["883"] mot Pensjonisten

PFU-sak 039/00


SAMMENDRAG:
Bladet Pensjonisten publiserte i si utgåve nr. 1 2000 eit innsendt referat under tittelen «Ås pensjonistforening 45 år». I referatet står det blant anna: » Vår leder Arvid Lysø åpnet møtet med allsang «Deilig er Jorden» og deretter overtok toastmaster Oddvin Stubhaug styringen av festmåltidet. Han spritet opp festmåltidet med gode historier og poesi. Perry Overaa leste jubileumsberetningen som han krydret med historier og hendelser fra årenes løp».

KLAGEN:
Klagaren, Magne Østerås, reagerer via Noregs Mållag på at innlegget «både er omskrive og omsett frå nynorsk til bokmål». Noregs Mållag skriv at han finn det «krenkjande å få namnet sitt offentleggjort under ein tekst han ikkje har skrive og i ei anna målform enn den han har brukt».
I det vedlagte originale innlegget står det blant anna : «Leiar Arvid Lysø opna møtet og vi song ?Deilig er jorden?. Oddvin Stubhaug overtok så som toastmaster for kvelden. Perry Overaa la fram jubileumsberetning og kom med historier frå tida som foreninga hadde vore i arbeid» .

Sekretariatet ba Noregs Mållag om samtykke frå Magne Østerås. Brevet med samtykket frå Østerås kryssa ein kopi av brev til Østerås frå Pensjonistens redaktør (21.mars). Der uttrykker den nytilsette redaktøren sin «dypeste beklagelse over måten den foregående redaktøren har behandlet ditt leserinnlegg på. Det er utrolig at Tore Thjømøe har tatt seg den friheten å skrive ditt leserinnlegg om ? og i tillegg legge til egne poenger. Når han attpå til har oversatt ditt innlegg fra nynorsk til bokmål, får denne saken både et latterlig og komikkens skjær. Dette er et klart brudd på vanlig god norsk presseskikk» . Redaktøren lovar at slikt aldri meir «kommer til å forekomme i bladet Pensjonisten».

Klagaren påpeikar i sitt samtykkebrev at Pensjonisten tidlegare «har trykt referat frå meg både på nynorsk og bokmål utan endring eller anna form for reaksjon. Denne gongen er det gjort ei omskriving der mykje er gale og dette skadar meg og andre». Klagaren viser til at det opprinneleg stod: » ?Toastmasteren?krydra festmåltidet..? Den trykte teksten seier ?Oddvin Stubhaug?spritet opp festmåltidet?. Skolemannen, målmannen og fråhaldsmannen Oddvin Stubhaug, ein krumtapp i kulturlivet i universitetsbygda Ås, der den flinkaste og vakraste kulturministeren Noreg har hatt, bur; han sprita ikkje opp noko som helst, og jubileet var slett ikkje nokon fyllefest, om det er det Pensjonisten prøver å insinuere».

Sekretariatet ba klagaren om å vurdera klagen i lys av Pensjonistens orsaking, og oppfordra partane til å løysa saka ved ei minneleg ordning.

Klagaren har ikkje noko inntrykk av at Pensjonistens redaktør vil be han om orsaking,. «Eg finn ikkje ordet ?orsaking? i brev av 21. mars frå Næss, og heller ikkje nokon bokmålsekvivalent». «Da er det ingen grunn for meg til å dra attende klagemålet». Klagaren skriv at han likevel finn minneleg ordning som «interessant», og ber PFU «vera oss til hjelp med det».

Sekretariatet ba på den bakgrunn Pensjonistens redaktør på ny om å ta kontakt med klagaren for å finna fram til ei semje.

Klagaren kom tilbake etter dette, og påpeikte at «det einaste nye sidan eg sist skreiv er at redaktør Marianne Næss ringde meg og sa at ho ville trykke min versjon av referatet det gjeld, saman med ei forklaring, i det nummeret, (eit halvt år gamalt referat!)» . Klagaren oppfattar ikkje dette som ei minneleg ordning, og ber PFU handsama klagen.

Sekretariatet sette etter dette klagebehandlinga formelt i gang.

Pensjonistens redaktør tok pr. telefon kontakt med sekretariatet og stadfesta at referatet frå 45-års feiringa, i riktig språkdrakt, ville bli publisert i førstkomande utgåve saman med ei orsaking frå redaktøren.

Sekretariatet kontakta klagaren for å høyre om dette var ei løysing han kunne leva med.

Klagaren krev at klagen vert handsama, og meiner at saka har trekt ut med «tre månader sakshandsaming».

TILSVARSRUNDEN:
Pensjonisten har ingen ytterlegare kommentar, og meiner bladet har gjort det dei kan «for å rette skaden som er gjort: Unnskyldning og beklagelse muntlig og skriftlig samt innrykking av Østerås´ opprinnelige innlegg med beklagelse fra redaktør og forbundsledelse».

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjeld eit innlegg i bladet Pensjonisten der ei feiring av ein pensjonistforening vart omtala. Klagaren, innleggets skribent, reagerer på at referatet er omsett frå nynorsk til bokmål og omskrive. Klagaren opplever det som krenkande å få namnet sitt offentleggjort under ein tekst han ikkje har skrive og i ei anna målform enn den han har brukt.
Pensjonistens nye redaktør har overfor klagaren bedt om orsaking, og understrekar at bladet tar avstand frå slike omskrivingar og omsettingar. Pensjonisten viser til at etter klagen blei kjent, har bladet publisert innlegget i korrekt form saman med ei godt synleg orsaking.

Pressens Faglige Utvalg meiner at innsendte innlegg under namn som hovudregel bør publiserast i vedkommande skribents målform. Pensjonisten burde i dette tilfellet følgd denne praksisen, eller førespurt klagaren før endring.
Når det gjeld redigeringa av teksten, viser utvalet til redaktørplakaten og bladets redaksjonelle rett til å redigera også innsendte innlegg. Etter utvalets meining må redaktøren ha ein større redigeringsrett i innsendte referat enn i meiningsinnlegg, men påpeikar at Pensjonistens tidlegare redaktør går langt i sin redigeringsrett når han grip direkte inn i skribentens tekst utan å gjera denne merksam på det.
Imidlertid konstaterer utvalet at Pensjonistens nye redaksjonelle leiing, då den vart kjent med klagen, tydelig tok avstand frå handteringa av innlegget. Utvalet merkar seg også at klagarens innlegg kom på trykk i korrekt versjon saman med bladets orsaking, og legg til grunn at verken forkortinga eller omskrivinga av innlegget bryt med referatets opprinnelege meiningsinnhald.

Etter ei samla vurdering meiner utvalet at Pensjonisten ikkje har brote god presseskikk.
Oslo, 24. august 2000
Thor Woje,
Catharina Jacobsen, John Olav Egeland, Odd Isungset,
Grete Faremo, Jan Vincents Johannessen, Marvin Wiseth