Gisle Mjaugedal mot NRK

PFU-sak 014/99


SAMMENDRAG:
NRK Telemark (radio) debatterte i fire innslag, tysdag 22..12.98, flyktningpolitikken i Vinje. Bakgrunnen for debatten er to lesarinnlegg frå Gisle Mjaugedal, aktiv medlem i Vinje Arbeidarparti, i Vest- Telemark Blad (VTB) hausten 1998.
I lesarinnlegga argumenterer Gisle Mjaugedal for ein debatt om flyktningepolitikken i kommunen. «No er det på høg tid at saka kjem på dagsordenen. Gjer ein ikkje det, er det fare for at rasismen får grobotn, ei utvikling me må unngå både av omsyn til flyktningane sjøl og heile lokalsamfunnet».
I hans første lesarinnlegg gjer han det klart at «Eg er ikkje rasist, eg er ikkje populist, og eg tek avstand frå Carl I Hagens vulgærpropaganda».(..) «Det er ei kjensle hos mange , at politikken no meir blir diktert av dei flyktningane som alt er her, med etterkvart svært så omfattande familiegjenforeningssaker».
Vidare går det fram av Mjaugedals andre lesarinnlegg, at andre innsendarar har reagert på hans syn. Mjaugedal oppsummerer debatten som nyttig og at den har hatt sømelege former, men legg til at det er «bedrøveleg å lesa alle dei innlegg frå kvinnfolk som har stått i VTB, der dei blindt lovprisar alt framandkulturelt. Dei visar gjerne til festar med musikk, dans og trommer. Ja, hadde det vore så enkelt. Eg har sjølv hatt stor glede av dette i Afrika. Men desse kvinnfolka ser ut til å ha late att augo for alt det negative og primitive ved kulturar som ikkje har kome så langt i utviklinga».
Gisle Mjaugedal hevdar vidare i sitt andre innlegg at: «Det er nødvendig å ta opp alle dei alvorlege spørsmåla som reiser seg, med vald, kriminalitet, mafia, i heile si breidde. Me veit no at ein urimelig stor andel i det kriminelle miljøet er rekruttert frå innvandrarar».
Dette er bakgrunnen for at NRK Telemark tar opp temaet til debatt. Det første innslaget blir introdusert slik:
«Vi skal til Vinje, for i nyhetene hørte vi at lederen i Vinje Arbeiderparti tar avstand fra en påstand om at innvandrere er overrepresentert i de kriminelle miljøene. Påstandene ble satt frem av et medlem av lokalpartiet i et leserinnlegg i Vest Telemark Blad i forrige uke. De siste årene har Vinje tatt imot 70 flyktninger fra Somalia, og det er dette som har skapt sterke brytninger i Vinje Arbeiderparti».
Deretter blir leiar i Vinje Ap, Tore Strømme, beden om å kommentera to sitat frå Mjaugedals innlegg: «At ein urimelig stor andel i det kriminelle miljøet er rekruttert frå innvandrarar», og vidare at debatten har » late att augo for alt det negative og primitive ved kulturar som ikkje har kome så langt i utviklinga».
Strømme blir også stilt spørsmål om kva Vinje Arbeidarparti synes om flyktningepolitikken til Vinje kommune.
Seinare blir også leiaren i Telemark Ap, Gunn Olsen, intervjua om dei samme utsagna. Ho er ikkje villig til å kommentera saka, og meiner at denne saka er Vinje Ap sitt bord. Reportaren stiller spørsmål om Gisle Mjaugedal bør vurdera sitt medlemskap i Ap. Olsen har ingen kommentar til spørsmålet. Avsluttingsvis spør reportaren om arbeidarpartiet vil vurdera ein eksklusjon av Mjaugedal. » Det synes jeg ville være helt utenkelig «, avsluttar Gunn Olsen.
I det tredje innslaget er SVs Karin Vestrin intervjua. Ho er skuffa over at verken Vinje Arbeidarparti eller Telemarks-leiaren tar avstand for det ho kallar flyktninghetsen frå Gisle Mjaugedal. Ho utfordrar sin tidlegare partifelle, no Ap-mann Børre Rønningen, om å koma på banen. «Børre Rønningen som har vært mangeårig medlem av SV, står for en helt annen flyktningpolitikk enn det Gisle Mjaugedal tydeligvis legger opp til».
I det fjerde innslaget reagerer også Telemark AUF, ved Sindre Beier, på at Gunn Olsen i Telemark Ap ikkje vil ta standpunkt i debatten. Han meiner at Gunn Olsen skulle tatt avstand frå Maugedal sine innlegg. «Fordi det er jo noe som ikke er i tråd med Aps politikk. De beskrivelsene som er i det innlegget synes jeg det er litt feigt å ikke ta avstand fra».
KLAGEN:
Klagaren, Gisle Mjaugedal , meiner at NRK-Telemark har forvrengt hans syn . «Eg opplever at motivet frå NRK-T ikkje har vore å føre ein redeleg flyktninge- eller rasismedebatt. Johs. Apold starta med lausrivne sitat frå mitt andre avisinnlegg, sette fram påstandar om dette var rasisme, og slik skrudde og vinkla debatten opp til dei store høgder, ja faktisk
slik at reporteren fann det passande å spørje leiaren i Telemark Ap om eg burde ekskluderast.»

Klagaren skriv at han var utanlands i perioden 17.12 til 31.12, og var dermed ikkje i landet då debatten gjekk føre seg i NRK. «Eg aksepterer ikkje å bli halden utanfor denne
debatten, som eine og åleine gjekk på min person. Eg vil ha meg fråbeden at NRK set rasisme-stempel på meg..». Majugedal viser til første setning, andre avsnitt i etikkheftet under overskrifta «Hva er presseetikk?», og siterer: «De etiske normene og den selvjustis som pressen driver, er i første rekke ment å beskytte enkeltpersoner mot krenkende og skadelig publisitet.» Vidare hevdar han brot på punkt 4.1, om saklighet og omtanke, og punkt 4.4, om at ein har gått lengre i introduksjonar enn det er dekning for.
TILSVARSRUNDEN:
NRK-Telemark viser i sitt tilsvar til at fleire lesarinnlegg stilte spørsmål om Gisle Mjaugedal skreiv sine innlegg som talsmann for Vinje Arbeiderparti . «I sitt innlegg den 15.12 ber Omdal Vinje Arbeiderparti klargjere om partiet stiller seg bak Mjaugedal.» Vinje Arbeiderparti svarar med innlegg den 19.12. NRK- Telemark skriv at dei tok kontakt med leiaren i Vinje Arbeiderparti, Tore Strømme, og ba om klargjering på spørsmålet om dei stilte seg bak Gisle Mjaugedal. Intervjuet blei sendt 22.12.98.
NRK- Telemark fører vidare at dei prøvde å få kontakt med Mjaugedal den 20.12 utan å lykkas. «Sjølv om Mjaugedal hadde vore tilgjengeleg, er det ikkje automatikk i at me ville ha intervjua han. Me fokuserte hovudsakleg på Arbeidarpartiet si haldning til saka, noko som må vere legetimt og meir interessant etter vårt syn.» (..) «NRK-Telemark har omtalt kløyvinga flyktninge-debatten og den pågåande nominasjons-prosessen skaper i partiet – jamfør intervju med Gunn Olsen i Telemark Arbeiderparti den 22.12, og «AUF om Gunn Olsen» samme dag».
NRK-Telemark kan ikkje sjå noko brot på Vær- Varsom-plakaten i denne saka.

Klagaren fører i sitt tilsvar at NRK-Telemark konstruerer ei kløyving i Vinje med det føremål «å ramme meg og Børre Rønningen framfor nominasjonsprosessen».
Vidare kan ikkje klagaren sjå at NRK-Telemark har rett når det blir påstått at kanalen har hatt fleire reportasjar om saka. «Meg bekjent var det ved eitt einaste høve, nemleg eit kommunestyremøte der flyktningesak var på kartet.» Klagaren meiner at ikkje alle syn fekk koma fram i debatten. «NRK-T har ikkje bidratt til sakleg opplysning og debatt, men bare vulgær og forsimpla sensasjonsoppslag.»

NRK-Telemark fører i sitt siste tilsvar at «det er vår oppgåve å spegle aktive debattar i det offentlege rom slik som den Mjaugedal starta med sine avisinnlegg om flyktningepolitikken.(..) Me meiner me gjennom vår dekning har spegla vesentlege deler av debatten, og gjort det på ein ryddig måte.»
Klagaren framheld i ein siste kommentar til NRK Telemarks tilsvar at NRK ikkje har spegla debatten, men einsidig tatt for seg hans person. Vidare påpeikar klagaren at redaksjonen burde droppa saka då dei ikkje fekk tak i han på telefon.
PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:
Klagen gjeld fire innslag i NRK Telemark, der ein navngjeven Ap-politikar i Vinje kommune, er klagaren. Han hevdar at lausrivne sitat frå hans lesarinnlegg i Vest-Telemark Blad er blitt brukt til ein debatt i NRK-Telemark om flyktningepolitikken i Vinje i desember 1998, utan at han fekk koma til orde. Klagaren skriv at innslaga gjekk på han som person, og at NRK sette eit rasisme-stempel på han. Vidare hevdar klagaren at NRK-Telemark har gått lengre enn det dei har dekning for i stoffet, og ikkje vist sakliste og omtanke.

NRK-Telemark meiner at denne debatten ikkje handlar om person, men om Vinje Ap. Dei har kontakta klagaren utan å få svar, og opplyser at denne var bortreist i den aktuelle perioden. NRK legg likevel vekt på at det ikkje er nokon automatikk i at han ville blitt intervjua i denne saka. Vidare legg dei fram at ein aktiv debattdeltakar som klagaren, må tola at utspela vert utsett for eit kritisk lys.

Pressens Faglige Utvalg viser til at klagaren, som er eit aktivt medlem i Vinje Arbeidarparti, sjølv har tatt initiativet til ein debatt om eit kontroversielt tema. Utvalet meiner at NRK-Telemark var i sin fulle rett til å føra debatten vidare med utgangspunkt i innlegga. Som politikar og offentleg person må klagaren tola eit kritisk søkelys på, og debatt om, eigne utspel, utan at det fører med seg ein rett til samtidig å imøtegå påstandane. Etter utvalets meining er innslaga innanfor pressa sine rammer for saklighet og omtanke.
NRK Telemark har ikkje brote god presseskikk.
Oslo, 23. mars 1999
Sven Egil Omdal,
Odd Isungset, Thor Woje,
Grete Faremo, Brit Fougner