Fjell Kommune, v. teknisk sjef Atle Justad mot NRK

PFU-sak 037/00


SAMMENDRAG:
NRK Hordaland synte tysdag 22. februar 2000 ein fjernsynsreportasje om elevars bidrag til reinhald på Ågotnes skule. Frå nyheitspresentasjonen heiter det:
«Kommunen greier ikkje å halda reint. No må 6-åringane vaska skulane i Fjell».
Og frå programleiars introduksjon til innslaget vert det sagt:
«God kveld! Dette er nokre av sakene i denne sendinga. Vi skal først til Fjell kommune. Der må no skuleborna sjølv gjera reint i klasseromma sine. Skulen har lenge hatt problem med innemiljøet, og no meiner kommunen at 6- og 7-åringane må ta ansvar for at det skal vera reint på skulen».
I reportasjen vert først to ordenselevar intervjua, og dei synes ikkje mopping er noko hyggeleg. Reporteren seier: «Mens andre elever kan gå hjem etter skoletid, må ordensmennene i første klasse bli igjen». Og reporteren held fram: «På denne måten bidrar Markus og Joakim til å bedre inneklimaet på skolen sin. Et inneklima som er så dårlig at Fjell kommune er tvunget til handling. Svaret er ikke å sette inn ekstra renholdspersonale, men å gi klassene en miljømopp, der elevene selv må ta ansvar for den daglige gulvvasken».
Klassestyraren meiner det er greit at elevane skal læra å halda orden, «men når det omfattar vasking av skolen omtrent, så synes eg ikkje det er helt riktig. Det må være de som har vaskejobb på skolen som sørger for at klasserommene er rene».
Fungerande reinhaldsleiar seier at «det er nok fremdeles noen av småskolelærerene som må hjelpe til å koste opp støv og rusk fra gulvet. Så vi håper at klassemoppen kan gjøre denne jobben lettere».
I reportasjen vert det også vist at dei to ordenselevane må plukka opp glasskår, etter å ha rive ned eit bilde.

Dagen etter melder NRK Hordaland følgjande i sine nyheitssendingar på radio:
«Ordføraren i Fjell, Ole Fredheim, seier det aldri har vore meininga at elevar skal stå for reinhalde i klasseromma i kommunen. I Vestlandsrevyen i går blei det kjent at lever heilt ned i 6-årsalder kostar og moppar klasseromma etter skuleslutt. Fredheim seier dette er ein del av det å ansvarleggjera elevane. Og han understrekar at det kjem reinhaldarar til å vaska klasseromma etterpå».
NRK Hordaland debatterer saka i sitt aktualitetsmagasin «Hordaland i dag». I introen heiter det:
«På Vestlandsrevyen i går blei det kjent at elevane må ta i et tak når skulen skal gjerast rein. På Ågotnes kan ein observera både seks- og sjuåringar i sving med moppane når skuledagen nærmar seg slutten. Og i følgje ordføraren i Fjell er dette eit forsøk på ansvarleggjering av elevane i svært ung alder».
Deretter følgjer eit ironisk kommentarinnslag frå ein journalist som inngang til debatten. Teknisk sjef i Fjell kommune, Atle Justad, avkreftar deretter at elevane overtar reinhaldaranes arbeid.

Vestlandsrevyen følgjer også opp saka dagen etter, fordi undervisningsdirektør i Hordaland, Kjelbjørg Lunde, meiner at kommunen har gått for langt. Ordføraren i Fjell vert også intervjua. Han uttalar blant anna at «jeg tror ikke det er riktig at man skal la små barn bruke disse store moppene». Men han synes at elevane kan ta del «i det å skape et godt innemiljø». Ordføraren vil forsikre seg at barna ikkje tar «jobbene fra renholderne våre».

KLAGEN:
Klagaren , Fjell kommune v. teknisk sjef Atle Justad, hevdar at «fjernsynsreportasjen inneheld så mange feil at vi finn grunn til å reagera sterkt». Klagaren meiner at reportasjen feilaktig framstiller det som at elevane «mest har overteke reinhaldet på skulen». «Reinhaldarane sin tidsbruk er ikkje redusert, og Fjell kommune sparer ikkje noko på at elevane ryddar».
Klagaren peikar på at reportasjen «dvelar ved at ein liten elev ?måtte? plukka opp glasskår». Klagaren understrekar at slikt arbeid skal ikkje elevane gjera, men hevdar «at NRK-teamet visstnok insisterer på at eleven skulle plukka opp glasbitane medan dei filma».
Vidare hevdar klagaren at fjernsynsreportasjen framstiller det som om «ordenselevane vert halden att etter at dei andre elevane har fått fri for dagen. Vi presiserer at ryddinga skjer innanfor ordinær skule- og arbeidstid. Fjell kommune har vurdert det at elevane får læra å rydda opp etter seg som nyttig læring».
Fjell kommune reagerer også på at intervjuet med fungerande reinhaldsleiar, Ruth Paulson, «så å seia er heilt bortklipt». Klagaren påpeiker at saka vart følgd opp både i Vestlandsrevyen og debattert i radioens aktualitetsmagasin, «Hordaland i dag».

TILSVARSRUNDEN:
NRK Hordaland viser til vedlagte kommunale sakspapir, og ei undersøking om dårleg inneklima ved skulane. Her går det fram at eit av tiltaka er å «skjerpe inn ordensmannsfunksjonen, og at elevane skal stå for ?lett reinhald av romma?. Det kan derfor ikke være tvil om at elevenes mopping er knyttet til et ønske om å bedre kvaliteten på renhold/ inneklima, og at det ikke bare handler om å lære elevene å rydde etter seg».
NRK presiserer at det ikkje vert sagt at elevane har overtatt reinhaldet. NRK har «verken påstått at renholdernes tidsbruk er redusert eller at Fjell kommune sparer penger på at elevene mopper».
Når det gjeld glasskåra, hevdar NRK at eit bilde fall ned under moppinga, og at elevane plukka glasbitane opp utan protestar frå læraren. Vidare fekk dei andre elevane gå før skuletimen var slutt den dagen NRK-teamet var der, «mens ordenselevene måtte bli igjen for å moppe».

Klagaren hevdar at ein ved gjennomsyn av fjernsynsreportasjen «vil få stadfesta eit hovudinntrykk av at elevane mest har overteke reinhaldet, jfr. uttale frå den læraren som vert intervjua. Trass i NRK sine kommentarar, må ein i det heile vera nokså naiv for ikkje å oppfatta innslaget som eit forsøk på å framstilla Fjell kommune sin praksis som barnearbeid».
Klagaren held fast på at NRK har redigert bort deler av intervjuet med Ruth Paulson «som kunne ha gjeve ei korrekt og balansert framstilling». Klagaren peikar på at det er «lenkinga av dei ulike delene i reportasjen som skaper eit samla, negativt hovudinntrykk av Fjell kommune».

NRK Hordaland avviser at dekkinga etterlet eit inntrykk av Fjell kommune «som ein ?barnearbeidskommune?. «NRK har stilt spørsmål ved kommunens nye ordning for orden/renhold i klasserommene, og det må være fullt legitimt».

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjeld ein reportasje i NRK Hordalands nyheitssending, Vestlandsrevyen, der elevar ved ein skule i Fjell må moppa klasseromma sine for å betra inneklimaet. Klagaren, Fjell kommune ved teknisk sjef, reagerer på at reportasjen framstiller kommunen sin praksis som barnearbeid. Klagaren viser til at reinhaldarane ikkje har fått redusert sin tidsbruk, og at innslaget framstår som ubalansert fordi intervjuet med reinhaldsleiaren ?nesten er heilt bortklipt?. Klagaren hevdar det er feilaktig, som reportasjen gjev inntrykk av, at ordenselevane vert haldne tilbake etter skuletid.
NRK Hordaland viser til ei kommunal undersøking om dårlege inneklima ved skulane, der eit av tiltaka er å skjerpa ordensmannsfunksjonen og la elevane stå for ?lett reinhald av romma?. NRK hevdar at det ikkje kan vera tvil om at elevanes mopping er knytt til eit ynskje om å betra kvaliteten på reinhald og inneklima. NRK presiserer at det ikkje vert sagt at elevane har overteke reinhaldet, og hevdar at elevar som ikkje hadde ordensvakt, fekk gå før skuletimen var slutt då NRK-teamet var der.

Pressens Faglige Utvalg meiner NRK var i sin fulle rett til å setja søkelyset på ordninga, og konstaterer at kommunen har skjerpa ordensmannsfunksjonen ved skulen på grunn av dårleg inneklima.
Utvalet kan ikkje sjå at Fjell kommunes praksis vert framstilt som barnearbeid i reportasjen, men meiner NRK med fordel kunne ha presisert at ordensmannsfunksjonen føregår innanfor ordinær skuletid. Etter utvalets meining går det klart fram av reportasjen at moppinga ikkje har overtatt for det eksisterande reinhaldet, men er eit kommunalt pålegg for å betra eit dårleg inneklima. Utvalet legg til grunn at reportasjen er halden i ei nøktern form, og konstaterer at representantar frå Fjell kommune fekk koma med tilsvar dagen etter.

NRK Hordaland har ikkje brote god presseskikk.

Oslo, 23. mai 2000
Sven Egil Omdal,
Catharina Jacobsen, Odd Isungset,
Helen Bjørnøy, Grete Faremo, Jan Vincents Johannessen