Ordførar Terje Søviknes mot Os og Fusaposten

PFU-sak 171/01


SAMMENDRAG:

Os og Fusaposten hadde laurdag 29. september 2001 ei førstesidehenvising med tittelen
«-Førde bak lyset». I teksten står det:

«-Vi kjenner oss førde bak lyset. Kåre Lutro (Krf) og Dag Westhrin (SV) ser svært alvorleg på at viktig informasjon om vegretten på Lyngheim ikkje kom dei i hende før etter at avtalen var godkjent i formannskapet».

Inne i avisa er tittel og ingress som på førstesida. I teksten går det fram at Os kommune mottok ei juridisk vurdering om vegretten over kommunen sin eigedom, Lyngheim. Rapporten skal ha konkludert med at «Lyngheim er tillagt vegrett fram mot og over Solstrand. Vegretten kan også nyttast av ålmenta».

Vidare framgår det at Os kommune vil ha ein gangveg over Lyngheim. «Ein del av gangvegen vil gå i utkanten av Lyngheim sin naboeigedom som er eigd av familien Reiertsen». «Til gjengjeld for at kommunen får leggja vegen på deira eigedom, har fam. Reiertsen fått 2,8 mål tomt med naust, kai og båtoppdrag». «Saman med ordførar Terje Søviknes (Frp) og Lisbeth Axelsen (H) representerte Kåre Lutro kommunen i forhandlingane med fam. Reiertsen. Han reagerer på at ei juridisk vurdering som gjev kommunen så gode kort i høve til vegretten, ikkje vart gjort kjend før forhandlinga. ?Det seier seg sjølv at eg hadde hatt eit heilt anna utgangspunkt for å gå i forhandlingar med fam. Reiertsen om eg
hadde hatt kjennskap til denne vurderinga. Det hadde ikkje vore naudsynt for kommunen å strekkja seg så langt i høve til den vesle stranda og naustet, seier Kåre Lutro».

SVs Dag Westhrin reagerer også på at han ikkje fekk kjennskap til vurderinga. «-Eg ser ikkje bort frå at ordføraren her har hatt ein skjult dagsorden for å skaffa fordelar for sin partifelle i fam. Reiertsen».

Høgres Lisbeth Axselsen «trudde alle var kjende med vurderinga». «Axelsen finn ikkje den juridiske vurderinga å vera så sterk at ho trur at ho hadde verka inn på forhandlingane og vedtaket».

I neste utgåve av Os og Fusaposten, onsdag 3. oktober , uttalar professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, at «den juridiske vurderinga skulle ha vore kjent for formannskapet».

I utgåva etter, 6. oktober, vert saka fylgd opp med fleire artiklar. Ordføraren slepp også til med eit lesarinnlegg, og klagen hans til PFU er attgjeven under tittelen «-Brot på presseetiske prinsipp».

I ein reportasje under tittelen «-Ville unngå rettstvist», forklarar ordførar Søviknes bakgrunnen for kvifor formannskapet ikkje vart gjort kjent med vurderinga før etter det var gjort vedtak i vegsaka.

I lesarinnlegget, under tittelen «Lyngheim ? eit politisk spell?» , utdjupar Søviknes sitt syn på Lyngheim-saka. Han kjem ikkje inn på utfallet mot han frå SVs Dag Westhrin.

KLAGEN:

Klagaren , ordførar Terje Søviknes, reagerer på at han ikkje vart kontakta for samtidig kommentar i artikkelen med tittelen ?-Førde bak lyset?. «Kritikken er både indirekte og direkte retta mot underteikna som ordførar og leiar av formannskapet. Formannskapsmedlem Dag Westhrin kjem med følgjande skuldingar gjengjeve i sitats form i artikkelen; ?-Eg ser ikkje bort frå at ordføraren her har hatt ein skjult dagsorden for å skaffa fordelar for sin partifelle i familien Reiertsen?.
Eg ser det som eit klårt brot på god presseskikk, og heilt uakseptabelt, at underteikna ikkje vart gjeven høve til å imøtegå desse alvorlege skuldingane i same artikkel som dei vart framsett?For lesarar som berre les denne artikkelen vert påstanden om ?skjult dagsorden? og dei klåre hentydingane om uredelighet frå ordføraren si side, stående uimotsagt».

TILSVARSRUDNEN:

Os og Fusaposten meiner den har gjeve «ei balansert framstilling av saka, der begge sider har fått sleppa til: – formannskapsmedlem Kåre Lutro (KrF) og Dag Westrin (SV) på den eine sida og varaordførar Lisbeth Axelsen (H) på den andre er intervjua i laurdagsutgåva 29. september?Ordførar Terje Søviknes (Frp) er intervjua i laurdagsutgåva 6. oktober. I tillegg
har ordføraren i same utgåva fått på trykk både klagen sin til PFU og eit langt innlegg om Lyngheim-saka».

Os og Fusaposten viser til at Søviknes ikkje har påvist faktiske feil i artikkelen, dessutan er utsagnet til Westhrin «hans personlege kommentar, ikkje ei ?faktisk? opplysning? som Søviknes hadde krav på å få imøtegå i same nummer». Vidare framheld redaksjonen at Søviknes ikkje har kontakta avisa «og bede om å få kommentera utsegna til Dag Westhrin. Han har heller ikkje kommentert utsegna i innlegget sitt om Lyngheim-saka 6. oktober eller i intervjuet som avisa hadde med han same dag».

Klagaren hevdar at det «ikkje på nokon måte er slik at varaordførar Axelsen representerer underteikna eller ?den eine sida? i denne saka. Formannskapsmedlemmane Lutro og Westhrin går i artikkelen til åtak på ordføraren som leiar formannskapet og sakshandsamar i den aktuelle Lyngheim-saka. Eg held fast på at det då hadde vore rettvist at underteikna fekk høve til å imøtegå dei alvorlege skuldningane om skjult dagsorden og uredelighet i same artikkel». Etter klagarens syn gjev heile artikkelen eit klårt inntrykk av at ordføraren bevisst skal ha ført delar av formannskapet bak lyset. «Redaktør Stabel hevdar også at underteikna ikkje kommenterte utsegna til Westhrin i avisa 6. oktober. Det er riktig at utsegna ikkje vart kommentert direkte. Eg valde i staden for å gjera greie for den faktiske saksgangen i saka, for på den måten å syna at det ikkje var grunnlag for skuldingane frå Westhrin».

Os og Fusaposten legg til at «ved kommunevalet i 1999 fekk Framstegspartiet og Høgre fleirtal i Os kommunestyre. Etter valet gjekk dei to partia inn i eit forpliktane samarbeid basert på den såkalla ?Solstrandavtalen?, og med Terje Søviknes (Frp) som ordførar og Lisbet Axelsen (H) som varaordførar. Samarbeidet har vore svært tett, også i Lyngheimsaka, noko som går tydeleg fram av Terje Søviknes sitt innlegg i ?Os og Fusaposten? 6. oktober?Ut frå det Søviknes skriv spelte altså varaordføraren ei svært sentral rolle i denne saka. Såleis måtte ho også kunne svara på kritikken mot måten saka var handsama på». Os og Fusaposten meiner dei «har gjeve ei balansert framstilling av saka, der begge sider har fått fram sitt syn på saka».

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld ein reportasje i Os og Fusaposten, der ordførar Terje Søviknes i Os kommune vert skulda for å ha hatt ein skjult dagsorden i ei vegsak. Bakgrunnen er at ei juridisk vurdering vart halden tilbake under formannskapets behandling av saka. Terje Søviknes , som også er klagaren, reagerer på at han ikkje fekk høve til å imøtegå skuldinga om ?uredelighet? i artikkelen. Etter klagarens meining er det ikkje godt nok at varaordføraren fekk kommentera kritikken mot saksbehandlinga.

Os og Fusaposten meiner den har gjeve ei balansert framstilling av saka. Avisa hevdar at varaordføraren har hatt ei sentral rolle i det saksførebuande arbeidet, og at ho måtte kunne svara på kritikken mot saksbehandlinga. Os og Fusaposten viser også til at ordførar Terje Søviknes er intervjua nokre dager seinare, der han også fekk på trykk både klagen til PFU og eit langt innlegg om vegsaka. Terje Søviknes har ikkje kommentert skuldingane han reagerer på i innlegget eller i intervjuet, og redaksjonen kan ikkje sjå at han har påvist faktiske feil i artikkelen.

Pressens Faglige Utvalg viser til Vær Varsom-plakatens punkt 4.14, der det blant anna står: «Dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig».

I den påklaga artikkelen konstaterer utvalget at kritikken i hovudsak er retta mot ordførar Terje Søviknes og varaordføraren, etter at dei ikkje la fram ei juridisk vurdering av vegstriden då formannskapet behandla saka. Denne kritikken får varaordføraren høve til å kommentera.

Når det gjeld skuldinga om at Søviknes kan ha hatt ein skjult dagsorden, meiner utvalget at avisa skulle lete han fått kommentert dette samtidig. Sjølv om utvalget tidlegare har uttalt at det i den politiske reportasjen må kunne nyttast eit kraftigare språk og mer tilspissa formuleringar enn det som er vanleg i andre sammenhengar, har pressa også her eit krav på seg til å la den angripne part få forsvara seg mot sterke skuldingar.

Os og Fusaposten har brote god presseskikk.

Oslo, 20. november 2001
Thor Woje,
Catharina Jacobsen, John Olav Egeland, Odd Isungset,
Grete Faremo, Jan Vincents Johannessen, Trygve Wyller