NN mot Sogn Avis

PFU-sak 040/16


SAMANDRAG:

Sogn Avis publiserte måndag 22. februar 2016 ein artikkel om at rådmannen i Sogndal melder ein bloggar til politiet. I ingressen sto det:

«Påstandar mot enkelte tilsette i kommunen er så alvorlege at rådmann Jostein Aanestad melder ein bloggar til politiet. Sjølv bryr han seg ikkje om å bli skulda for å ha blod på hendene.»

 Vidare sto det:

 «Det er ein bloggar i Sogndal som den siste tida har sett fram skuldingar av ein så alvorleg, trakasserande og sjikanøs karakter at rådmann Jostein Aanestad og ordførar Jarle Aarvoll har vore i dialog med politiet.

I ein e-post til samtlege medlemmer i kommunestyret onsdag omtalar ordføraren denne saka. Han skriv: ‘Kommunestyret med fleire, tek imot mange ulike mailar med diverse skuldingar og trakasseringar av rådmann og andre tilsette i Sogndal kommune. Terskelen for kva ein skal tola set eg meg ikkje til doms over, men eg er oppteken av at alle skal bli varetekne. Eg følgjer dette opp saman med rådmann og mitt råd er at de ikkje treng lesa alt som de vert tilsend’.»

Ordføraren kommenterer eposten han har skrive, og seier mellom anna:

«– Eg meiner at me skal tola mykje, men når det kjem folk til meg, fleire også folkevalde, og seier at dei blir fysisk sjuke av å lesa desse påstandane, så må eg gjera noko. Det er fleire tilsette som blir trakasserte i ulike saker og dette er bakgrunnen for at eg sende ut denne e-posten, seier ordførar Aarvoll.»

«– Ytringsfridomen står og skal stå sterkt, heldigvis, og kanskje burde me ikkje visa slike utsegner merksemd i det heile. Så får politiet ta stilling til om dei påstandar og dei karakteristikkar som er ytra mot namngjevne personar er akseptable, seier ordføraren.»

Under mellomtittelen «Mappe» refererer Sogn Avis frå nokre av epostane den omtala bloggaren skal ha skrive:

«Påstandar som ‘Sogndalrådmann Jostein Aanestad har no fått blod på hendene sine’ og ‘Slik situasjonen er no, kan det kome meir blod på hendene kva tid som helst’.

Og om ein namngjeven søkjar til ei stilling i kommunen skriv vedkomande: ‘ … eit konfliktskapande menneske med personlege eigenskapar og haldningar som vil føre til store problem i arbeidsmiljøet i kommunen’.»

Artikkelen blei også publisert i papirutgåva, og her var saka hovudoppslag på førstesida med følgjande hovud- og undertittel:

«Kontakta politiet om trakassering.
– Tilsette blir fysisk sjuke av å lesa påstandane.»

KLAGA:

Klagar er den omtala bloggaren, som meiner han skulle fått høve til «å imøtekomme opplysningane som vart trykt i avisa». Han skriv: «I artikkelen vert det påstått at tilsette og folkevalde «seier at dei blir fysisk sjuke av å lesa desse påstandane» og «Det er fleire tilsette som blir trakasserte i ulike saker». (…) Sogn Avis må gjerne skrive som dei vil, så lenge eg får imøtekomme påstander. (…) Det er ganske grovt å påstå at nokon blir «fysisk sjuke». Det er feilaktig presentasjon av saka, og har til føremål å sverte meg som har gravd fram kritikkverdige opplysningar gjennom m.a. innsyn i saker hjå Arbeidstilsynet, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og andre forvaltningsorgan.»

Klagar opplyser også: «Då eg spurte avisa om å få sende inn tilsvar fekk eg nei.»

På bakgrunn av ovannemnde meiner klagar at Sogn Avis har brote punkt 4.14 og 4.15 i Ver Varsam-plakaten.


TILSVARSRUNDEN:

Sogn Avis avviser klaga. Ansvarleg redaktør kan ikkje sjå at «påstanden frå ordførar om at ‘folk blir fysisk sjuke av å lesa dette’ [er] av ein [s]å alvorleg karakter at det utløyser samtidig imøtegåing». Han skriv: «Eg konstaterer at bloggaren, som altso sjølv skuldar rådmannen for å vera skuld i eit dødsfall, meiner at, sitat: ‘Det er ganske grovt å påstå at nokon blir «fysisk sjuke» av å lesa det han skriv.’ Igjen, eg kan vanskeleg sjå korleis bloggaren skulle kunne imøtegå ein slik påstand frå ordføraren, og meiner at desse kommentarane – om eit innhald som altså ligg ope på denne bloggen – ikkje er av ein slik karakter og styrke at det er i strid med verken 4.14 eller 4.15 i Ver Varsam-plakaten. I tillegg er altså bloggaren også anonymisert. Det må også leggjast til at dette – på alle måtar – også er ein del av ei ‘løpende meningsutveksling’.»

Sogn Avis opplyser at det berre har vore dialog mellom ansvarleg redaktør og klager via e-post. I denne samanheng skal klagar ha forlanga å få på trykk eit tilsvar som ansvarleg redaktør vurderte «som heilt uaktuelt å publisera».

Sogn Avis viser til punkt 3.9 i Ver Varsam-plakaten som argumentasjon for at avisa valde å anonymisere bloggaren.

Klagaren viser til framsida av avisa, og meiner at det her ikkje går fram av titlane at «fysisk sjuke» er «ein udokumentert påstand, og at den kjem frå ordføraren». Klagar skriv: «Ein må lese veldig langt og lenge for å finne fram til det. Slik artikkelen er presentert kan den gje inntrykk av at dette er fakta. Slik er det ikkje. Eg kan ikkje sjå at ein redaktør skal førehandssensurere mitt tilsvar. Det blir ståande i heimeteikn.»

Vidare viser klagar til det redaktøren skriv om innhald som ligg ope på bloggen: «Det er ikkje tilfelle at alt ligg ope på bloggen. Det som ligg på bloggen er skjerma opplysningar, sladda pga. teieplikt. E-posten som var sendt kommunestyret inneheld teiepliktige opplysningar som redaktøren spreidde delvis i avisa. Men kommunestyret er kompetent til å handsame teiepliktig informasjon. Om kommunestyret lekker informasjon vidare, så er ikkje det mitt ansvar.»

Sogn Avis har ein sluttmerknad: «For ordens skuld – når me skriv om det som ligg ope – så gjeld det dei ytringane som er refererte i sjølve saka, ikkje alt innhald som finst på denne bloggen.»

 

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALAR:

Klaga gjeld ein artikkel og ei framside i Sogn Avis om at rådmannen og ordføraren i Sogndal melder ein bloggar til politiet. Årsaka er at bloggaren skal ha sendt e-postar med alvorlege skuldingar og trakassering til rådmannen og andre tilsette i kommunen.

Klagar er bloggaren, som meiner han skulle fått imøtegå påstandane frå ordføraren og rådmannen. Slik klagar ser det, går det ikkje fram av titlane på framsida av papirutgåva at påstanden om at tilsette «blir fysisk sjuke» er «ein udokumentert påstand», og ikkje fakta. Klagar reagerer også på at han er nekta tilsvar, og meiner saka er feilaktig presentert og «har til føremål å sverte» han.

Sogn Avis avviser klaga og kan ikkje sjå at verken retten til samtidig imøtegåing eller tilsvar er utløyst. Avisa peiker på at klagar er anonymisert, og viser i denne samanheng til punkt 3.9 i Ver Varsam-plakaten (VVp). I tillegg opplyser ansvarleg redaktør at det var uaktuelt å publisere det klagar forlanga å få på trykk. Slik Sogn Avis ser det, er omtalen dessutan ein del av ei løpande meiningsutveksling.

 

Pressens Faglige Utvalg konstaterer at omtalen gjeld klagar, og at han verken har fått høve til å ta til motmæle samtidig eller i etterkant av publiseringa. Spørsmålet er om han hadde rett på noko av dette.

Utvalet minner om at retten til samtidig imøtegåing gjeld høvet til å imøtegå faktiske opplysningar ved sterke skuldingar (VVp-punkt 4.14), medan retten til tilsvar (VVp-punkt 4.15) gjeld meiningsåtak.

Sjølv om ein kan diskutere om alle påstandane klagar viser til, er sterke skuldingar av faktisk art, meiner utvalet at det å bli skulda for å trakassere og meld til politiet av ordførar og rådmann, er sterkt nok til å utløyse retten til samtidig imøtegåing.

Når det gjeld tilsvaret frå klagar som Sogn Avis ikkje ville setje på trykk, minner utvalet om at redaksjonar kan nekte tilsvar. Dette kan skje til dømes når «åtak og kritikk inngår som ledd i ei løpande meiningsutveksling» eller tilsvaret ikkje er av rimeleg omfang, ikkje held seg til saka og ikkje har ei anstendig form (jf. VVp-punkt 4.15). I denne saka meiner utvalet ein kan argumentere for at klagar ikkje held seg til saka. Utvalet vil likevel minne om at når tilsvarsretten er utløyst, og redaksjonen finn at han ikkje kan publisere tilsvaret i den forma det er motteke, meiner utvalet at redaksjonen skal gi han/ho som har skrive tilsvaret, ei tilbakemelding og høve til å formulere seg om att.

Slik utvalet ser det, er det likevel retten til samtidig imøtegåing som er det sentrale her, og Sogn Avis skulle ha kontakta klagar for ein samtidig kommentar. Utvalet registrerer at Sogn Avis ikkje har nytta namn eller bilete på klagar, men kan ikkje sjå at dette veg opp for fråværet av ei samtidig imøtegåing. I denne samanhengen vil utvalet også peike på at retten til imøtegåing ikkje berre er til med tanke på parten som blir utsett for skuldingar, men også av omsyn til lesaren.

Sogn Avis har brote god presseskikk.

Oslo, 30. mars 2016

Alf Bjarne Johnsen,
Tone Angell Jensen, Øyvind Brigg, Alexandra Beverfjord,
Reidun Førde, Camilla Serck-Hanssen