Trygve Sandven mot Bømlo-Nytt

PFU-sak 083/00


SAMMENDRAG:
Bømlo-nytt kom 5. mai 2000 med ein artikkel under tittelen «Lensmannsbetjentar meldt til SEFO». I ingressen heiter det :
«Tysdag i forrige veke var ein mann frå Moster til lensmann Færestrand ved Stord lensmannskontor for å melda to av betjentane ved Bømlo lensmannskontor. Saka er oversend til Hordalands politikammer, som har sendt det heile vidare til SEFO».
I teksten går det fram at hendinga skriv seg frå ein «langvarig vegstrid» om folks rett til å ferdas gjennom eit gardstun. Eit eldre ektepar, som ikkje lenger bur der, eig jorda og paktar denne til ein slektning «i det andre huset ? og slik at det nærast er eit tun mellom desse to husa».
Konflikten tok til då ein mann «absolutt ville passera gjennom dette tunet og innover i marka» . Det framgår at turgåarene tidlegare har vore i konflikt med eigarane og paktaren. «Denne turgåaren skal tidlegare ha kome med sterke trugsmål mot paktaren. Slike trugsmål vart visstnok sett fram også på langfredag». Då turgåaren vart nekta å passera, kontakta han politiet. «Lensmannsvakta snakka med paktaren på telefon, og avtala at turgåaren i kveldinga kunne ta turen innom for å syna fram dei papira som han sa han hadde og som skulle prova at han hadde rett til å ferdast på denne staden». Dette skal turgåaren ha avvist.
Politiet skal ha møtt turgåaren og to andre menn vel hundre meter frå «konfliktområdet», men berre dei tre mennene gjekk fram til grunneigaren og paktaren. «Paktaren stoppa dei i tillegg fysisk ved ? etter hans eige utsegn ? å halda nevane mot brystkassa til dei tre turgåarane. Då dette skjedde, skal politiet ha rykka inn, og lagt paktaren i bakken. Paktaren vart etter dette sjukmeld, og måtte til lege både «langfredag, påskedag og fredag etter påske» . «Til Bømlø-nytt fortel både grunneigar og paktar at turgåaren frå langfredag på påskeaftan hadde med seg seks andre og gjekk forbi på tur, noko som dei ikkje kan oppfatta som anna enn ein rein provosering».
Måndag 8. mai publiserte Bømlo-nytt eit lesarinnlegg under tittelen «Om vegrett, trugsmål, politi og SEFO» . Innlegget er skrive av den omtala «turgåaren», som reagerer på redaktørens kjeldebruk. «Artikkelen er etter mi meining eit skuleeksempel på korleis sanninga kan bli snudd på hovudet dersom ikkje forfattaren undersøkjer kjeldene sine».
«Når det gjeld påstandane i artikkelen, så er det ikkje mi meining å gå inn i ein polemikk med redaktøren av Bømlo-nytt. Eg vil berre kort nemna at det faktisk går ein skogveg gjennom det såkalla ?gardstunet?. Det er rett at det har stått strid om denne skogsvegen. Det har gått føre seg slik at det ?eldre ekteparet? og ?paktaren? svært ofte kjem ut i vegen og skjeller ut, truar, bannar til og fysisk stoppar folk som passerer på vegen». Skribenten avviser påstandane om at han skal ha kome med sterke trugsmål, og viser til at ?paktaren? tidlegare har meldt han for dette, men at den saka er henlagt av Hordaland politidisktrikt .
«Dersom redaktør Ovesen hadde tatt seg bryet med å snakka med andre som bur langs denne vegen, så trur eg at han hadde fått eit nokså eintydig bilete av kven som er den aggressive parten i denne striden». Skribenten avviser også at han har kome med trugsmål, og viser til at han berre ringte politiet to gonger, ikkje åtte som det står i artikkelen.

KLAGEN:
Klagaren , Trygve Sandven, reagerer på «at redaktøren har late den eine parten setja fram til dels grove skuldingar mot ein person ? i artikkelen nemnt som ?turgåaren? ? utan å gje han høve til å imøtegå dei samtidig». Klagaren reagerer også på måten artikkelen er skriven på. «Det går ikkje klart nok fram at det er berre den eine parten i striden som er kjelda for «saksframstillinga» og dei grove skuldingane» . «Etter dei opplysningar eg har fått frå ulike impliserte, har det heller ikkje vore gjort forsøk på å kontakta andre enn ?paktaren? eller ?det eldre ekteparet? for å få fram meir nyansert informasjon».

Sekretariatet ba klagaren om å presisera klagegrunnlaget, og å innhenta samtykke frå den part som eventuelt var direkte rørt av omtalen.

Klagaren kom etter dette tilbake med samtykke frå «turgåaren». Klagaren meiner at redaktøren er blitt brukt som mikrofonstativ for den omtala paktaren. «Han får einsidig koma med skuldingar mot lett identifiserbare personar i den redaksjonelle artikkelen».

TILSVARSRUNDEN:
Bømlo-nytt viser til at artikkelen måtta forklara kvifor paktaren melde dei to lensmannsbetjentane til SEFO, og at redaktøren av den grunn fant «det naudsynt å gå inn
på det som angivelig skulle ha skjedd denne langfredags ettermiddagen, attgjeven slik ?paktaren? og ?grunneigaren? forklarte det». Bømlo-nytt meiner det stod så lite om turgåaren i artikkelen at han ikkje «fann det naudsynt å snakka med han i samanhengen».
Redaksjonen viser til at «turgåaren», etter eige ynskje, fekk koma til orde med eit anonymt lesarinnlegg underteikna med «turgåaren». Vidare hevdar Bømlo-nytt at det klart framgår at det var «paktaren» og «grunneigarane» som var kjelder til artikkelen. Avisa påpeiker at den var sjølv på plassen hendinga skal ha skjedd. «Eg så også med eigne auge korleis ?paktaren? såg ut på ryggen, med eit kraftig opphovna og forslege parti i korsryggen. Denne observasjonen fann eg var med på å underbygga påstandane deira om kva som hadde hendt denne langfredagen».
Bømlø-nytt viser også til at den prøvde å få kontakt med dei to lensmannsbetjentane utan å lykkas.

Klagaren understrekar «at min klage ikkje gjeld omtalen av den Sefo-melde politiaksjonen, men det som vedkjem vegstriden og vurderinga av kjeldene her».

Bømlo-nytt har ingen ytterlegare kommentar.

PRESSENS FAGLIGE UTVALG UTTALER:

Klagen gjeld ein artikkel i Bømlo-nytt, der ein paktar melde to politimenn til Sefo, etter at dei greip inn i ein konflikt då ein turgåar vart nekta å passera gjennom eit gardstun. Klagaren, ein lesar på vegne av turgåaren, reagerer på avisas kjeldebruk, og meiner Bømlo-nytt braut god presseskikk då den ikkje kontakta turgåaren for kommentar. Etter klagarens syn er det framsett grove skuldingar mot denne.
Bømlo-nytt påpeikar at det var nødvendig å forklara bakgrunnen for at paktaren melde lensmennene til Sefo, og at det klart går fram at kjeldene er paktaren og gardeigarane. Bømlo-nytt meiner at omtalen av turgåaren i artikkelen ikkje kravde nokon tilsvarsrett, men viser til at klagaren fekk koma til orde med sin versjon av hendinga i eit anonymt lesarinnlegg.

Pressens Faglige Utvalg meiner Bømlo-nytt var i sin fulle rett til å omtala hendinga, og konstaterer at konflikten mellom dei omtala partane i artikkelen ikkje er av ny dato.
Utvalet meiner at avisa med fordel kunne ha innhenta ?turgåaren?s versjon av hendinga, men konstaterer at omtalen av klagaren ikkje er av ein slik art at kravet til samtidig imøtegåing automatisk trer i kraft. Utvalet bemerkar at klagaren neppe er identifisert ut over den krets som ellers ville ha kjennskap til hendinga, og legg til grunn at ?turgåaren?, anonymt, fekk koma til orde med sin versjon i eit lesarinnlegg.

Bømlo-nytt har ikkje brote god presseskikk.
Oslo, 24. august 2000
Thor Woje,
Catharina Jacobsen, John Olav Egeland, Odd Isungset,
Grete Faremo, Jan Vincents Johannessen, Marvin Wiseth