Oddvar Holsen mot Firda

PFU-sak 126/01


SAMMENDRAG:
Avisen Firda brakte 15. mars 2001 en nyhetsartikkel med tittelen « Øgar ber politikarene vurdere Holsen », og det het i ingressen:

« Fylkeslege Petter Øgar meiner politikarene i Solund bør vurdere om arbeidet helse- og sosialsjef har gjort for å skaffe legar til kommunen, er godt nok. »

Det framgikk at fylkeslegen ikke var «nøgd med den første forklaringa frå helse- og sosialsjefen på kvifor Solund ikkje hadde fått lege. Han er ikkje nøgd med den nye heller. Det går tydeleg fram av svaret Øgar har sendt til kommunen etter Holsen si nye forklåring, at han ikkje er særleg imponert over dei forsøk som er gjort for å skaffe øykommunen lege. Han går difor til det uvanlege steg å meine at politikarane i Solund bør vurdere om Holsen ha gjort ein god nok jobb. »

Fylkeslegen siteres med følgende i artikkelen:

« – Slik situasjonen er i Solund no, meiner Fylkeslegen det ligg innanfor det lokalpolitiske beslutningsrommet å vurdere om rekrutteringsforsøka har vore gode nok. »

Ifølge Firda har helse- og sosialsjef Oddvar Holsen «ei anna vurdering av situasjonen», og «opplyser at han har vært i kontakt med ein annan kommune, utan å nemne namnet på kommunen, for å få til ei ordning. Heller ikkje det førte fram.»

Saken hadde også en kort førstesidehenvisning.

Dagen etter, 16. mars , fulgte Firda opp saken, bl.a. under tittelen « – Politikarane sitt ansvar, ikkje mitt ». Her lød ingressen:

« Helse- og sosialsjef Oddvar Holsen tek ikkje sjølvkritikk på det arbeidet han har gjort for å få lege til Solund. – Eg har berre følgt opp politikarane sine vedtak. Det politikarane bør gjere er å vurdere om dei har gjort gode nok vedtak, seier han. »

Det framgår at «Holsen er lite viljug til å snakke med Firda om legesaka i det heile. Han seier fleire gonger at han ikkje vil seie noko, fordi han ikkje er den einaste i administrasjonen som arbeider med rekrutteringa av legar.» Holsen viser flere ganger i intervjuet til kommunens administrasjonssjef, som han mener avisen bør kontakte om legesaken.

I en underartikkel på samme side het det:

« Gøsta Odeen, konstituert administrasjonssjef i Solund, har skrifteleg bede helse- og sosialsjef Oddvar Holsen om ein plan for å betre legesituasjonen i kommunen. »

20. mars lød overskriften i Firda: « – Sterkt kritikkverdig av Holsen og Krakhellen ». I
ingressen het det:

« – Ordførar Steinar Krakhellen og helse- og sosialsjef Oddvar Holsen si handtering av legesaka er sterkt kritikkverdig. Kritikken frå fylkeslegen er så alvorleg at eg krev ekstraordinært møte i formannskapet så fort som mogleg, seier formannskapsmedlem Anne Grethe Furrevik i Solund. »

Og Furrevik tilføyer bl.a.:

« – Dette er som eit ekko fra fortida, då Holsen vart løyst frå stillinga si. Slik eg oppfattar fylkeslegen ber han om at vi på nytt vurderer Holsen si stilling opp mot situasjonen innan helse- og sosialsektoren i kommunen. »

I en underartikkel ber også tidligere ordfører Vigdis Midtbø om at brevet fra fylkeslegen blir tatt på alvor. «- No som tidlegare vil eg ikkje kommentere personalsaker. Men det er ikkje utan grunn at fylkeslegen vender seg til kommunen og ber oss vurdere om det som er gjort av Holsen er godt nok.»

Dessuten het det om Vigdis Midtbø:

« Då ho var ordførar i kommunen i førre valperiode, vart helse- og sosialsjef Oddvar Holsen oppsagt, etter tilråding frå administrasjonen. Men då Høgre fekk fleirtalet i kommunestyret ved siste val, vart Holsen teken inn igjen i varmen. Midtbø vil ikkje seie om det kan gå mot ny oppseiingssak. »

22. mars , under tittelen « – Solund-leiinga ville ha norsk lege », uttaler en ikke navngitt
utenlandsk lege seg. «- Eg kjem til å informere fylkeslegen om det eg opplevde i kontakten med kommunen. (…) – Eg venta og venta på svar, men høyrde ingen ting. For to veker sidan ringde eg difor til helse- og sosialsjef Holsen. Han sa då til meg at eg ikkje fekk stillinga fordi dei ville ha ein norsk lege.»

Til slutt i artikkelen het det: « Firda har vore i kontakt med helse- og sosialsjef Oddvar Holsen i Solund kommune. Han vil ikkje kommentere saka. »

I en underartikkel på samme side ble det opplyst at «Sjukepleiarmangelen på Soundheimen har den siste tida vore så vanskeleg at helse- og sosialsjef Oddvar Holsen må ta ekstravakter på institusjonen».

Av en notis framgikk det dessuten at «ordfører Steinar Krakhellen i Solund er sjukmeld». «Det har i lengre tid vore store samarbeidsproblem i kommunen. I den seinare tid har det også vore mykje diskusjon om kommunen sine forsøk på å skaffe kommunelege til bygda. Men Krakhellen vil ikkje seie om sjukmeldinga har samanheng med desse problema.»

23. mars uttaler konstituert administrasjonssjef Gøsta Odeen seg til Firda: «- Solund
kommune seier ikkje nei til utanlandske legar, men vi vil prioritere norske legar.» Under henvisning til intervjuet med den utenlandske legen dagen før, het det bl.a. i artikkelen:

« Før intervjuet kom på trykk, var Firda i kontakt med helse- og sosialsjef Oddvar Holsen, men han ville ikkje snakke med journalisten som ringde, langt mindre kommentere uttalen frå legen. Holsen kravde å få snakke med ein annan journalist frå Firda, då ville han kanskje seie noko. Intervjuet kom difor på trykk utan kommentar frå kommunen. »

5. april hadde avisen en førstesidehenvisning med tittelen « Ordna legar til Solund på
rekordtid ». Teksten lød:

« Det helse- og sosialsjef Oddvar Holsen i Solund hadde brukt lang tid på ikkje få til, ordna administrasjonssjef Gøsta Odeen på rekordtid. Tysdag kunne han informere formannskapet om at det kjem legar til kommunen. Det likte politikarane så godt at møtet vart det mest positive og konstruktive på lange tider. »

Inne i avisen, under tittelen « Høgre la seg flate for kritikk i legesaka », ble det bl.a. opplyst:

« Rådmann Ingvar Haug har reist frå bygda, ordførar Steinar Krakhellen er sjukmeldt og helse- og sosialsjef Oddvar Holsen er plassert på sidelinja.»

Og i et senere avsnitt:

« For det var Odeen som tok det ansvaret mange har etterlyst frå sentrale personar i Solund den siste tida. Først gav han helse- og sosialsjef Holsen munnkorg, deretter tok han frå han ansvaret for å rekruttere legar til Solund. Det Holsen ikkje hadde klart på fleire år, fekk Odeen til på rekordtid. »

6. april brakte Firda et helsides oppslag med tittelen « Krakhellen gav Holsen avtale til
halv million » og følgende ingress:

« Det første Steinar Krakhellen gjorde då han overtok som ordførar etter valet i 1999, var å trekkje tilbake oppseiinga av sin gode venn, helse- og sosialsjef Oddvar Holsen, og samtidig gje han ein avtale verdt ein halv million kroner. »

Og videre i brødteksten:

« Etter det Firda kjenner til skal det vere krefter i sving for å ta denne ulike behandlinga av tilsette opp igjen i kommunale organ. Men førebels vil ingen av dei Firda har vore i kontakt med uttale seg om saka. Dei vil berre stadfeste at det er stor frustrasjon og irritasjon over avtalen Holsen har med kommunen, og at ?noko må skje?».

« Det mest oppsiktsvekkjande i den gullkanta avtalen Holsen fekk med Krakhellen, er at ingen andre enn Krakhellen og Holsen visste om den. Ingen i administrasjonen, ikkje ein gong rådmannen som øvste administrative leiar og Holsen sin overordna, var informert om at Krakhellen på vegne av kommunen hadde underteikna ein avtale som bind kommunen til store økonomiske utbetalingar. »

« Avtalen vart lagt fram på eit lukka møte i formannskapet. Høgre har fleirtal i formannskapet, og fleirtalet gjorde som Krakhellen bad om. Avtalen vart godkjent, mot røystene til Arbeidarpartiet og Senterpartiet. »

Samme dag kommenterte Firda legesaken på lederplass, under tittelen « Nye takter i Solund ». Her het det i et avsnitt:

« Høgre har i den bitre striden halde si hand over helse- og sosialsjef Holsen. Det var dei som tok han inn igjen i stillinga. Difor blir det lagt merke til at dei i formann-skapsmøtet ikkje fann grunn til å forsvare det som er gjort i legesaka så lenge han hadde ansvaret for å få legar til kommunen. Det kan knapt tolkast som anna enn kritikk av helse- og sosialsjefen, og det er nye takter som det skal bli interessant å sjå korleis utviklar seg. »

4. mai refererte Firda fra siste kommunestyremøte i Solund, under tittelen « Beklagar utspel frå Holsen og Krakhellen ». Det framgikk av ingressen at kommunestyret enstemmig hadde vedtatt « å beklage alle utspel som har komme til media om legesiuasjonen i kommunen ». Videre i brødteksten het det bl.a.:

« Kritikken råkar i første rekkje ordførar Steinar Krakhellen og helse- og sosialsjef Oddvar Holsen, men også fungerande ordførar Edel Færøvik Bontveit. Det er særlig Krakhellen og Holsen som har uttalt seg til media om legesituasjonen, men dei var ikkje til stades på møtet. Det var derimot fungerande ordførar Bontveit, som altså røysta for å beklage utspela frå dei to, og frå seg sjølv. »

9. mai brakte avisen et leserinnlegg fra et kommunestyremedlem, med kritikk av den
navngitte Firda-journalistens referat 4. mai fra kommunestyremøtet. Under tittelen « Om fakta og journalistikk » skrev Sølvi Songstad Waage bl.a.:

« Eg har fått forsterka mitt inntrykk av hans journalistikk som ?digt og forbannet løgn?. For det første er det korkje Holsen eller Krakhellen som har kome med mest ?informasjon? til media når det gjeld legesaka. At fungerande gruppeleiar for Høgre, ikkje ville ha meir diskusjon om saka, tolka eg ikkje som om nokon la seg flate, men at me no er mektig lei av alle ?sure oppgulp? og usaklege argument som har vore repeterte i det uendelege. »

Dagen etter, 10. mai , gikk Firda på lederplass i rette med innsenderen, under tittelen « Usann påstand om journalistikk ». I lederen fastholder avisen at vedtaket om å beklage «kan ikkje bety anna enn kritikk mot ordføraren og helse- og sosialsjefen, som er dei i kommunen som har uttalt seg til media om den aktuelle saka; legedekninga. Når ordføraren og Høgre sit med fleirtal i kommunestyret, må eit slikt vedtak måtte tolkast som at partigruppa ? la seg flat? for kritikken…».

KLAGEN:

Klager er den omtalte helse- og sosialsjef Oddvar Holsen. Han gir en omfattende beskrivelse av forholdene som lå til grunn for den opprinnelige oppsigelsen og hva som førte til at han senere ble tatt inn igjen i stillingen. Blant annet varslet klageren på et stadium søksmål mot kommunen.

Klageren viser til at Firda helt fra våren/sommeren 1998 jevnlig har omtalt ham, men at det toppet seg med oppslaget 6. april 2001: « Krakhellen gav Holsen avtale til halv million ». «Overskrifta og den tekstlege delen i artikkelen er etter mi vurdering skriven på ein slik måte at leserane må få inntrykk av at den aktuelle avtalen er kommen i stand på bakgrunn av korrupsjon og kameraderi. » Klageren tilbakeviser på det sterkeste avisens framstilling av saken, og viser til lovlige vedtak i formannskap og kommunestyre. Han påpeker også at han på forhånd ikke ble kontaktet av avisen.

For øvrig er klageren også kritisk til «deler av leiaren i avisa av same dato».

«Det skal vidare seiast at eg har oppleva Firda sin måte å omtale meg på, som ei belastning. Slik eg opplever det, har avisa hatt ein vinkling som har lagt opp til sverting av meg som person . Med nokre få unntak har avisa brukt store overskrifter og mykje plass når dei har omtalt meg og min stilling. Denne opplevinga har eg hatt ei tid, og det blei svært tydeleg i Firda sitt oppslag 15.03.01 med overskrifta ? Øgar ber politikarane vurdere Holsen ?. »

« Fylkeslegen har så langt eg kan vurdere, ikkje skrive det som Firda konkluderer med i overskrifta. Fylkeslegen har så langt eg kjenner til ikkje blitt intervjua av Firda i denne samanheng for å få stadfesta at det er dette Fylkeslegen faktisk har meint i sitt skriv. Har han svara positivt på dette til avisa, taler han i så fall med to tunger, noko eg ikkje trur han gjer .»

Fylkeslegens brev til kommunen følger som vedlegg.

Klageren bekrefter at han samme dag, 15. mars, ble kontaktet av Firda. «Eg gjentok til journalisten fleire gangar at han skulle stille spørsmåla til konst. adm.sjefen og at eg ikkje ville gi nokon kommentar…».

« Eg gjorde nok ein alvorleg feil i førstninga av samtalen med journalisten. Eg sa innleiingsvis at eg ikkje øngste å gi nokon kommentar til oppslaget. Då journalisten svara ja på dette, oppfatta eg det slik at eg ikkje ville bli referert eller nytta som kjelde. Dette var naturleg vis ein feil frå mi side at eg oppfatta journalisten slik. (…) Hadde eg trudd at han ville bruke meg i artikkelen ville eg ha bede om å få lese den før den blei trykt. »

«Den måten eg opplever journalisten har framstilt meg på i media, gjorde at eg etter den siste artikkelen den 16.03.01… ga uttrykk for at eg ikkje ville gi noko intervju til han fordi eg ikkje hadde tillit til han som journalist . (…) Eg sa vidare at dersom avisa nytta ein annan journalist skulle eg vurdere å gi uttale. Eg har etter denne samtalen ikkje opplevd å bli kontakta av andre journalistar frå avisa.»

Klageren påpeker at han heller ikke ble kontaktet for samtidig kommentar til reportasjen 20. mars ( «- Sterkt kritikkverdig av Holsen og Krakhellen »). Derimot bekrefter klageren at han ble kontaktet forut for reportasjen 22. mars, der den utenlandske legen intervjues. «Det vart ikkje gitt noko uttale frå meg i samband med denne artikkelen.»

«22.03.01 tok konst. admsjef kontakt med avisa på bakgrunn av oppslaget av same dato. Dette var for å rette opp den feilaktige vinklinga. (…) I same artikkelen gjengir journalisten litt av samtalen eg hadde med han 22.03.01, men han kom ikkje med kvifor eg ikkje ville snakke med journalisten »

Når det gjelder artikkelen 5. april, med omtale av formannskapsmøtet, mener klageren at Firda på nytt gjør «sitt ytterste for å sverte meg». « Det var ikkje gitt munnkorg, men rett og slett ei arbeidsfordeling. » Klageren viser til at avisen Ytre Sogn var til stede på samme møte, og fikk fram dette poenget i sitt referat.

Også omtalen av kommunestyremøtet, i Firda 4. mai, stiller klageren seg spørrende til. « Journalisten har makta kunststykket å fortolke uttale på ein slik måte at sentrale
politikarar har vanskar med å forstå kva møte journalisten har referert til .» Klageren viser her til Sølvi Songstad Waages leserinnlegg 9. mai.

Mot slutten av klagen heter det:

« Totalt har avisa slik eg opplever det, hatt mange negative oppslag om underteikna. Med utgangspunkt i at Solund kommune er ein liten kommune, blir desse stadige oppslaga ei ufatteleg stor belastning for meg og min familie. Eg må etter kvart sei eg undrar meg over om det er høve for eit media som ei lokalavis, til å halde fram med sine utsegner på denne måten. Eg forstår heller ikkje at ei avis kan setje fram så mange påstandar utan at det kan dokumenterast. Blir ein ikkje sett på som mennesker når media har bestemt seg for å gå til angrep? »

Klageren oppsummerer i form av fem spørsmål om dokumentasjon av «kameraderi og korrupsjon», om avisens konklusjon og tittelbruk på basis av fylkeslegens brev til kommunen, om manglende tillit til en journalist, om enkeltpersoners integritet, og om hensynet til en persons familie.

FORSØK PÅ MINNELIG ORDNING:

Firda s redaktør sendte klageren et brev der han tok avstand fra tolkningen av oppslaget 6. april som en påstand om «korrupsjon og kameraderi». «Dersom du likevel held fast på at det er tilfelle, tilbyr eg at vi formar ein tekst til offentleggjering i Firda der eg avsannar nokon slik intensjon frå Firdas side. » Redaktøren sa seg samtidig villig til å møte klageren.

Klageren påpeker i sitt svarbrev til redaktøren at det er en rekke forhold han ønsker PFUs vurdering av. «Eg kan ikkje sjå at dykkar skriv inneheld noko forklaring på mine spørsmål og ankepunkt mot avisa Firda.»

TILSVARSRUNDEN:

Firda s redaktør oppfatter det fortsatt som klagens hovedpunkt at avisen skal ha framsatt en påstand om « kameraderi og korrupsjon ». « Hovudklagen vil eg straks avvise som grunnlaus…» Redaktøren skriver bl.a. om bakgrunnen for det påklagede oppslaget 6. april:

«Som nyvald ordførar sette Steinar Krakhellen seg til forhandlingsbordet med Holsen, og utan mandat frå noko kompetent politisk organ presterte Krakhellen ikkje berre å forhandle fram eit avtaleutkast som partane kunne vurdere, men Krakhellen sette namnet sitt på ein avtale med Holsen. Når han kunne gjere det, hadde det sjølvsagt samanheng med at han kunne stole på at Høgre-gruppa, med fleirtal i kommunestyret, ville godta avtalen.»

«Avtalen Krakhellen signerte innebar at Holsen skulle setjast inn att i stillinga han var sagt opp frå, og at han skulle få økonomisk vederlag. Avtalen vart godkjend etter lang debatt i kommunestyret den 8. november 1999, men hovudinnhaldet i avtalen vart ikkje allment
kjent før ei god tid etter, og Firda offentleggjorde det fullstendige innhaldet i avtalen først i den påklaga artikkelen… »

« Ingen av dei påklaga artiklane inneheld den minste ymt om korrupsjon. Det er ei alvorleg skulding som ingen i Firda-redaksjonen nokon gong har tenkt mogleg i denne saka. (…) Det er difor meiningslaust å påstå at Firda har reist skuldingar om korrupsjon.»

«Klagaren byggjer truleg påstanden på formuleringa ? sin gode ven ? om forholdet mellom ordførar Krakhellen og Holsen. Frå å påpeike vennskap mellom dei sentrale aktørane og til å påstå kameraderi, er det eit langt sprang. Det vennskapelege forholdet mellom dei er godt kjent i lokalsamfunnet, og det er i det minste så godt utvikla at ordførar Krakhellen måtte gå fra møtet medan kommunestyret den 8. november 1999 vurderte om ordføraren på grunn av venskapsforholdet kunne vere inhabil då avtalen han hadde forhandla fram med Holsen kom opp som sak.»

«Jamvel menneske som er gode vener kan gjennomføre eit sakleg nøkternt forhold når dei er partar i eit saksforhold, men det er på sin plass å gjere merksam på vennskapsforholdet når det gjeld avtaleparnarar. Noko heilt anna er det dersom vennskapet utartar til usunt kameraderi, der vener utnyttar posisjonane sine å gje kvarandre fordelar. Noko slikt har Firda aldri ymta om… ».

«For Firda har det aldri vore aktuelt å sverte personen Oddvar Holsen. Når Holsen i det heile har vore interessant for Firda å få i tale, kjem det av at han sit som etatsjef med m.a. ansvar for legedekninga og rekruttering av lege til kommunen. »

«Det er korrekt at Holsen då han den 15. mars vart oppringt frå Firda ikkje ville uttale seg til journalisten. Han svarte likevel på nokre av spørsmåla, og for Firda var det sjølvsagt å sitere dei svar den anvarlege etatsjefen gav. (…) Dersom Holsen då, av uvilje mot å bli intervjua av den aktuelle journalisten, gav så mangelfulle svar at han etterpå kjende seg uthengt gjennom sine eigne ufullstendige svar, kan Firda ikkje vere å klandre for det. Ikkje i noko høve vil Firda kunne la intervjuobjektet avgjera kva journalist som skal utføre det eine eller det andre oppdraget. »

«Når fylkeslegen ser seg nøydd til å påpeike at legetilbodet i ein kommune ikkje er fullgodt, og når fylkeslegen ikkje berre ein gong ber om å få ei utgreiing om kva som har vore gjort for å rekruttere ny lege, men må repetere oppmodinga, då er det eit forhold som har krav på offentleg omtale. (…) Når ei skriftleg framstilling er så klår som fylkeslege Øgar til vanleg ordlegg seg, er det ikkje alltid turvande å gå til kjelda for å få utdjupa munnleg det som er klårt formulert i skrift.»

Angående oppfølgingen 23. mars, av reportasjen der den utenlandske legen uttaler seg, skriver redaktøren bl.a.:

«Når Firda måtte komme tilbake med ei nyansert framstilling, hadde det beinveges samanheng med at Holsen var uvillig til å snakke med journalisten… Holsen viste journalisten til konstituert administrasjonssjef, men forklarte ikkje at administrasjonssjefen hadde teke over ansvaret for å rekruttere lege.»

Om referatet 5. april fra formannskapsmøtet, heter det videre i avisens tilsvar:

«Holsen les tydeleg nok ? sentrale personar ? som mynta på seg, men det er ei feilslutning. Det faktiske forholdet er at Odeen tok ansvar, og fekk sett ting på plass… Så kunne Firda ha avstått frå å omtale dette for ikkje å såre ein etatsjef som var part i konflikten, men det ville ikkje ha vore rett av Firda .»

Når det gjelder kommunestyrereferatet 4. mai, mener redaktøren det ikke kan være tvil om at det etter valget høsten 1999 var ordfører Krakhellen og klageren som informerte om legesaken på kommunens vegne. « Når kommunestyret vedtek å beklaga informasjon kommunen har gitt, kunne kritikken som ligg i vedtaket ikkje ramme stort andre enn dei to – difor vart det òg brukt i tittelen på referatet. »

Og redaktøren skriver mot slutten av tilsvaret:

«Firda skal så avgjort ta omsyn til einskildpersonar. Det er likevel ein overlag stor skilnad mellom ein privatperson og ein etatsjef eller ein ordførar. Særleg må både etatsjef og ordførar tole nærgåande søkjelys når ein så alvorleg situasjon oppstår som at legedekninga i kommunen over lengre tid er svært mangelfull, og den sentrale helseinstitusjonen i kommunen knapt fungerer på grunn av sjukmeldingar som følgje av konflikt som involverer både dei øvste tilsette og den politiske toppleiinga.»

« Det kan ikkje vere tvil om at omtalen har vore belastande, også for familiane, men konflikten og utslaga av den har òg vore belastande for alle innbyggjarane i kommunen. »

Klageren mener avisens tilsvar ytterligere bekrefter «at Firda nyttar einskilde kjelder, og stundom utan å sjekke grunnlaget for påstandar godt nok».

«Varpe (redaktøren; sekr. anm.) hevdar også at Krakhellen gjekk til forhandlingar utan mandat frå noko kompetent politisk organ. Eg synest at underteikna vert undervurdert i ei slik framstilling. Det hadde for meg vore uinteressant å setje meg til forhandlingsbordet utan å kjenne motparten sitt mandat. Partana var også innforstått med at ein eventuell avtale ikkje var gjeldande før den var godkjend i kommunestyret.»

<SPAN style="FONT-SIZE: 11pt; FONT-F