CLS Norden AS, v. adm. dir. Sigbjørn Slåtten mot Hordaland
Avisa Hordaland hadde torsdag 25. oktober 2001 ei førstesidesak med tittelen
«Bråk og uro rystar CLS». I ingressen står det:
«I dag er det ekstraordinær generalforsamling i CLS Norge, holdingselskapet som er hovudaksjonær i driftsselskapet CLS Norden. Misnøye med leiinga og sviktande tillit i marknaden rystar selskapet».
I teksten går det fram at Voss kommune er største aksjonær i CLS Norge og at dersom uroa i selskapet held fram, kan aksjekapitalen til kommunen på 350.000 kroner gå tapt. Resten av teksten er som fylgjer:
«Kjartan Berland er kommunen sin representant i styret for CLS Norge. Dei to andre i selskapet er styreleiar Sigbjørn Slåtten, som òg er administrerande direktør i CLS Norden, og Harald Skorve. ? Eg korkje kan eller vil seia noko særleg før generalforsamlinga i dag. Eg er kjend med at det er uro både mellom aksjonærar og tilsette. Mitt ansvar som styremedlem er å ivareta selskapets sine interesser og kommunen sine interesser på best mogleg måte. Utan at eg ynskjer å gå i detaljar, er status og vidare drift for driftsselskapet CLS Norden tema for generalforsamlinga i dag, seier Kjartan Berland.
Frå ulikt hald, frå aksjonærar og frå noværande og tidlegare tilsette, er Hordaland gjort kjend med at det rår sterk misnøye med leiinga av selskapet. Misnøya går både på det som vert oppfatta som manglande kompetanse, på sviktande personalpolitikk og på formelle feil i forhold til aksjelova. Også fra kundehald vert det uttrykt sterk misnøye. Det vert mellom anna hevda at selskapet har selt produkt ein ikkje kan levera, og at kundane ikkje har fått noko form for oppfylging frå CLS si side. Både kundar og fleire tilsette har gått til ? eller vurderer å gå til ? søksmål mot selskapet».
KLAGEN:
Klagaren , administrarande direktør Sigbjørn Slåtten, reagerer på oppslaget som vert oppfatta som einsidig negativt. Klagaren reagerer på at avisa ikkje tok kontakt med selskapets leiing for å få synspunkt og kommentarar til dei alvorlege påstandane som blir sette fram.
Klagaren hevdar at påstandene er «ubegrunnet, løgnaktige og ødeleggende om de hadde vært sanne. Etter det vi kjenner til sitter avisen på et notat utarbeidet av en aksjonær, som er tidligere ansatt og nåværende kontraktspartner. Reportasjen inneholder oppspinn basert på feilaktige påstander og løgn med CLS Norden AS . I reportasjen blir det fremsatt alvorlig grove påstander om ?at også frå kundehald vert uttrykt sterk misnøye?, til negative reaksjoner fra kunder, ?at selskapet har selt produkt ein ikkje kan levere, varsel om ?søksmål både frå kundar og fleire tilsette?, ?manglande kompetanse?, sviktande personalpolitikk? med mer».
Klagaren hevdar vidare at styrerepresentant Berland er feilsitert.
TILSVARSRUNDEN:
Hordaland innrømmer at det i ettertid ikkje er vanskeleg å sjå » at Slåtten, som styreleiar i selskapet, burde vore kontakta. Når så ikkje skjedde, er grunnen denne: Bakgrunnen for at ?Hordaland? tok opp denne saka i det heile, var at Voss kommune var inne som største aksjonær i selskapet CLS Norge AS. Voss kommune var representert i styret for selskapet med Kjartan Berland, og det var naturleg for journalisten å ta kontakt med Berland for å få hans og kommunen sitt syn på den faktiske uroa som fans ? og framleis finst ? i selskapet.»
«Journalisten hadde på det tidspunktet heller ingen grunn til å tru at Berland, som styrerepresentant, ville uttala seg på tvers av – eller i motsetnad til ? det styreleiaren ville ha sagt. Styreleiar vart kontakta til neste avis, men hadde då ingen kommentar til saka. Slåtten sin påstand om at styremedlem Kjartan Berland skal vera feilsitert, er ikkje korrekt. Det kan Berland sjølv stadfesta».
Hordaland avviser at reportasjen har sett fram ugrunna og løgnaktige påstandar. For klagaren er det «uforståelig hvorfor redaktøren trekker fram Berland for å bortforklare påstander som er satt på trykk om CLS Norden AS. Redaktøren skriver i sitt tilsvar at ?reportasjen inneholder oppspinn basert på feilaktige påstander og løgn kring forholda i CLS Norge AS, er dette direkte usant? . Vår påklage går på CLS Norden AS. Det er også dette redaktøren her har prøvd å gjengi, men setter altså opp CLS Norge AS isteden for CLS Norden, som ville vært riktig sitat. Dette skulle forklare at redaksjonen bør søke informasjon av kilden og ikke skrive ut fra eget hode».
Hordaland har ingen ytterlegare relevante saksopplysningar til klagens hovedpunkt.
PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjeld eit førstesideoppslag i avisa Hordaland i forbindelse med ei ekstraordinær generalforsamling i selskapet CLS Norge. I reportasjen vert det retta kritikk mot driftselskapet CLS Norden frå fleire anonyme kjelder. Klagaren, administrarande direktør i CLS Norden, reagerer på at avisa ikkje tok kontakt med selskapets leiing for å få synspunkt og kommentarar til dei framsette påstandane. Klagaren hevdar at påstandene er ugrunna, løgnaktige og feilakige. Vidare hevdar klagaren at den intervjua styrerepresentanten i CLS Norge er feilsitert.
Hordaland innrømmer at klagaren, som styreleiar i selskapet, burde vore kontakta. Avisa meiner likevel at det var naturleg å ta kontakt med Voss kommunes styrerepresentant for å få kommunen sitt syn på den faktiske uroa i selskapet. På det tidspunktet hadde ikkje avisa grunn til å tru at styrerepresentanten ville uttala seg på tvers av det styreleiaren ville ha sagt. Hordaland viser til at klagaren vart kontakta til neste avis, men at han då ikkje hadde nokon kommentar til saka. Avisa avviser at den intervjua styrerepresentanten frå kommunen er feilsitert og at det er sett fram ugrunna og løgnaktige påstandar.
Pressens Faglige Utvalg meiner Hordaland var i sin fulle rett til å setja søkelyset på problema i CLS Norden. Utvalget konstaterer imidlertid at det vert sett fram sterke anonyme skuldingar mot leiinga i selskapet, og at ingen av dei ansvarlege er kontakta for kommentar.
Etter utvalgets meining er det ikkje tilstrekkeleg at ein styrerepresentant i holdingselskapet CLS Norge får høve til å imøtegå påstandane mot det kritiserte driftsselskapet CLS Norden. Utvalget viser til Vær Varsom-plakatens punkt 4.14, der det blant anna står: «Dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig».
Hordaland har brote god presseskikk.
Oslo, 18. desember 2001
Thor Woje,
Catharina Jacobsen, John Olav Egeland, Odd Isungset,
Grete Faremo, Marvin Wiseth