Den store journalistprisen til Finn Graff og Per Egil Hegge
Den store journalistprisen går i år til Finn Graff og Per Egil Hegge.
Her er talen og begrunnelsen fra juryleder Harald Stanghelle:
Norsk mediebransje er samla her i Bergen i ei tid då vi veit at den frie journalistikken både internasjonalt og nasjonalt er under press.
Under press frå autoritære samfunnstrendar som avskyr det uavhengige og kritiske ved den.
Under press frå lyden av ein gong så solide forretningsmodellar som no vaklar.
Og under press frå stadig meir høgrøysta kretsar som foraktfullt definerer dei redaktørstyrte medienes journalistikk som «fake news» og «MSM»
Kretsar som gjerne dyrkar vrengebilete og konspirasjonar.
Som gjer sitt beste for å undergrava betydningen av den frie journalistikken.
Det er ofte dei same kretsane som devaluerer kvaliteten på samfunnsdebatten.
Og som på sitt verste kan veksa fram som demokratiets trojanske hest.
Ja, i ei tid der vi både som samfunn og bransje opplever store hamskifte er det nok av krevande utfordringar.
Svaret frå oss i mediebransjen må vera trua på kvalitetsjournalistikken.
Den må vera vårt evangelium.
Mot ein slik mollstemt resonansbotn gjev arbeidet i juryen for Den store journalistprisen grunn til optimisme.
Juryen har hatt det privilegium å kunna velgja mellom det beste av den journalistikk som vert signert her i kongeriket.
På bordet vårt har vi hatt journalistikk til å verta glad for.
Til å beundra.
Journalistikk som set samfunnsprosessar i bevegelse.
Som rører sinna.
Og som endrar oss som menneske og samfunn.
Både kvar seg og samla er dette journalistikk som viser fram det meiningsfulle i det vi driv med.
Og som minner oss om at den journalistikken har vi mykje av i dette landet.
Juryen – som har bestått av Kirsti Husby, MBL, Silje Hovland, TV2, Tove Lie, Fagpressen, Ole Torp, NRK, Finn Våga, Norsk Journalistlag og altså underteikna frå Norsk Redaktørforening – har vore seg svært bevisst på at prisen skal oppmuntra til, og heidre kvalitet i journalistikken.
Men juryen har i år også vore svært bevisst på at i kvalitetsjournalistikkens hus er det mange rom.
Kvalitetsbegrepet gjev berre meining når det gjennomsyrar alle delar av den mosaikk som i sum utgjer ekte journalistikk.
Vi kjenner jo alle det hektiske nyheitsbildet og den kakafoniske lyden av døgnets pulsslag.
Men vi veit også at det finst journalistikk med ein annan rytme.
Og nettopp i år ynskjer juryen å peika på to vidt ulike felt som aldri tidlegare er heidra med Den store journalistprisen.
Så har eg altså røpa at det er to svært ulike vinnarar, men som likevel det er lett å slå ein fellesnemnar rundt.
For begge må finna seg i å verta kalla institusjonar i vår norske medieverd.
Likevel er begge internasjonalistar i form og legning.
Dei to vinnarane inviterer begge til reaksjoner og debatt.
Ingen av dei er det hefta noko likegyldig ved.
Og viktigst for juryen:
Begge vinnarar dyrkar og oppmuntrar til kvalitet.
Den første av desse to er den satiriske meisteren, krasse kommentatoren, alternative tolkaren og glitrande portrettøren FINN GRAFF i Dagbladet.
Vi treng å minne kvarandre på kor sterkt avisteikninga står i i norske medier.
Ein lag og ærerik tradisjon der stadig nye generasjonar teiknarar har teke opp arven frå gigantar som Olaf Gulbrandson og Ragnvald Blix.
Den spissa karikaturen såvel som det slåande portrettet er sjølvaste saltet i mange av våre medier.
Og på framifrå vis beherskar Finn Graff begge desse sjangrane, slik han også kan by på vare naturteikningar og uttrykksfulle bybilde.
Finn er av desse få utvalde som ser så skarpt og så klårt at han får også oss andre til å oppdaga nye sider ved ei sak, ein person eller maktas institusjonar.
Han er treffsikker og nådelaus.
Han gjev oss alternative tolkningar, nye utfordringar og varme portrett.
Han skapar begeistring og ubehag, glede og irritasjon.
Hans stayereigenskapar er knapt til å fatta.
I 55 samanhengande år har han dagleg kommentert vår ofte like forvirrande som forvirra verd.
I Arbeiderbladet (no Dagsavisen) frå 1963, så sidan 1988 i Dagbladet.
Det er en journalistisk maraton der teiknaren, som seinare i år fyller 80, enno ikkje har brote målsnora.
Stadig inviterer han oss til å utvida blikket vårt på det som skjer på samtidas offentlege scene.
Finn Graffs makker som årets prisvinnar er heller ingen novise på journalistikkens arena.
Også han får prisen for arbeidet med eit ofte like underkjent og naudsynt område i norske medier.
Difor går Den store journalistprisen for 2017 til den uthaldande og glitrande, underhaldande og pedagogiske språkrøktaren PER EGIL HEGGE i Aftenposten.
Med den tilsynelatande uunnseelige spalten «Språket vårt» har Per Egil herja med språkmisbrukarar frå alle samfunnslag.
I norsk presse er det ingen som har betydd meir for norsk språkrøkt enn nettopp han.
Per Egil Hegges prosjekt har heile tida vore kampen for eit tydelegare og betre språk.
Spaltene hans har aldri handla om knusktørr gramatikk eller slavisk regelrytteri.
Nei, med sin sjeldant breide journalistiske bakgrunn har Per Egil makta å kvelva ein himmel over sine daglege 1800 teikn.
Spekkfull av opparbeida kunnskap, historie, polemikk og referansar.
Dette er metoden, sjølv når han formidlar sin språkkunnskap og bedriv sin språkrøkt i det vesle spalteformatet.
Per Egil Hegge har levert spalten «Språket vårt» i 5114 dagar.
Kvar einaste avisdag gjennom 14 år, og gjennom heile 2017.
Eg må nesten gjenta dette talet: 5114.
Knapt nokon spaltist i norsk pressehistorie har prestert noko tilsvarande.
Det prisverdige – i ordets eigentlege meining – er likevel den kvalitet kvar einskild spalte representerer.
Kvar for seg er dette eit lite stykke heilt unik journalistikk.
Prisen til Per Egil Hegge og hans språkspalte er ein stor pris til viktig journalistikk i det lille format.
Årets tildeling er ingen pris for lang og tru teneste, sjølv om både Finn og Per Egils teneste har vore både lang og tru.
Tildelinga er ei hyllest for det prisvinnarane har gjeve oss i 2017.
Men det må likevel nemnast at nettopp i år er det 50 år siden Per Egil Hegge vart tildelt den tidas gjevaste journalistpris, Narvesen-prisen.
Den fekk han for dekninga av den sovjetiske invasjon i Tsjekkoslovakia i august 1968.
Slikt seier det meste om ei lang, lang teneste for kvalitet i norsk presse.
Så ein siste parentes: Også for 50 år sidan måtte Per Egil dela prisen med ei Dagblad-legende, nemlig Arve Solstad!
Kjære Finn Graff og Per Egil Hegge!
En varm takk for innsatsen.
For stimulansen.
Og for kvaliteten!
Gratulerer og velkomen på scena for å ta i mot Den store journalistprisen for 2017!
Om prisen:
Den store journalistprisen deles ut årlig i regi av Norsk Presseforbund, og er på 100 000 kr. Bak prisen står: Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening, NRK, TV 2 og Fagpressen.
Juryen har bestått av:
Harald Stanghelle, NR (juryleder)
Finn Våga, NJ
Kirsti Husby, MBL
Ole Torp, NRK
Silje Hovland, TV 2
Tove Lie, Fagpressen