NN mot Haramsnytt

PFU-sak 019/99


SAMMENDRAG:
Haramsnytt brakte fredag den 22. januar 1999 ein heilsides reportasje om firebarnsmora og modellen (navnet), under tittelen «Ei lys og ei mørk side». I ingressen står det :
«(Navnet), mor til fire og modell. Ho vart lansert i Vi Menn som sexy småbarnsmor. Etter det tok Se og Hør kontakt. TV-Sunnmøre skal lage reportasje for TV- Norge, og andre bladfykar har banka på døra hennar. Bak det søte ansiktet er det ei ung jente som også har opplevd ei mørkare side av livet. Det har prega hennar oppvekst».
Av reportasjen går det fram korleis ho blei oppdaga som modell, og at ein gammal barndomsdraum gjekk i oppfylling då ho vart «oppdaga». Den siste halvdelen av reportasjen har undertittelen «Den mørke sida». (Navnet) fortel at far hennar var sjuk og hadde ei sinnsliding, «og for ut og inn av sjukehus og fengsel».
Det går vidare fram at barndommen hennar var prega av angst for farens raseriutbrot, og ho vart mobba på skulevegen fordi hennar familie ikkje var som alle andre. Kjersti og broren hennar blei sende på fleire fosterheimar, men ho sakna foreldra sine. «Far min kunne ha bra periodar også, og mor mi sleit for å halda alt i hop». (Navnet) fortel vidare om mor si som hadde det tøft. «Ein gong heldt ho på å stryke med og far min berre sat der. Musikken stod høgt på og det var ingen reaksjon frå hans side. Eg fekk ho på sjukehus».
(Navnet) fortel også at faren ein dag tok ei hagle og ville gå i banken for å ta ut pengane sine, «..,eg fekk panikk, far min var sjuk. Kva kunne skje når han kom til banken». Faren fekk
etter den episoden tilnamnet «haglemannen». Det går fram at faren døydde for sju år sidan, men ikkje kva han døydde av.
Avslutningsvis går det fram at (Navnet) tilgjev alle som mobba henne. «I dag kan eg sjå lyst på livet med fire barn, ektemann og modellkarriere».

KLAGEN:
Klagaren er (navn), søstera til den avdøde faren. Ho reagerer på den negative omtalen av bror sin, og hevdar det er usant at han gjekk ut og inn av fengsel. Klagaren forklarar at faren til (Navnet) var frisk då han kom til landet, men «at mye nervepiller og arbeid i en fabrikk gav han løsemiddelskade». Reportasjen har skapt problem for henne og barna hennar, og meiner at reportasjen er laga utan tanke på den næraste familien. Slik klagaren ser det, har ikkje lokalavisa rett til å driva «skittentøyvasking» i ei gammal familiesak der den eine parten er død.

Sekretariatet ba partane om å søka etter ei minneleg ordning, og Haramsnytt meddelte at det var kome til ei ordning mellom partane. Redaktøren og klagaren er «blitt enig om at Haramsnytt tar inn i avisa 17.02.99, ei orsaking for at vi har såra henne. Ordlyden i teksten er lest opp i telefon til (klagerens navn), og godkjent av henne. Dermed er vi samd om at denne saka er avslutta». Klagaren meddelte over telefon at klagen trekkes.
Klagaren sende nokre dagar seinare eit utklipp frå den avtalte «orsakinga», slik ho stod på trykk, og meiner «plasseringa var så dårlig at man nesten ikke kunne se dette i forhold til den store reportasjen». Klagaren vil ikkje godta dette, og ber om at saka bli tatt opp att.

TILSVARSRUNDEN:
Haramsnytt opplyser at det har vore stor medieinteresse omkring (navnewt), og at ho sjølv, saman med mora, tok kontakt med avisa «der ho gjerne ville stå fram med si eiga historie der ho kunne seie litt om hendingar i oppveksten som har prega ho sidan». Avisa meinte at det var på sin plass med ei slik framstilling.
Haramsnytt peikar på at avisa ikkje brukte namnet på faren til intervjuobjektet, og legg til at artikkelen vart gjennomgått og nokre setningar luka ut. «Men det som står att meiner vi er naudsynleg for å gje eit heilskapleg bilete av hennar barndom, hennar angst, tap og siger».
Avisa skriv at klagaren tok kontakt med redaksjonen etter at artikkelen kom på trykk, og at ho ville ha inn eit lesarinnlegg. Innlegget kom på trykk to dager etterpå, og i innlegget står det at broren tok sitt eige liv. «Vi gjorde (navnet). spesielt merksam på dette, jmf. § 4.9. i Vær Varsom-plakaten, men ho ville ha avsnittet med». Vidare går det fram at klagaren ville ha ei orsaking frå redaktøren, noko ho fekk.
Haramsnytt meiner avisa har gjeve rom for imøtegåing «innanfor den tidsramma som har vore praktisk mogleg (jmf. § 4. 14)». Avisa kommenterer at plasseringa av «orsakinga» var på side 2, «som er avisa si side for meiningsytringar og personalia».
Avisa er skuffa over «avtalebrotet» med klagaren, og undrar seg over at ho som » er ein av dei her i fylket som har stått mest fram i alle slags media og fortalt om sin familie og sine born, alt frå Se og Hør til meir seriøse aviser og vekeblad, reagerer så sterkt når ein av hennar slektningar gjer det same». Avisa meiner også at det vil vera uhaldbart om redaksjonen må innhenta «løyve» frå slektningar, og legg til at det alltid vil vera nokon som ikkje likar at ting kjem på trykk.

Klagaren seier i sitt tilsvar at ho har fått mange ubehagelege spørsmål om hennar bror etter reportasjen. Klagaren meiner også at saka inneheld fleire usanningar, og avviser at ho nokon gong har hengt ut familien sin i andre vekeblad. Ho meiner, i motsetning til Haramsnytt, at avisa burde ha kontakta familien når «vedkommande» hadde vore død i fleire år og ikkje kan forsvara seg.

Haramsnytt har ikkje meir å tilføya i saka.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjeld ein reportasje i Haramsnytt, der ei mor og modell fortel om sin barndom og oppvekst saman med ein far med sinnsliding. Klagaren er søstera til den omtala faren i reportasjen. Ho reagerer på den negative omtalen av bror hennar, og hevdar at det er usant at han gjekk «ut og inn av fengsel». Etter klagaren si meining skulle ikkje avisa ha omtala den avdøde broren, og den burde ha kontakta familien for deira syn innan reportasjen kom på trykk.
Haramsnytt meiner det var naudsynt å omtala faren dersom avisa skulle kunna gje eit «heilskapleg bilete» av firebarnsmora sin barndom. Avisa presiserer at klagaren fekk eit lesarinnlegg, samt ei «orsaking» frå redaktøren, på trykk etter reportasjen. Redaksjonen legg også til at det vil vera «uhaldbart» om den måtte innhenta «løyve» frå slektningar før dei kunne trykka reportasjen. Avisa presiserer at dei ikkje namngav mannen, eller fortalde at han døydde etter sjølvmord.

Pressens Faglige Utvalg viser generelt til at det må visast stor varsemd når sinnslidande personar vert omtala, og at ein bør unngå å bringa støytande detaljar frå familietragediar som er saka uvedkommande.
Utvalget meiner likevel at avisa må kunne fortelja om negative sider ved å veksa opp med ein sinnslidande, på lik linje med andre som er sjuke, så lenge det har relevans for saka og er innanfor dei krava som Vær Varsom-plakaten stiller til saklighet og omtanke. Utvalget kan ikkje ta stilling til om det er usanningar som er framsett, men konstaterer at klagaren har fått kome til orde gjennom eit lesarinnlegg, og at avisa har beklaga at artikkelen såra familien. Utvalget meiner likevel at avisa har vore unødig detaljert i omtalen av den avdøde faren.

På dette punkt har Haramsnytt opptrådd kritikkverdig.
Oslo , 27. mai 1999
Sven Egil Omdal,
Odd Isungset, Astrid Kolbjørnsen, Thor Woje,
Helen Bjørnøy, Brit Fougner, Jan Vincents Johannessen