka tilliten til avisa som eit uavhengig og fritt organ. Etter klagarens syn skil ikkje bilagssidene seg godt nok frå resten av avisas redaksjonelle sider. Heller ikkje avisas merking av annonsebilaget er etter klagarens meining tilstrekkelg klargjerande , og han gjer merksam på at det er den tidlegare disponenten og redaktøren i Kvinnheringen som har laga bilaget.

Kvinnheringen viser til at alt stoff og biletmateriale i annonsebilaget kjem frå ein frilans-journalist som kommunen har avtale med. Avisa peikar på at redaksjonen har merka bilaget med «annonsebilag» og «Informasjon frå Kvinnherad kommune «. Redaktøren vil imidlertid endra typografien og skriftval i nye annonsebilag «, slik at det vert endå lettare for lesarane å skilja annonsebilaget frå redaksjonelt stoff».

Pressens Faglige Utvalg viser til Ver Varsom-plakatens punkt 2.6, der det heiter : » Avvis alle forsøk på å bryte ned det klare skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald . Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit redaksjonelt produkt, og som er med på å svekkje tilliten til det redaksjonelle truverdet og den uavhengige pressa».

Utvalet viser til at intensjonen bak dette punktet er å tydeleggjera skiljet mellom annonser og redaksjonelt stoff for lesaren , slik at det redaksjonelle truverdet vert teke vare på. Utvalet har ein rekke gonger uttalt at redaksjonar bør avvise annonser som liknar den redaksjonelle presentasjonsforma.

I det påklaga tilfellet har utvalet vurdert annonsebilagets reportasjer opp mot resten av utforminga av bilaget. Utvalet har notert seg at dei innstifta bilagssidene er merka med «annonsebilag» og «Informasjon frå Kvinnherad kommune», og at fleire av sidene er markert med ein lys gul bakgrunn. Etter utvalets syn er dette likevel ikkje nok for å skilje annonsesidene frå dei redaksjonelle sidene. Utvalet peikar på at reklametekstens typografi og skriftval er identisk med redaksjonens eige uttrykk, og legg til grunn at tekstane har tatt sikte på å etterlikna avisas redaksjonelle produkt. Slik utvalet ser det er dei redaksjonslike reklametekstane så dominerande i sideuttrykket, at det klare skilje mellom reklame og redaksjonelt innhald ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt sjølv med avisas merking.

Kvinnheringen har brote god presseskikk.

Oslo , 25. mars 2003
Thor Woje,
Catharina Jacobsen, John Olav Egeland, Odd Isungset,
Jan Vincents Johannessen, Camilla Serck-Hanssen, Henrik Syse