Ordfører Jorunn S. Vetsbø mot Øyposten

PFU-sak 175/02


SAMMENDRAG:
Øyposten brakte torsdag 19. september 2002 ein reportasje under tittelen «Personalarbeid i krise». I ingressen står det:

«Finnøy kommune får ikkje sving på personalarbeidet sitt. På ny ser det ut at kommunen må ut og leita etter ny personalsjef».

I teksten går det fram at «personalsjef Tone B. Paulsen har vore langtidssjukmeld sidan tidleg i sommar. Ho skulle vore tilbake den 16. september, no er ho sjukmeld ut oktober?Etter det Øyposten kjenner til grunnar sjukmeldinga seg i den omorganiseringa Finnøy kommune har vore gjennom siste året og at Paulsen har møtt veggen slik fleire av dei som har hatt stillingane før henne har vore utsett for».

Det framgår at dagens personalsjef er den fjerde som har hatt stillinga på kort tid. «No tyder alt på at Finnøy kommune på ny kan bli kasta ut i ein ny rekruttering av ny personalsjef som blir den sjette på om lag ti år. Rådmann Magne Kongsvik og personalsjef, Tone B. Paulsen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til saka.»

Øyposten hadde torsdag 26. september ein liten notis under tittelen «Vil ikkje kommentera stoda» . Her framgår det at personalsjefen ikkje vil kommentera «om ho fortset i jobben eller planlegg å seia opp. -Eg vil ikkje svara på dette så lenge eg er sjukmeld.».

KLAGEN:
Klagaren er ordføraren i Finnøy med samtykke frå personalsjefen. «Når eg reagerer, er det ut frå det eg som ordførar meiner er eit grovt overtramp i forhold til ein av dei tilsette i Finnøy kommune som diverre var sjukmeld i sommar. Det er greit at avisa må og vil skrive om Finnøy kommune sin personalpolitikk, men det må vere ein balanse slik at dette ikkje går personleg ut over ein i dette tilfelle ?uskuldig?? Eg kjenner eit ansvar for at våre tilsette ikkje skal lese i avisa at dei har møtt veggen . Dette sjølvsagt ut frå at dei ikkje har snakka med avisa sjølv».

Klagaren meiner også at avisas grunnlag for oppslaget er svakt, og viser til at avisa overfor ho berre har vist til at «det var så mange som hadde vend seg til Øyposten og sagt det var slik». Klageren viser til at ho har bede Øyposten beklaga «det som ?råka? personen som er sjukmeld. Det har ikkje til d.d. kome noko svar eller reaksjon frå redaktøren/avisa på dette brevet».

TILSVARSRUNDEN:
Øyposten viser til at avisa har tatt kontakt med personalsjefen for å søkja ei minneleg ordning. «Då viser det seg at ho eigentleg ikkje var innstilt på ei stemning av denne saka til PFU. » Og redaksjonen siterer personalsjefen: «Klagens grunnlag kan eg vanskeleg gjera greie for då det er ordføraren i Finnøy som klagar på oppslaget i ØP. Sjølv var eg ikkje innstilt på å klaga på det som står i artikkelen. Eg følte meg berre indirekte råka av saka?Etter oppfordring frå ordføraren skreiv eg eit brev som gir ordføraren rett til å prøve si sak overfor det som kjem fram i artikkelen».

Øyposten viser til at det har vore «ein ustabil situasjon på personalsida i Finnøy kommune» dei siste 10 åra. «Det har vore ei unormal stor utskifting i stillinga som personalansvarleg». Redaksjonen viser til eit brev ein tidlegare personalsjef skreiv etter at ho sa opp jobben etter nokre månader. I brevet skal ho ha kritisert «den måten leiinga i kommunen prioriterte og utførte personalarbeidet på?Dette er eit syn som langt på veg blir stadfesta av to tidlegare personalssjefar i Finnøy kommune».

Redaksjonen påpeikar at det ikkje gjekk lang tid før den omtalte personalsjefen blei sjukmeld. «Symptoma var dei same. Finnøy kommune var gjennom eit større omorganiseringsarbeid som var sluttført våren 2002?Stadig fleire tok spørsmålet opp med avisa om at dei tilsette trur sjukmeldinga endar opp i at kommunen på ny må gjennom ei personalsjefrekruttering».

Øyposten hevdar at saka er sjekka på fleire hald, men viser til at «slike saker er kjenselvare og at det er generelt vanskeleg å få personar til å stå fram med systemkritikk overfor kommunen» . Redaksjonen hevdar også at dei forsøkte å koma i kontakt med personlasjefen, men utan å lykkast. Heller ikkje då dei fekk kontakt med personalsjefen etter publiseringa skal ho ha ønskt å kommentera saka.

Avslutningsvis opplyser Øyposten at «Paulsen kom tilbake i stillinga i oktober etter sjukmeldinga, men har no sagt opp og forlet Finnøy i januar».

Klagaren held fast på at det var galt av Øyposten å omtala den sjukmelde personalsjefen. «Eg meiner redaktøren gjer eit overtramp i måten han omtalar henne som i uttrykket ?har møtt veggen?, og spekulasjonar knytta til hennar situasjon medan ho er sjuk og ikkje ynskjer å snakka med pressa».

Øyposten har ikkje andre kommentarar.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALAR:
Klagen gjeld ein artikkel i Øyposten der det vert opplyst at ein namngjeven personalsjef har ?møtt veggen? og er sjukmeld etter ei omorganisering i Finnøy kommune. Klagaren, ordføraren i kommunen med samtykke frå personalsjefen, meiner avisa gjer eit overtramp ved å spekulera rundt personalsjefens sjukmelding. Klagaren kan ikkje sjå at Øyposten har grunnlag for å hevde at personalsjefen «møtte veggen» på grunn av omorganiseringa i kommunen.

Øyposten viser til at det har vore ein ustabil situasjon på personalsida i Finnøy kommune dei siste 10 åra, med mange utskiftingar av personalansvarlege. Redaksjonen hevdar at saka er sjekka på fleire hald, men viser til at det er vanskeleg å få personar til å stå fram med systemkritikk overfor kommunen. Redaksjonen hevdar også at den forsøkte å koma i kontakt med personalsjefen utan å lykkast, og at ho heller ikkje i ettertid har ønskt å gje nokon kommentar.

Pressens Faglige Utvalg meiner Øyposten var i sin fulle rett til å setta søkelyset på kommunens personalsjefproblem, og noterer seg at Finnøy kommune i ei årrekke har hatt ein ustabil situasjon på personalsida.

Utvalget konstaterer at kritikken rettar seg mot kommunen som ikkje får «sving på personalarbeidet sitt», og ikkje mot den sjukmelde personalsjefen. Sjølv om omtalen av sjukmeldinga kan opplevast som belastande for personalsjefen, meiner utvalget at Øyposten på ein sakleg måte har greidd ut bakgrunnen for situasjonen i kommunen. Utvalget merkar seg at opplysningane omkring sjukmeldinga skal væra kontrollert med fleire kjelder, og at desse ikkje er bestridt av personalsjefen.

Øyposten har ikkje brote god presseskikk.

Oslo, 28. januar 2003
Thor Woje,
Catharina Jacobsen, John Olav Egeland, Odd Isungset,
Grete Faremo, Jan Vincents Johannessen, Camilla Serck-Hanssen